Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Maten me ikkje vil ha

Vart du opprørt over dei små bukkekillingane som berre blir slått i hel? Over verpehønene, som etter nokre få månader som biologiske eggfabrikkar, blir gassa i hel, destruert, og sidan brukt som bindemiddel i betong?

Ammegeit: Fleire lokale geitebønder, som Marit og Geir Helge Espeset i Valdres, har starta opp med rein kjøttproduksjon av geit. Foto: Hilde Lysengen Havro

Eit av dei store mysteria i Mat-Noreg er kvifor me ikkje et meir killing og høne. Eitt svar kan sjølvsagt vera at både innanfor geitehaldet og hønsehaldet, har avlsarbeidet stort sett gått på å få fram gode mjølkegeiter og gode verpehøner. Og at kvaliteten på kjøttet difor blir underordna.

Men det er ikkje det einaste svaret.

Det er ikkje rart at me reagerer når høne blir til betong og killingane blir avliva rett etter fødselen, eller lauk og gulrøter må kastast fordi dei ikkje har den rette forma eller ser litt rare ut. På Facebook og andre sosiale medium uttrykkjer no folk si misnøye med landbruk og industri. Men aller mest går det inn på dei som faktisk produserer denne maten. Det er ingen geitebønder som tykkjer det er særleg oppmuntrande å avlive små bukkekillingar. Eller eggbønder som tykkjer det er stor stas å gasse i hel nokre tusen høner.

Då eg var lita hende det me hadde killinggryte til middag. No går det mest i kyllinggryte. Eg er så heldig å koma frå ein stad der det framleis er aktive geitebønder, og når butikken og industrien sviktar, er det difor mogleg å få tak i kjekjøtt. Nokre bønder har prøvd å satse nettopp på å fôre opp killingar for sal. Det blir dyrt, om det faktisk ikkje er interesse for det frå butikkane si side.

Ei av dei som har klart det, er Marit Espeset i Ulnes i Valdres. Ho og mannen Geir Helge har dei siste åra lagt om frå mjølkedrift til kjøttproduksjon. Eit eige gardsutsal er bygd opp på garden. I Nationen i fjor fortalde Marit at dei kunne selt meir killingkjøtt, om dei hadde hatt meir. Det er altså ikkje interessa for killing det står på, men tilgangen.

Innimellom kjennest det som at matindustrien/daglegvarekjedene og forbrukarane lever i to parallelle verder. Det er ein stor gråsone mellom dei trendane me ser mellom forbrukarane, og det kjedene og industrien klarar å tilby. Medan forbrukarane etterspør kjøtt frå kje og høne, er det knapt mogleg å oppspore i butikkane.

Skal du ha høne, er du heldig om du får tak i ei nedfrosen nedst i frysedisken i ein butikk. Butikkane seier folk ikkje kjøper det. Industrien seier butikkane og forbrukarane ikkje vil kjøpe det. Men korleis skal me klare å finne fram til kjøttet, når ingen vil fortelje oss at det er der? Dessutan trengst det også ein god porsjon opplysning om kva fantastiske herlegheiter du kan laga av ei høne eller killingkjøtt. Men det må vilje til både frå kjøttindustrien og frå kjedene si side. Til no har denne viljen mangla.

Skal du ha høne, er du heldig om du får tak i ei nedfrosen nedst i frysedisken i ein butikk

Oppsummert

Høne-pøne

1 Årleg blir tre millionar verpehøner destruert i staden for å bli mat.

Killa bukken min

2 Også bukkekillingar får eit for tidleg møte med døden.

Ser du geita?

3 No må forbrukarane finne fram lommeboka si, og faktisk gå og etterspørre og kjøpe høne og geit i butikk.

Annonse

Går det an å byggje opp marknader for høne og killing? Ja. Dei siste tiåra har mykje endra seg med vareutval og kosthaldet i Noreg. Pizza, kylling og oppdrettslaks, som knapt nokon hadde høyrt om i 1982, har vorte bygd opp til å bli kjempeproduksjonar. Frå å vera ein litt eksotisk rett, har Grandiosaen vorte folkefavoritten. I 1989 åt me, ifylgje statistikken, 4,6 kilo fjørfekjøtt kvar årleg. I 2015 var talet 18,3 kilo. Det har skjedd i kombinasjon med satsing frå industrien og kjedene si side, og forbrukarane som har etterspurd varene.

Det er forståeleg at Nortura, som har tapt pengar på satsingar tidlegare, ikkje vil slakte høner før selskapet er sikre på at folket faktisk betalar for å skaffe seg høne. Samstundes er det ei fallitterklæring frå landets største kjøttbedrift at jaget etter volum står i vegen for å tilby hønsekjøtt. I billigmat-modellen til kjedene er det heller ikkje plass til verken høne eller killing.

Årsaka til at det er dyrt å slakte høne er at høna er annleis enn ein kylling. Den effektivitetsgevinsten kyllingslaktinga har hatt, har altså gjort det vanskeleg for høna å få sin rettmessige plass på middagsbordet. Høna passar rett og slett ikkje fysisk til dagens volumdrive slakteriverksemd. Og skal me eta meir høne, vil me nødvendigvis eta mindre av eit anna kjøttslag.

Tal frå Animalia syner at det i 2015 vart fødd 59.000 geitekillingar i Noreg. Av dei vart 15.000 slakta til mat. Då Gud skapa Noreg (om ho gjorde det), gjorde ho landet perfekt for geitehald. Talet på aktive geitebønder går diverre ned. Det er ein uforståeleg overproduksjon av geitemjølk, uforståeleg fordi det er eit fantastisk produkt å laga god ost og andre meieriprodukt av. I eit langsiktig perspektiv kan produksjon av kjekjøtt bli ei ny næring. Det blir kanskje ikkje den største næringa i jordbruket, men moglegheitene er der.

Nortura og Norgesgruppens Meny-kjede har endeleg skjøna det. I utvalde veker framover blir det altså kjekjøtt å få kjøpt i butikkane. Men då må også forbrukarane ta ansvaret og faktisk kjøpe det. Det er ikkje nok å rase på Facebook.

Elles går det den vegen høna sparkar.

Neste artikkel

Kyllingbonde fortalte hvordan kjedemakten rammet henne