Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Helseminister Bent Høies løftebrot

Helseminister har hatt over tre år på seg til å finne ein annan eigarmodell for sjukehusa. No har han svært dårleg tid.

Hilde Lysengen Havro
Publisert: 11.01.17 00:01 | Oppdatert: 11.01.17 09:55

Tysdag heldt helse- og omsorgsminister Bent Høie sin fjerde sjukehustale. Blir det regjeringsskifte til hausten, kan det bli den siste. Eit regjeringsskifte kan – paradoksalt nok – også bli spikaren i kista for planen om å skrote føretaksmodellen.

I fjor fekk Høies tale kritikk frå opposisjonen for å vera tam og innhaldslaus. Det gjer den nok i år, også. Samstundes tok Høie opp viktige saker, som betra psykisk helsevern, mindre bruk av tvang, fleire pasientar til behandling og færre korridorpasientar. Alle sakene er viktige for oss, anten som pasientar eller pårørande.

Men dei store spørsmåla for Sjukehus-Noreg – organisering, styring og finansiering – står framleis utan svar. Som ein sindig rogalending ynskjer nok ikkje Høie å forhaste seg, men han har dårleg tid.

Høie og Høgre gjekk til val i 2013 på å fjerne føretaksmodellen – ein modell det i dag berre er Arbeidarpartiet som støttar. Ei organisering av sjukehusa i lokale og regionale helseføretak skjedde under Jens Stoltenberg si regjering 2000–2001, og var eit ledd i den arbeidarparti-optimistiske tilnærminga til New Public Management.

Føretaksmodellen har ført sjukehuspolitikken i Noreg ut av politisk kontroll. Helseføretaka har utvikla seg til mastodontar, med byråkratisering og overforbruk av pengar som konsekvensar.

La oss ta ein kikk på kva Høie sa då han i opposisjon leia Helsekomiteen på Stortinget: «I dag tas for mange av beslutningene av det jeg kaller ansiktsløse byråkrater. Helsepolitikken må flyttes tilbake til politikerne og Stortinget. Og så må de lokale styrene ta seg av den daglige driften.» (TV2 10. februar. 2012).

Der Høgre nærmast lova ei avvikling av føretaksmodellen, og politisk kontroll over helsepolitikken, står me i dag, tre år og tre månader etter at Høie vart statsråd, med ein rapport. Rapporten, forfatta av Kvinnsland-utvalet, ber namet «Organisering og styring av spesialisthelsetjenesten. Hvordan bør statens eierskap innrettes framover?» (NOU 2016: 25), og vart overlevert til Høie 1. desember i fjor.

Rapporten er verken eit oppgjer med dagens føretaksmodell eller med måten sjukehusa blir finansiert på. Utvalet kom ikkje fram til ein felles, framtidig organisasjonsmodell. Fleirtalet vil halde på føretaksmodellen, men meiner det ikkje trengst meir enn fire føretaksstyre i heile Noreg. Fleirtalet går dermed inn for ei ytterlegare sentralisering av dagens føretaksstruktur. Det tyder at endå meir makt over struktur på tenester og økonomiske prioriteringar blir ført inn til helsebyråkratar i dei store byane. Og når styret i Sykehuset Telemark ikkje ser nytta av eit sjukehus i Rjukan, er det ikkje gitt at eit styre basert i Oslo vil sjå nytta av eit sjukehus på Notodden.

Marknadstenking

«Finansieringssystemet av norske sjukehus er bygd over ein marknadsliberalistisk lest, men den kræsjar med den offentleg eigde modellen.»

Høie skulle reformere og demokratisere sjukehusa. Men éin ting er å røske opp i eigarskapsstrukturen. Ein annan ting er å finne ut korleis sjukehusa skal finansierast. Kritikken mot føretaka har ikkje berre handla om mangelen på demokrati og politisk styring, men også like mykje av måten sjukehusa og behandlinga blir finansiert på.

Kvinnsland-utvalet gir ingen kritikk av den forretningsmodellen som i dag ligg til grunn for finansieringa av sjukehusa. Legane og sjukepleiarane må ned til den minste bandasje og antibiotikapille finne det rette nummeret for å kunne godskrive behandling, som igjen gir inntekt til avdelinga i sjukehuset. Finansieringssystemet av norske sjukehus er bygd over ein marknadsliberalistisk lest, men den kræsjar med den offentleg eigde modellen, der det finst éi inntekt: Offentlege pengar.

I talen sin tysdag sa Høie at regjeringa vil koma attende med sine tilrådingar i revidert nasjonalbudsjett, som kjem i mai. Det kjem ingen revolusjonerande endringar for å ta attende politisk kontroll over helsepolitikken på to månader.

Bent Høie ynskjer seg ein betre modell enn dagens. Det er bra. Me kan ikkje erstatte ein dårleg modell med ein endå dårlegare modell. Høie ynskjer seg også eit breitt politisk fleirtal bak ei ny organisering. Å sjå for seg at det største partiet på Stortinget, Ap, står utanfor forliket, er vanskeleg, om ikkje umogleg, å sjå for seg. Dei ulike partia som vil forkaste føretaksmodellen er heller ikkje samde om kva dei vil ha i staden.

Å finne ei brei politisk semje om sjukehusstyringa er ikkje lett. Høgre og Høie vil gje meir rom for meir privatisering av det norske helsevesenet, noko SV, KrF og Sp er imot.

Det kan føre til at dagens føretaksmodell diverre får halde fram.

Sidan helseministerposten vart oppretta i 1992 er Høie den som har sete lengst i stolen. Han burde brukt tida betre.



Annonse