Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kan norsk mat eksporterast?

Ja, meiner Innovasjon Noreg. Men ulempen er pris, pris og atter pris.

Nisjemat: Sidan oppstarten i 2012 har det vorte eksportert tusen tonn fenalår frå Noreg. Innovasjon Noreg meiner meir nisjemat kan eksporterast. Foto: Siri Juell Rasmussen

I fleire delrapportar har Innovasjon Noreg undersøkt ulike marknader for mogleg norsk eksport. Frå Japan i aust, til USA og Canada i vest.

Noreg eksporterer alt mykje mat. I fjor eksporterte sjømatnæringa for 91,6 milliardar kroner. Oppdrettsnæringa har vorte ei eksporteventyr utan sidestykke for norsk matproduksjon. Men det er for store skilnader mellom norsk oppdrettsnæring og norsk jordbruk til at ein skal skjele for mykje til laksen når lammet skal på franske bord. Lakseoppdrett er stordrift, og har slite med sitt. Med lakselus, rømmingar og avfallsproblem. Ikkje akkurat glansbilete av norsk natur, slik me gjerne sel den i utlandet.

Fjell og fjordar og rein og vakker natur er reklameplakaten for Noreg når me skal trekkje til oss turistar frå Austen, Europa eller Amerika. Norsk lam eller kalv som har beita i utmarka i denne naturen, er sjølvsagt ei mogleg forteljing som kan seljast til pengesterke matentusiastar i Frankrike, Tyskland eller Italia. Men derifrå til å tenkje at det blir ein enkel veg for norske jordbruksprodukt inn i ein internasjonal marknad, er litt som å leva i ei rosa boble.

Ein av eksportsuksessane for norsk matindustri er det snart stopp for. Jarlsberg-eksporten starta opp i det små på 1960-talet. I fjor eksporterte norske bønder 9106 tonn jarlsbergost, men osten har vore avhengig av eksportstøtta. I 2020 er det slutt på den, og dermed også grunnlaget for å kunne bruke norsk mjølk som råvare for jarlsberg. Norsk mjølk er for dyrt for europearane og amerikanarane, og dermed blir produksjonen flagga ut til Irland.

Ulempa for norsk eksport av jordbruksprodukt er pris, pris og atter pris. Difor er konklusjonen i rapporten frå Innovasjon Noreg at Noreg bør satse på eksport av nisjeprodukt. Spørsmålet er om Noreg kan konkurrere i den såkalla high end-marknaden, altså spesialprodukt til ein høg pris. Nokre marknader, som den japanske og den franske, er mindre prissensitive enn til dømes den britiske og amerikanske.

At lokale norske ostar og øl gjer suksess i internasjonale meisterskap, er noko å vera stolt av. Men det er eit svært langt stykke derifrå til at norsk matproduksjon gjer stor lukke ved sal.

I november var eg på tur i Irland med landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Me var innom sauebonden Brian Nicholson, som med vel 1300 søyer driv relativt stort, også i irsk samanheng. Det irske jordbruket er eksportretta, og byggjer også opp merkevara si kring grønt og reint og dyr på beite. Den lange beitesesongen og eit noko anna løns- og kostnadsnivå gir Irland ein sterk konkurransefordel, om ein skulle tore å samanlikne Noreg med den grøne øya.

Ulempa for norsk eksport av jordbruksprodukt er pris, pris og atter pris.

Oppsummert

Handelsunderskot

1 Medan Noreg importerte landbruksvarer for 59,1 milliardar i 2015, var eksporten på 9,2 milliardar.

Norsk eksport

2 Innovasjon Noreg meiner det er gode moglegheiter for eksport av fleire jordbruksprodukt frå Noreg.

Småproduksjon

3 Nisjemat til betalingsvillige marknader er det Innovasjon Noreg trur har best moglegheit.

Annonse

Ifylgje rapporten «Omverdenrapport til norsk landbruk og matindustri» frå Landbruksdirektoratet eksporterte Noreg i 2015 jordbruksvarer for 9,2 milliardar kroner, der 6,2 milliardar var til EU. Men går me litt bakom tala, ser me at animalske og vegetabilske oljar utgjer 1,7 milliardar av den totale eksportverdien, der feitt og oljar av fisk er nærare 1,1 milliard. Oljekaker etter soyaoljeutvinning er 679 millionar. Eksporten av kakao og sjokolade var på 253 millionar kroner. Samleboksen «melk, meieriprodukter, egg og honning» var på 761 millionar i eksportverdi, men her vil altså talet gå ned når jarlsbergeksporten forsvinn.

Ein stor del av eksportverdien er altså ikkje basert på norske jordbruksvarer.

Ifylgje rapporten frå Innovasjon Noreg, som har undersøkt marknadane i 12 land, er det lite å hente for tradisjonelle produkt. Konkurransen er for hard, og betalingsviljen for låg. Nisjeprodukt har derimot større eksportmoglegheiter. Dette er varer som ei betalingssterk gruppe er interessert i.

Ei satsing dei siste åra har vore norsk fenalår til den franske marknaden. Sidan 2012 har det likevel ikkje vorte eksportert meir enn 1000 tonn fenalår. Til Nationen i desember sa styreleiar Per Berg i Fenalår fra Norge at dei byggjer ei historie kring fenalåret «på rein, norsk natur, lite bruk av antibiotika og alt som er positivt med det norske dyrehaldet». Berg seier den store veikskapen er ressursar til å satse meir. «Hadde me hatt det, ville me kome lenger», sa han.

Å leggje pengar og tid ned i noko som kanskje eller kanskje ikkje lukkast, er eit risikofylt prosjekt. Skal norsk jordbrukseksport ha noko for seg ut over fenalår, syltelabbar og kyllingvengjer, trengst ein betre strategi.

Neste artikkel

Ikke undergrav matproduksjonen vår