Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Liten og stor – hand i hand?

Diskusjonen om kven som bidreg mest av industrijordbruket og småbrukarane minner mest om ein barnleg krangel. Men den har alvorlege og viktige undertonar.

Storskala og småskala: Andrew Shegog arbeider for selskapet North Bridge i Romania, som har investert i storskala matproduksjon. Valye Samotyazhko driv eit lite familiejordbruk i Ukraina. Det bør vera plass til begge typar produksjon. Foto: Siri Juell Rasmussen

Tidlegare i desember var det ein debatt på debattsidene til Nationen om det stemmer at småbrukarane produserer 70 prosent av maten og industrijordbruket 30 prosent. Faktasjekkarane i Faktisk plukka opp debatten, og konkludert med «delvis feil». Og dermed var det slutt på den debatten, utan at det var kåra ein klar siger.

I debatten om småbrukarar kontra industrijordbruk har det svirra mange tal. Er det 70 prosent av maten som blir eten, eller 70 prosent av maten som blir produsert? Kven blir definert som småbrukarar? Er det sånn at norske bønder, som i svært liten grad driv med industrijordbruk av den storleiken me kan finne i t.d. Tyskland eller USA, blir innlemma i industrijordbruket, fordi dei inngår i ei større verdikjede? Inkluderer talet fiskarar og jegerar? Berre her er det uklarheiter av stor tyding.

Fyrst og fremst tener uklarheitene som ei avsporing av viktige tema; korleis blir og skal maten vår produserast? Kven sit med makta over naturressursane? Er tilgangen til ressursar likt fordelt? Aukar ulikheitene? Men i staden for å diskutere dei store spørsmåla, blir det ein kverulerande diskusjon om eit tal.

For å illustrere: I fjor skreiv eg kommentaren «Gi FN makt over WTO». Den tok for seg den globale maktkonsentrasjonen i verdikjeda for mat, og korleis statar vegrar seg for å leggje føringar og regelverk på bordet overfor store selskap. Og det problematiske ved at to av verdas store organisasjonar, Verdas handelsorganisasjon og FN, opererer med motsette mål når det gjeld produksjon og handel med mat.

I kommentaren skreiv eg fylgjande: «Ifølgje [Jennifer] Clapp er ein tredel av verdas befolkning involvert i jordbruk og matproduksjon. Små bønder produserer om lag 70 prosent av all maten i verda».

Reaksjonane eg fekk på kommentaren gjekk på bruken av dette talet. Ikkje på om det var ein god ide å leggje frihandelsorganisasjonen WTO inn under FNs mål om auka matforsyning i alle land, som jo var det viktigaste temaet for kommentaren. Heller ikkje om det var bra eller dårleg å la globale gigantar i verdikjeda byggje seg endå sterkare. Derimot kom det nokre reaksjonar på om det fanst faktagrunnlag for å påstå det, med tilvising til ei side som i ettertid har dukka opp i tilsvarande reaksjonar.

Dei som framelskar industrijordbruket, utan hemningar for at det er ein skilnad på storproduksjonar i ulike land, må også kunne problematisere. Sjå på dei mørke sidene av utnytting og utarming av alt frå jordkvaliteten til jordbruksarbeidarane, konsekvensar av overdriven sprøyting, det industrialiserte jordbrukets ansvar for nedbygging av regnskogen i Brasil, storproduksjon av biodrivstoff der det burde vorte dyrka mat. Til dømes.

Kven sit med makta over naturressursane? Er tilgangen til ressursar likt fordelt?

Oppsummert

Stor eller liten

1 I debatten om matproduksjon blir ofte storskala og småskala sett opp mot kvarandre.

Avsporing

2 Motsetnaden er eigentleg ei avsporing. Me treng både storbonden og småbrukaren.

Berekraft

3 Prinsippet om berekraftig og rettferdig produksjon, fordeling av ressursane må liggje til grunn, uavhengig av bruksstorleik.

Annonse

Og likeins, hjå dei prinsipielle motstandarane av alt som luktar av industrielt jordbruk, er det lite problematisering kring at ei årsak til at småbønder produserer mykje av sin eigen mat, ikkje skuldast eit prinsipielt ynske om sjølvforsyning, men fattigdom. At det blir mindre korn per dekar av å dyrke økologisk. At potetar bør sprøytast for å unngå tørròte, og slik redusere risikoen for bøndene.

For nokre år sidan var eg på besøk ved eit hjelpeprosjekt i Nord-Tanzania, i distriktet Magu sør for Victoria-sjøen. Hjelpeprosjektet bestod mellom anna av eit vasspumpe-prosjekt. Lokale bønder tok opp lokale lån for å investere i ei pumpe dei måtte trø på for å få vatnet til å bli pumpa frå vasskjelda til åkeren. Altså eit ganske primitivt verktøy i utgangspunktet. Likevel hadde ein lokal tomatbonde auka avlingane 5–6 gongar etter at pumpa vart innført, fordi han og kona no slapp å bera vatnet.

Ja, avlingane på dei små jordlappane kunne sikkert ha vorte auka om området hadde vorte lagt inn under eit storskala industrijordbruk. Men ville maten som då blir produsert skaffe like variert produksjon? Like mange ulike grønsaker til kosthaldet til dei lokale familiane? Like mange arbeidsplassar lokalt?

Dette er ein frykteleg vanskeleg debatt, fordi motsvaret vil vera «vil du verkeleg halde folk i fattigdom? Vil du ikkje la dei få ta del i veksten?». Men det er ikkje alle stader industrijordbruket bringar med seg rikdom og velstand for alle. Og det må dei som forherlegar industrijordbruket ta inn over seg. Nett som at små sjølvbergingsbruk heller ikkje er svaret.

Den store utfordringa med global matproduksjon er fordelinga av mat og eigarskap til ressursane. At mykje mat aldri kjem fram til marknaden At regnskog blir hogd ned for å produsere billige råvarer til industrien, som t.d. palmeolje og soya. Og ikkje minst den vestlege verda sitt overforbruk, som fører til at store mengder mat går i søpla og aukande problem med overvekt.

Neste artikkel

Nei til NorthConnect