Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lir Høgre bygdedøden?

Kan Høgre snu, eller vil partiet blir kjend som «distriktsdødar-partiet»? Svaret kjem kanskje på landsmøtet i helga.

Hilde Lysengen Havro
Publisert: 09.03.17 00:01

Overskrifta er, lett modifisert, rappa frå ei sak i Klassekampen tidlegare denne månaden. I fleire distriktsfylke, rett nok med viktige unntak, går Høgre dels sterkt attende etter stortingsvalet i 2013.

Årsakene er ikkje overraskande for Nationen sine lesarar. Der Sp snakkar til utkantane og Ap til fagrørsla, står Erna og Jan Tore og co. og ropar «robuste enheter, robuste enheter, robuste enheter». Det seier seg sjølv at mobiliseringsgrunnlaget blir deretter.

Det er likevel verdt å setje eit spørjeteikn bak påstanden. Høgre kan snu. Om dei vil. Kanskje innser Høgre under landsmøtet no i helga at partiet blir mindre robust av å snakke om «robuste enheter».

Kommunereform. Regionreform. Akuttkirurgi. Politi- og lensmannskontor. Nav-kontor. Skattekontor. Jordbruksmeldinga. Domstolar. Ulv. Det lakkar og lir mot stortingsval, og då skal regjeringa få saker gjennomført. Difor kjem alt på ein gong. For distrikta blir det reint for mykje. Alle reformene og politikken totalt sett er ei gåvepakke frå Høgre til Sp, noko som i høgste grad er synleg i oppslutninga Sp har hatt på meiningsmålingane dei siste vekene. Høgre dyttar rett og slett distriktsveljarar i armane på Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Og Trygve står klar med opne armar, og lovar både ein kopp kaffi, ein god latter og eit lyttande øyra. Kven vil vel ikkje falle inn i ein slik famn?

Ulvesaka har utvikla seg til eit mareritt for Høgre, eller i alle fall for delar av partiet. Nærare sagt der ulven ferdast. Det har ført til ein betent konflikt i partiet, som er splitta i synet på kven som fortener mest omsorg; ulven eller folka som bur i ulvestrøka. Til Nationen tysdag sa stortingskandidat Kristian Tonning Riise, på spørsmål om ulvesaka har skada distriktsprofilen til Høgre, at «ja, det tror jeg den har». Høgres øvrige distriktspolitikk blir overskygd av ulvesaka, og har vorte eit «symbol på at man ikke forstår helt hvordan man lever i deler av Norge».

I seg sjølv er ikkje spørsmålet om kor mange ulv det skal vera i Noreg den store anti-distriktssaka til Høgre. Trass alt er det ein relativt liten geografisk del av Distrikts-Noreg den råkar. Og det er her Kristian Tonning Riise og dei andre såkalla distriktsrepresentantane i Høgre diverre ikkje klarar å dra resonnementet sitt heilt ut: Årsaka til at ulvesaka har vorte det symbolet den er, handlar nettopp om at Høgre seier dei veit best når det gjeld nær sagt alle former for offentleg organisering i distrikta. Og at stor er best, basta. Det er ikkje Vedums «skremselspropaganda» som er årsaka til Sps vekst. Det er Høgre sjølv, og synet partiet har på kunnskap, informasjon og å laga politikk for dei som politikken råkar. Ved å bruke enkelte ord, som «robust», har partiet openbert trudd at dei underliggjande sentraliseringstrendane ikkje skulle oppdagast. Høgre har i all sin arroganse kledd av seg sjølv.

Høgre har mange sympatiske trekk. Gunnar Gundersen, til dømes. Og respekten for enkeltmennesket, det at ikkje alle passar inn i same A4-forma verken når det gjeld skulegang eller arbeidsliv. Og at det er gode løysingar å finne gjennom å bruke for å verne. At kommunane bør få avgjera meir, og staten mindre.

Ulv i distrikta

«I seg sjølv er ikkje spørsmålet om kor mange ulv det skal vera i Noreg den store anti-distriktssaka til Høgre.»

At alvoret har sige inn på Høgre er openbert. Dei siste vekene har regjeringa kome med

• ein plan for å flytte ut nokre hundre statlege arbeidsplassar. Rett nok langt færre enn dei 4000 som er oppretta under den same regjeringa.

• eit forsøk frå klima- og miljøminister Vidar Helgesen på å koma eitt steg nærmare løysing i Den Store Ulvekonflikten. Det vil seia; sende saka attende til Stortinget, og håpe på at Venstre må ta støyten for at det ikkje blir skote meir ulv i år.

• ei semje med samarbeidspartia Venstre og KrF om ein kommune- og regionreform, som gjer at 13 kommunar blir slått saman mot sin vilje og at det går mot 10 regionar i Noreg.

Men det er ikkje nok. I staden for å gå inn i problemstillingane og snakke til dei prosentpoenga av veljarar som no strøymer til Sp, går Høgre til åtak på partileiaren, og snakkar om at han skapar utryggheit og frykt. Det er ein retorikk Sp-folk som har levd ei stund kjenner att frå 1990-talet og EU-kampen.

For Vedum sin del er det berre å takke og bukke. Høgres retorikk syner kor alvorleg dei faktisk tek han og Sp. Så står det at å sjå kor robust Distrikts-Høgre eigentleg er.



Annonse