Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Me må snakke om krigen

Det er ikkje alltid gale å gå til krig. Det som er gale, er å ikkje snakke om kvifor me gjer det.

Norske jagerfly deltok i Operasjon Odessey Dawn i Libya i 2011. Her er eit av F-16-flya i Souda, Hellas etter landing. Foto: Lars Magne Hovtun / Forsvaret / NTB scanpix

Har ein politikar lov til å angre på noko han eller ho har gjort? Eller skal ein bite alt i seg, sjølv om ein samstundes hjelper til å grave endå meir jord over ei sak.

I slutten av juni valde Sp-politikar Liv Signe Navarsete å "snakke ut" om kva som skjedde då Noreg gjennom diverse sms'ar mellom utvalde, viktige politikarar slutta seg til Natos krig mot Libya i 2011.

18. mars 2011, slik Klassekampen gjengir historia, var Navarsete oppteken med landsmøtet i Senterpartiet. Midt i førebuingane krev statsminister Jens Stoltenberg at det blir teke stilling til om Noreg skal bidra i Libya-krigen eller ikkje. Navarsete seier til Klassekampen at ho bad om utsetjing. Ho var oppteken med landsmøtet i Sp. SV-leiar Kristin Halvorsen var på hytta. I statsråd same dag var ikkje norsk deltaking i Libya-krigen eit tema. Kva gjer du? Vedtek å gå til krig per sms.

Det er aldri lett å seia nei til å bombe despotar ut av palassa sine, eller jordholene. Men ingen kan med handa på hjarta seia at Irak, Afghanistan eller Libya er velfungerande demokrati i dag. I Afghanistan- og Libya-krigane hadde ikkje Noreg eigentleg eit val. Noreg er med i Nato – der er det alle for éin som rår, om det ikkje lenger er slik at Trumps USA er éin for alle.

Kvifor det har teke over sju år før me endeleg får rapporten som skal evaluere prosessen fram til deltaking i Libya-krigen, er eit mysterium.

Men i september 2001 og i mars 2011 var det framleis Natos mantra som gjaldt. Terroråtaka i USA vart sett på som eit åtak på ein medlem i Nato. FN gav i 2011 Nato mandat til å "beskytte sivile" mot Mohammad al-Gaddafi og hans styre. I Irak-krigen i 2003 var det annleis. Her var det verken eit FN-mandat eller eit Nato-mandat, og Noreg valde å stå utanfor, saman med fleire europeiske land.

Det er noko underleg å sjå kritikken Navarsete har fått i etterkant. VG og Ukeavisen Ledelse kritiserer Navarsete for ikkje å ha sagt frå der og då, og for å vera etterpåklok. I god Abid Raja-stil konkluderer Venstre-politikaren med at Sp og Navarsete må ha "fått noko att" for å gå med på krigen, sidan Sp jo er kjend som eit hestehandlarparti.

Generelt sett angrar for få politikarar på det dei har gjort. Om det er slik at dei ikkje skal ha lov til det, eller om dei ikkje skal kunne kritisere prosessar i etter kant, er det vanskeleg for verda å koma vidare.

Annonse

Dei 595 bombene norske jagarfly sleppte over Libya er det ikkje noko å gjera med i dag. Men det me kan gjera noko med, er måten norske politikarar diskuterer seg fram til krigføring på.

Det er inga lett oppgåve å vera dei som avgjer om Noreg skal gå i krig eller ikkje. Det skal det heller ikkje vera. Trass alt er det menneskeliv det handlar om, både norske og ikkje-norske. Når me sender soldatar ut for å krige for oss, skal me vita kva me gjer. Soldatane fortener også at det finst ein brei diskusjon om kven, kva, korleis og kvifor.

Oppsummert

Libya-krigen

1 I februar 2011 braut det ut opprør i Libya. Opprøret utvikla seg etter kvart til borgarkrig.

Internasjonal inngripen

2 Tryggingsrådet i FN vedtok ein resolusjon som opna for internasjonal inngripen for å verne om sivile.

Noreg si rolle

3 Noreg slutta seg til krigen gjennom rask behandling mellom ei handfull politikarar i regjeringa, som ikkje ein gong møttest.

Ikkje alle debattar kan ein ta i det offentlege. Men om det er slik som nestleiar i Sp og tidlegare statssekretær i den raudgrøne regjeringa Anne Beathe Tvinnereim skriv i Klassekampen 6. juli, er det grunn til å vera svært uroa. Ifylgje Tvinnereim er det nemleg ingenting som per i dag ville ha hindra at Noreg gjekk til krig på like overflatisk behandling som i Libya-krigen.

Men kvifor det har teke over sju år før me endeleg får rapporten som skal evaluere Noreg si deltaking i Libya-krigen, er eit mysterium. Det var ikkje før i fjor vår at det vart avgjort å setje i gang med ei uavhengig gransking av kva prosess som førde fram til Libya-vedtaket.

Tidlegare utanriksminister og Høgre-leiar Jan Petersen leiar arbeidet med rapporten. Vonleg vil me også i denne få svar på om Noreg si krigføring i Libya gjekk ut over mandatet frå FN.

Vonleg får me også ein breiare debatt om norsk krigsdeltaking enn me har hatt til no. Av ein eller annan grunn er det svært mykje enklare for det norske samfunnet å framleis diskutere opp og i mente ulike hendingar og avgjerder rett før og under andre verdskrigen.

Det er ikkje sikkert at utfallet ville vorte annleis med ei skikkeleg behandling i Stortinget. Men i vissa om at Noreg har vore med på å bidra til det uføret Libya er oppe i framleis i dag, bør det kunne vera både enklare å stå for tidlegare avgjerder, og meir forpliktande å gjera det.

Norske politikarar har gjennom sine vedtak vore med på å destabilisere regionar og land dei siste 17 åra. Kor smart det er å bombe i veg utan å ha ein klar plan for kva som skal koma etter, er definitivt noko som fortener offentleg debatt.

Fram til ei krigshandling er det mange interesser som gjeld. Det er på tide å få dei på bordet til offentleg debatt.

Neste artikkel

– Den beste beskyttelsen mot å miste suverenitet er å ta en plass ved bordet