Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

La dei eta dritmaten sjølv

På sjukeheimen er du prisgjeven maten du får servert. Det kan gå på helsa laus.

Denne middagen ser delikat ut samanlikna med det som bebuarane på busenteret i Sørum har fått servert. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Bur du på sjukeheim i Sørum kommune i Akershus, får du middagen vakuuminnpakka og frakta frå Bergen. Bur du på sjukeheim i Lærdal i Sogn og Fjordane, får du servert lokalproduserte potetar til middag og morellar til dessert.

Eg er ikkje i tvil om kvar eg ville hatt mine slektningar, eller meg sjølv, i ei nærare og nærare framtid, om eg måtte velje mellom Sørum og Lærdal.

Dagbladet skreiv onsdag om Sørvald bo- og behandlingssenter. Bebuarane får no middagen sendt over fjellet frå Bergen, til liks med dei som bur på dei andre sjukeheimane i kommunen. Maten blir laga, pakka i plast og sendt kald 50 mil til Sørum to gongar i veka. Dei tilsette varmar så opp dagens middag, og serverer til dei som bur der. Fersk middagsmat rett frå gryta kan du altså berre drøyme om i Sørum.

Kvifor? Fordi kommunen valde å ikkje byggje nytt produksjonskjøkken då kjøkkenet ved Sørum sykehjem skulle pussast opp. Det vart for dyrt. Nye krav til kjøkken gjorde at det ville koste 30 millionar kroner å byggje nytt. Alternativet vart å setje middagen ut på anbod, og Matvarehuset AS i Bergen vann. Fjordland AS eig forresten 75 prosent av aksjane i Matvarehuset, og Nortura og Tine eig nesten 90 prosent av Fjordland.

Difor skulle ein tru at kommunane og deira underleverandørar hadde lagt si sjel og stoltheit i å laga god mat.

Debatten om maten i Sørum har rasa sidan vestlandsmaten kom på middagsborda. Lokalavisa Indre Akershus Blad hadde teke med seg ordførar Marianne Grimstad Hansen på besøk, og melde at Hansen ikkje berre gjekk god for maten, men at dette smaka betre enn det ho kunne laga sjølv heime. Dagen etter ordførarbesøket tok avisa med seg Kari Huse, som skulle besøke sin demente mann Palmer. Å eta kjøttpuddingen er som å tygge ein gummistrikk, var hennar dom.

Skulda blir lagt på dei tilsette, som endå ikkje har fått opplæring i å tilberede maten.

Sørum kommune, med 18.090 innbyggjarar per fyrste kvartal, har tre sjukeheimar/bu- og servicesenter – men lagar ikkje maten sjølv. Kva som skjer når Sørum blir slått saman med Fet og Skedsmo skal bli interessant å sjå. Men får små kommunar, som Lærdal, til å laga maten sjølv, burde ein storkommune på Austlandet klare det.

Annonse

Ei undersøking Forbrukarrådet gjorde i fjor synet også at bebuarane på halvparten av sjukeheimane gjekk meir enn elleve timar utan mat. Det er greitt det, om ein vel det sjølv, men bur du på ein sjukeheim er du prisgjeven maten du får servert. Mange er heller ikkje i stand til å finne fram mat sjølv, verken fysisk eller mentalt.

Då ho var landbruks- og matminister sette Sylvi Listhaug i gang konkurransen "Gylne måltidsøyeblikk", som er ein konkurranse om å laga den beste sjukeheimsmiddagen. Det kunne vera noko å strekkje seg etter for kommunar som Sørum.

Stortingsmeldinga "Leve hele livet", som kom i mai, skal vera "en kvalitetsreform for eldre". Eitt hovudpunkt i meldinga er mat. Ikkje berre som ernæring for å haldast i live, men som matglede. Er maten god, er matlysta større. Og mange eldre på sjukeheimar – talet varierer mellom 20 og 60 prosent – er underernærte.

Oppsummert

Underernæring

1 Ein stor del av dei eldre på sjukeheimane slit med underernæring.

Kvalitet

2 Regjeringa vil difor greie ut eit særleg tilskot for å byggje opp att lokale kjøkken på sjukeheimar.

Ansvar

3 Når folk er prisgjevne maten dei får servert, har kommunane eit særleg ansvar i å strekkje seg litt ekstra for å levere god mat.

Nokre av punkta Helse- og omsorgsdepartementet peiker på, er få måltider, lang nattfaste, for lite mangfald og valfridom, og "lang avstand mellom produksjon og servering". Høgre-ordføraren i Sørum burde høyre meir på si eiga regjering.

I Lærdal inst i Sognefjorden har vegen derimot vorte kortare. Sjølv om kommunen er med på eit felles innkjøpssamarbeid i fylkeskommunen, klarte kjøkkenleiar Brita Einemo å overtale fylkeskommunen og grossisten til at ho kan kjøpe inn gode råvarer frå lokale bønder.

"Det var frykteleg frustrerande, for du ser åkrane og du ser potetene blir køyrde ut frå bygdi", seier Einemo til nettavisa Porten.no. I neste omgang håpar Einemo at det er mogleg å tilby bebuarane saft frå Lerum, som held til i nabokommunen Sogndal, og Haugen gardsmat, som held til i nabokommunen Aurland.

Slik kan det altså også gjerast, om målet er å gje matglede og kvalitet til dei eldre. Fleire medium, mellom anna Dagbladet og NRK, har skrive artikkel på artikkel om dårleg mat på sjukeheimane. Politikarar har valfarta til eldresenter for å eta med dei eldre.

Det er difor ei kjend sak at mange eldre slit både med appetitten og å få i seg nok næring. Då skulle ein tru at kommunane og deira underleverandørar hadde lagt si sjel og stoltheit i å laga god mat.

God mat gir god trivsel og god helse. Og det er ein forskjell på å velje ferdigmat frå Fjordland til middag kvar dag sjølv, og det å aldri meir få fersk middagsmat. Sjølv om ordføraren i Sørum ikkje klarar å smake forskjell på industri og husflid, gjer brukarane det.

Neste artikkel

Tøysete og rar regionreform