Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Matprat fremjar importkjøtt

Korleis kan marknadsføring av norsk mat best gjerast? Gjennom opplysningskontora eller Matmerk?

Nyt norsk eller ikkje: Nyt Norge-merket har etablert seg som eit tydeleg merke for norsk mat. Kanskje burde bøndene bruke marknadsføringspengane på norsk mat, i staden for å finansiere importert kjøtt. Foto: Mariann Tvete

Landbruket bør i alle fall ta seg tid og rom til å drøfte om dagens løysing er den beste. Om det til dømes skal vera slik at storfebonden sine pengar skal gå til å fremje eit vegansk kosthald.

Bøndene finansierer i dag via omsetningsavgifta tre opplysningskontor; eitt for meieriprodukt, eit for brød og korn og eitt for egg og kjøtt. 100 millionar kroner går kvart år til å finansiere opplysningskontora, som har vore viktige og nødvendige for landbruket.

Men er det rett at dei same opplysningskontora skal sitje med ansvaret for marknadsføring? Eller er det mogleg å sjå for seg ein ein annan modell, der Matmerk får ansvar for denne delen av bøndene sine pengar?

Det er mange utfordringar ved dagens organisering av marknadsføringsmidlane. For det fyrste handlar det om det som blir kalla generisk marknadsføring, og som er det opplysningskontora driv med. Det tyder at ein marknadsfører ein kategori, til dømes storfekjøtt, som nettopp ein kategori. Det blir til dømes ikkje skild mellom norsk og utanlandsk kjøtt, ikkje fortalt kvifor du bør velje norsk framfor utanlandsk kjøtt, det blir ikkje reklamert for økologisk vs. konvensjonell, eller andelen grasfôra kjøt kontra kraftfôr, og korleis det påverkar kjøttet.

Pengar frå storfebøndene blir brukt til promotering av storfekjøtt. I ein periode der det har vore underskot av storfekjøtt, bruker altså bøndene pengar på marknadsføring også av importert biff frå Afrika eller Sør-Amerika.

Ein kunne til dømes sett for seg at det ville vore betre for norsk matproduksjon som heilheit, og ikkje minst bruken av utmarks- og beiteressursar, å heller bruke pengar på å marknadsføre norsk lam, i staden for biff frå Botswana, i periodar der det er overskot på det eine, og underskot på det andre. Eller at Matprat kunne køyrd på med reklame for salmonella- og fipronilfrie egg, når skandalane i Europa er eit faktum, for å gjera forbrukarane klare over fordelane ved norsk matproduksjon.

Det er heller ikkje rom for ei marknadsføring som tek omsyn til bruken av norske fôrressursar eller bruk av antibiotika i husdyrhaldet. Det ligg heller ikkje til opplysningskontora å reklamere for lokalmat, til dømes.

Storfebøndene og svinebøndene er altså med på å finansiere auka bruk av nøttesteik, kikerter og gulrothummus.

Oppsummert

Ikkje norsk kjøtt

1 Opplysningskontoret for egg og kjøtt marknadsfører ikkje norsk kjøtt særskilt.

Mykje pengar

2 Når bøndene per år betalar inn titals millionar kroner, mellom anna til marknadsføring, bør dei stille spørsmålet om det skal liggje andre føringar til grunn.

Veganisme

3 Per i dag er kjøttprodusentane med på å finansiere eit vegansk kosthald.

Annonse

Matprat er kommunikasjonskonseptet, som det heiter, til Opplysningskontoret for egg og kjøtt, og får 76 millionar kroner til generisk marknadsføring av kjøtt og egg via Omsetningsrådet. Søkjer du etter kjelår, lam eller hønseoppskrifter, kjem gjerne Matprat opp som eit av dei fyrste treffa. Men Matprat er berre ein av mange oppskriftsstader på nett. Du finn oppskrifter også på Tine, Aperitif.no, Godt.no og daglegvarekjedene.

For ikkje å snakke om alle matbloggane, der ein også kan få oppskrifter og framgangsmåte. Eg er sjølv ein storforbrukar av Matprat sine framifrå oppskrifter, men lurer litt på kvifor det er sånn at landbruket tykkjer det er greitt at opplysningskontoret deira tilsynelatande blir redusert til ein matblogg.

Under «Matprat – Om oss» kan ein lesa fylgjande: «MatPrat er fullfinansiert av den norske egg- og kjøttproduserende bonden, og vi er stolte over å være ambassadører for de fantastiske råvarene som landbruket leverer.» For kjøtt- og eggbøndene bør det då vera interessant å merke seg at Matprat også fremjar bruken av mat utan kjøtt og egg, og også har ein eigen bolk på sidene sine – Vegetarisk jul – der ein kan finne gode oppskrifter på vegetarisk julemat. Storfebøndene og svinebøndene er altså med på å finansiere auka bruk av nøttesteik, kikerter og gulrothummus – som ein erstatning for kjøttet dei produserer sjølve. For ikkje å snakke om dei 264 oppskriftene med fisk du kan finne på Matprat sine sider.

På melk.no – som er kommunikasjonskanalen for Opplysningskontoret for meieriprodukt – kan ein derimot til dømes lesa om korleis vegetarkosthald blir betre med meieriprodukt.

Matmerk har som føremål å fremje sal av all norsk mat. Stiftinga har også lov til å fortelje om kva konkurransefortrinn norsk kjøtt kan ha, samanlikna med ei skinke frå ein gris stappa full med antibiotika.

Nationen presenterte førre veke ei undersøking av kor godt forbrukarane kjenner til mellom anna merket Nyt Norge. 88 prosent oppgir at dei kjenner til Nyt Norge-merket. 30 prosent ser etter Nyt Norge-merket når dei handlar – ein oppgang frå 17 prosent for seks år sidan. Det kan tyde på at mange forbrukarar har eit bevisst forhold til norsk mat. Kvifor skal ikkje då landbrukets eigne midlar då brukast til å fremje norsk mat?

Neste artikkel

Ingen smal sti for KrF