Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Liv laga på bygda

Korleis halde liv i Bygde-Norge? Det er ikkje eit uvanleg spørsmål folk i by og bygd stiller seg.

Bygda møtte opp: I Vang i Valdres har lokale krefter jobba i mange år med å skapa samlingsplassar, arbeidsplassar og sosial trivsel. Resultatet er vekst på fleire frontar. Her frå den lokale "Vang byggjer Vang"-dagen 3. februar. Alle foto: Hallgrim Rogn / Innovangsjon

Etter å ha vore heime på bygdefolkefestseminaret "Vang byggjer Vang", er det berre å erkjenne at spørsmålet «korleis halde liv i» er heilt feil. Eller – det er utgangspunktet for spørsmålet som er feil. "Å halde liv i noko" tyder jo at dette "noko" som skal haldast "liv i" nærmast treng livredning for å klare seg. Er verkeleg bygdene våre dødsdømde?

Definitivt ikkje. Men mykje handlar om verdisyn og tilnærming til kva det faktisk tyder å bu på bygda. Om å tillate seg sjølv å tenkje nytt, bruke store ord, byggje identitet, samhøyrsle og tilhøyrsle. Og ikkje minst om breibandutbygging.

No skal ein sjølvsagt ikkje generalisere alt ut frå eit lite bygdesamfunn, og det er nok heller ikkje alle som vil kjenne seg att i mi skildring av det. Ingen elskar eller hatar kan hende heimbygda meir enn ein utflyttar. Men i kommunen eg kjem frå, er folk flest ganske så nøgde med å koma frå nett denne staden.

Som den, etter bygda si tidsrekning, nye presten sa denne laurdagen: Det er noko med den stoltheita folk i Vang har over heimstaden sin.

Det er vakkert i Vang. Det er den einaste Valdres-kommunen med fjelltoppar over 2000 meter. Kommunen har inntekter frå kraftproduksjon, motstanden mot både den europeiske unionen og ein union med nabokommunane er stor. I folkerøystinga om kommunesamanslåing i 2015 stemte 91 prosent nei. Det er fleire nyetableringar i kommunen, og det AS-baserte næringslivet har god omsetningsvekst. Ein ny fleirbrukshall er bygd, som no har vorte den nye samlingsstaden for folk i alle aldrar. Her er det klatrehall, auditorium og dansesal.

Folketalsveksten er ifylgje SSB 0,3 prosent frå 2007 til 2017. Det var 1596 innbyggjarar i kommunen per 1. januar 2017, og med ein kommune på 1505 kvadratkilometer, er Vang ein av kommunane i Noreg som – teoretisk og statistisk – har størst areal per innbyggjar. 1,2 innbyggjar per kvadratkilometer, for å vera heilt nøyaktig – som er om lag på linje med Valle (1,1), Vinje (1,4) Norddal (1,8) Eidfjord (0,7) Nore og Uvdal (1,1). Mykje utmark, med andre ord.

Altså ikkje så veldig stor folketalsvekst i Vang, men dei siste ti åra har det i alle fall ikkje vore ein tilbakegang, som det har vore i mange andre utkantkommunar. Spør du ein frå Vang, er det meir trass i enn på grunn av sitjande regjering sin politikk for kommunar, landbruk og infrastruktur. Det lokale samvirkeselskapet Innovangsjon sitt mål var å ha 1724 innbyggjarar innan 2020, like høgt som fjellet Grindadn som kneisar over hovudsoknet.

Ganske offensivt, og lite tyder på at målet blir nådd innan to års, men kanskje ville den vesle folketalsveksten i fjellbygda vore der, om måla ikkje var hårete.

Mykje handlar om verdisyn og tilnærming til kva det faktisk tyder å bu på bygda.

Oppsummert

Verdi i bygdelivet

1 Nokre småkommunar opplever vekst i staden for fråfall og nedgang. Hardt arbeid ligg bak.

Optimisme

2 Men også ein god dose optimisme og fandenivaldsk haldning om å ikkje la seg kue av sentraliseringstrendane.

Liv laga

3 Aktiv distriktspolitikk, frå kommunar til næringsliv, interesseorganisasjonar til Stortinget, er nøkkelen til vekst for Bygde-Noreg i framtida.

Annonse

Men attende til livredninga. Det som må liggje til grunn for å kunne skapa "vekstvilkår", "kvalitetar" og "attraktivitet", for å låne nokre uttrykk frå Telemarksforskning sin rapport "Scenarier for Oppland. Demografi, arbeidsplassvekst og kompetansebehov mot 2030". Som rapportnamnet tyder på blir det teikna opp nokre framtidsscenario for dei ulike regionane i fylket.

Det kan gå både godt og dårleg for Valdres, men det som det til slutt kokar ned til er fylgjande setningar i rapporten. "Steder kan påvirke egen vekst gjennom å være attraktive. Steder som er attraktive vokser mer enn forventet ut fra de strukturelle forholdene."

Nettopp dette er kva "Vang byggjer Vang" handlar om. Mangesyssleriet, nye næringar, opplevingsturisme, lokalmat, frisk luft og oversynlege oppvekstvilkår, arbeidsplassar, barnehagar og ein god skule – alle er ingrediensar i ei oppskrift som kan få ei lita bygd eller småkommune til å lukkast med å auke folketalet.

Ei av dei som snakka på seminaret, var Ingeborg Lunde, ingeniør og attendeflytta vangsjeldning. Ho arbeider i bergensbedrifta Småkraft, og innrømma å ha tenkt for komplekst då ho ville flytte heim. Frå å tenkje at ho måtte finne seg ein ny jobb i ein – samanlikna med Bergen – snever arbeidsmarknad, tok ho heller med seg Bergens-jobben til Vang.

Lunde er eit døme, saman med fleire, på at det er mogleg å etablere kompetansearbeidsplassar også i kommunar som, ifylgje folketalsutviklinga og regjeringa, burde gå nedanom og heim, eller i beste fall slå seg saman med andre. Og at det er mogleg å ha hovudkontor i ei fjellbygd, og ha tilsette andre stader i landet eller i verda.

Det meste handlar eigentleg berre om å ville, og ein god dose optimisme. Og hastigheita på breibandet, sjølvsagt.

Neste artikkel

Kirkene må reddes