Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ikkje alle skal ha husdyr

Svinenæringa varsla i helga grep for å få bukt med dårleg dyrevelferd. Det skulle berre mangle. Rapportar frå Rogaland dei siste vekene har vore trist lesing.

Ein glad gris: Denne grisen ser ut til å ha det bra. Dyr me skal eta smakar betre om dei har levd eit godt liv. Foto: Diodoro Meneghin / Mostphotos

Sjølvsagt er det ikkje slik at alle avvik er like alvorlege. Nokre bønder kjenner at Mattilsynet sine besøk kan avdekkje ting som ikkje er så alvorlege, men som Mattilsynet – som det kjennest som at berre dumpar innom ein dag – ikkje ser heilheita i. Det kan vere rett.

Nokre bønder tykkjer det derimot er heilt uproblematisk å få besøk av Mattilsynet, meldt eller umeldt, og set pris på å få rettleiing og råd om korleis dyra i fjøset kan få det betre. Andre bønder igjen driv med vitande og vilje eit dyrehald som ikkje berre er på kanten med dyrevelferdslova, men som vitnar om eit syn på dyr det er vanskeleg å forstå.

Det er ingen lett jobb å vera bonde og dyrehaldar. Du har ansvar for levande individ, som er heilt avhengig av deg eller dei du har med deg i produksjonen. Gir du dei ikkje mat og drikke, tørstar og svelt dei. Gir du dei ikkje behandling når dei er sjuke, er det ingen andre som syrgjer for det, heller. Det er ei stort ansvar å ha ansvar for andre liv, uansett om dei er tobeinte eller firbeinte, om dei har hud, ull, bust eller fjør.

Å ikkje klare å ta skikkeleg vare på dyra sine har mange og oftast samansette årsaker. Det kan vera ei vanskeleg tid personleg. Det kan vera eit samlivsbrot. Ein avløysar kan nett ha slutta, utan at ein ny er på plass. Mange av dagens bønder er også definitivt i tidsklemma mellom å framleis drive mangesyssleri på garden, byggje ut drifta, jobbe ved sidan av garden, ha born i barnehage eller skule som også krev oppfylgjing.

Men tilstanden i delar av svinenæringa i Rogaland gir grunn til bekymring. Det er nokre bakanforliggjande grunnar til Mattilsynet sin særskilde kampanje overfor slaktegrisprodusentar i fylket. Dyrevelferdsrapporten for september-desember i fjor syner at talet på registrerte saker med brot på regelverket for dyrevelferd har auka frå 92 til 202 i besetningar med grisar. Mattilsynet har funne skadde og lidande dyr som ikkje har fått godt nok stell og tilsyn.

Så kan ein innvende at det "berre" er fire saker der Mattilsynet har registrert "alvorlig vanskjøtsel av dyr". Men langt meir alvorleg blir det når me les Mattilsynet sin definisjon av "alvorlig vanskjøtsel." Forhold som kjem inn under denne kategorien, "er tilfeller der flere dyr er døde eller må avlives på grunn av manglende fôring, vanntilgang og stell."

Då må forbrukarane ha tiltru til at det er god dyrevelferd rundt om på norske gardsbruk.

Oppsummert

Mange avvik

1 Mattilsynet har avdekt mange avvik frå dyrevelferdsloven i sine tilsyn mellom slaktegrisprodusentar i Rogaland.

Nye tiltak

2 Næringa varslar no nye og viktige tiltak. Det er nødvendig for at dyra skal ha det bra, og at forbrukarane skal ha tillit.

Haldningar

3 Bønder som tek på seg ansvaret for dyr, må også syte for dei. Tek ein ikkje dyrevelferda alvorleg nok, er det ikkje sikkert at bonden skal ha dyr.

Annonse

I eit intervju med Stavanger Aftenblad 6. desember i fjor seier Odd Ivar Berget, avdelingsleiar i Mattilsynet Sør- Rogaland, at "Det er skremmende å se at vi finner slike forhold hos yngre bønder, den neste generasjonen." Han meiner det er eit haldningsproblem. Det er også avdekt urovekkjande tilhøve i fjøs med automatisk fôring og fjerning av gjødsel. Det kan sjå ut som om fleire slakkar på krava om tilsyn når alt går automatisk, seier Berget.

Norsk landbruk sjølv framhevar dyrehelse som ei årsak til at forbrukarane skal støtte opp om og velje norsk mat i butikk. Då må forbrukarane ha tiltru til at det er god dyrevelferd rundt om på norske gardsbruk. Kontrakten norsk landbruk har med samfunnet tyder at styresmaktene, som sørgjer for det politiske rammeverket for jordbruket, og forbrukarane, som sørgjer for å eta mat frå norsk landbruk, må kjenne at dei har tiltru til norsk matproduksjon.

Og det er tillit det handlar om, når Nortura ikkje lenger vil ta imot dyr frå bønder som fleire gongar bryt med god dyrevelferd. Nortura hugsar svært godt det dramatiske fallet i kyllingsalet då forbrukarane mista tiltru til at norsk kylling var trygg. At mange forbrukarar har merka seg sakene frå svinenæringa i Rogaland dei siste vekene, er det ikkje tvil om. Nortura sitt framlegg må nok også sjåast i denne samanhengen.

Om det er eit godt framlegg er eg personleg noko usikker på. Dårleg dyrevelferd vil nettopp bli oppdaga på slakteria, om det ikkje er oppdaga tidlegare. At det i fjor vart sendt bekymringsmeldingar frå eit slakteri om tynne og dårleg velhaldne grisar, syner at slakteria er viktige i sikkerheitsnettet rundt den einskilde bonden og dyra hennar eller hans.

Så er det sånn at grisar som har hatt eit godt liv, også smakar best og gir mest pengar i kassa til bonden. Det blir ikkje god bacon av ein gris som ikkje har fått nok mat. Om ein bonde, uavhengig av dyreslag, ikkje er villig til å ta dyrevelferda på alvor, må ein tenkje seg om ein i det heile skal drive med dyr.

Neste artikkel

Bonde tiltalt for grov dyremishandling