Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Likestilling anno 2018

Kvinner tener framleis langt mindre enn menn. Likestillinga har definitivt ikkje «gått for langt».

Kvinner står i vegen for kvinner. Kvinner vil ikkje gi vekk foreldrepermisjonen sin. Kvinner vil jobbe deltid. Kvinner vil vera helsearbeidarar og ikkje elektrikarar.

Kvinner snakkar for høgt, og kvinner snakkar for lågt. Kvinner snakkar for mykje, og kvinner snakkar for lite. Kvinner er for blonde, for høge, for tjukke, for pene. Kvinnelege leiarar er definitivt for mykje på sosiale medium. Kvinner bør kle på seg, og kvinner bør kle av seg.

Kvinner må barbere legger, hake og armar, medan menn kan gro skjeggvekst både her og der. Kvinner må gå på p-pillar eller bli gravide. Kvinner er horer eller madonnaer.

For unge jenter – og gutar – kan nok dagens kjønnsrollemønster vera like krevjande som før, trass i ein over hundre år lag kamp for like rettigheiter.

Det som definitivt er sikkert er at kvinner tener for lite. Trass mange, mange års kamp for å jamne ut lønsskilnadene mellom kvinner og menn, er det framleis slik at kvinner tener mindre enn det menn gjer for same type jobb. Den norske arbeidsmarknaden er kjønnsdelt, ifylgje SSB. Nye tal som SSB presenterte i desember i fjor syner at månadsløna til kvinner utgjer 86 prosent av løna til menn. Men det skuldast vel at fleire kvinner enn menn jobbar deltid?

Nei, det gjer ikkje det, fastslår SSB, som bruker modellar for lønsutrekning og -skilnader som tek høgde for deltidsarbeid.

Diverre er det framleis slik at likt arbeid tyder ikkje det same som lik løn. Dei største lønsskilnadene finn ein nemleg mellom heiltidstilsette og personar med høgare utdanning. Mannlege leiarar under 35 år tener langt meir enn kvinnelege leiarar under 35 år. Det same gjeld for rådgjevarar som arbeider med økonomi, administrasjon og sal, og juridiske yrke. Altså mange yrke i privat sektor. Også i offentleg sektor er det lønsskilnader, om enn mindre enn i det private næringslivet.

Annonse

Det er nærliggjande å spørje kva som er gale med kvinner, sidan me tener til dels svært mykje mindre enn våre mannlege kollegaer for same utført arbeid. Er det fordi me kan føde barn? Er me dårlege forhandlarar? Held me oss for mykje borte frå arbeidslivet i samband med svangerskap og småbarnstilveret? Bør kvinner "straffast" økonomisk på grunn av biologiske årsaker? Eller er det framleis slik at kvinner tenkjer for lågt om seg sjølv, også når det kjem til lønskrav og arbeidsliv?

Metoo-kampanjen har definitivt vist at det framleis er langt att til likestilling i mange yrke. Det bør vera ein vekkjar for mange av oss som i kvardagen kjenner oss likestilte. Kvinnekamp, feminisme, likestillingsarbeid – kva du ynskjer å kalle det sjølv – handlar ikkje fyrst og fremst om kvar og enkelt av oss kjenner oss undertrykte eller forbigåtte i kvardagen. Det handlar ikkje om at det var ein langt meir kompetent mann som fekk ein jobb i staden for den kvinnelege motkandidaten. Ei heller handlar det om at "eg er kvinne, tener godt og har alltid kjent meg likestilt". Denne personifiseringa av anti-kvinnekampen er eit slag mot full likestilling.

Det handlar om strukturar. Innimellom må ein opp på eit makronivå for å sjå ulikheitene i samfunnet. Som til dømes med lønsskilnader, kor mykje replikktid kvinner har i filmar frå Hollywood, kor mange kvinnelege bønder det er, kva kjønnsrollemønster reklamebyråa byggjer opp kring. Eller kor mange kvinnelege styreleiarar det er i bondesamvirka.

Kjønnsroller handlar i dag, bortsett frå faktumet at berre kvinner kan føde og amme, like mykje om sosial opplæring. At rosa er ei "jentefarge" er ingen vitskapleg grunnlagt påstand. Samstundes må også kvinner ta sin del av ansvaret for å lære jenter til å klatre i tre og gutar til å sy broderi. Jenter kan like Star Wars, men er det like lett for smågutar å like Frost?

Mi eiga erfaring frå organisasjonslivet er at kvinner neimen ikkje alltid er sine eigne beste vener. I ein organisasjon eg var aktiv i, meinte kvinnelege styremedlemer at kvinner bør bli leiarar fordi me har spesielle eigenskapar som ikkje menn har. Då snakkar ein altså om såkalla "kvinnelege verdiar". Eg veit ikkje kva ein kvinneleg verdi er, og trur aldri eg har høyrt nokon snakke om motstykket "mannlege verdiar".

Og om ei kvinne ikkje har desse verdiane, fortener ho då ikkje å få ei sjefstilling fordi ein like godt kan tilsetje ein mann? Eller kvinner som vel karriere framfor å vera heime med borna, er ho ikkje like mykje kvinne og mor for andre kvinner?

Til lukke med dagen, systrer av alle kjønn! Likestillingskampen har definitivt ikkje gått for langt.

Neste artikkel

Jordbruket må se til Sveits