Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gi oss i dag vårt dagferske brød

Me kastar enorme mengder med mat kvart år. Så store mengder, faktisk, at det utgjer eit miljøproblem. Gir me oss sjølve godt samvit ved at maten vår blir til biogjødsel og biodrivstoff?

Matsvinn: Matkastinga skal reduserast med 50 prosent innan 2030. Men me kastar mykje mat fordi me har råd til det, skriv kommentator Hilde Lysengen Havro. Foto: Galina / Colourbox

FN si målsetning er at verdas matkasting skal ned med 50 prosent innan 2030. Det er det gode grunnar til, når me veit at ein tredel av all maten som blir produsert ikkje blir eten av menneske. I ei verd der mange barn er underernærte, og me framleis har sveltekatastrofar, er det eit etisk problem å kaste mat.

Men la oss vera ærlege med ein gong: Nordmenn kastar mat fordi me har råd til det. Kanskje har me litt dårleg samvit når matrestane frå gårsdagens middag går i søpla, fordi me kjøpte med oss sushi heim til middag i staden. Oljerikdomen har løfta lønsnivået, samstundes som at utgiftene til mat utgjer ein mindre del av dei daglege kostnadane våre enn for berre 30 eller 50 år sidan.

Når me bruker 11 prosent av inntekta vår på mat (inkludert snop og brus), gjer det noko med vårt syn på verdien av mat. Tommy Ose, som har forska på matsvinn, sa det så treffande i eit intervju i Nationen for ei tid tilbake: «Velstanden har auka, tilgjengelegheita til billige matprodukt har auka. Maten blir i større grad tatt for gitt. Det skjer ei devaluering av maten og maten sin ibuande verdi som nødvendig for menneska si overleving.»

I 2015 kasta me ifylgje utrekningar 355.000 tonn mat. Forbrukaren, eg og du, kastar 61 prosent av maten, og er den største slasken av alle.

Daglegvarekjedene har hjelpt oss godt på veg med «ta tre betal for to»-kampanjar. Matbransjen sørgjer også for at me kjøper meir enn me strengt tatt må. I Oslo, med over 600.000 innbyggjarar, er 75 prosent av hushalda ein- eller topersonshushald. Likevel er ikkje storleiken på varene tilpassa dagens hushald. Det er få moglegheiter til å planleggje ein middag for ein eller to, om du ikkje skal ty til Fjordland.

Skal du ha gulrøter, må du kjøpe ein kilo. Vil du har druer, må du kjøpe heile pakka. Du skal vera frykteleg god til å planleggje middagane dine framover i tid, for å unngå å måtte kaste mat.

I førre veke signerte matbransjen og fem departement under ei erklæring om å redusere matsvinnet med 50 prosent i alle ledd innan 2030. Det er vel og bra. Men det er jammen på tide at bransjen sjølv legg til rette for at folk kan kjøpe mindre mat. Nordmenn er av dei som handlar aller oftast i løpet av ei veke. I gjennomsnitt er me innom ein matbutikk 3,8 gongar i løpet av ei veke. Me planlegg ofte ikkje kva me skal kjøpe, og handlar etter innfall, inspirasjon og lyst.

«Matbransjen sørgjer også for at me kjøper meir enn me strengt tatt må.»

Oppsummert

Me kastar mat

1 I 2015 utgjorde matkastinga totalt 68,7 kilo per innbyggjar. Det er eit etisk problem, og eit miljøproblem.

Ny plan

2 Ein ny avtale mellom 12 bransjeaktørar og organisasjonar, og fem departement, tek sikte på å halvere matsvinnet innan 2030.

Vårt dagferske brød

3 Kvar dag kastar me 100.000 brød, som ifylgje Vidar Helgesen svarar til eit område like stort som Nøtterøy.

Annonse

Å redusere matsvinnet gjennom å snu handlevanane våre på hovudet er ei tung oppgåve. Å bruke ein moralsk Tante Sofie-peikefinger, slik regjeringa ser ut til å ville, er heller ikkje måten å overbevise forbrukarane på.

I mange år har bransjens mantra vore sjå-lukt-smak før du kastar maten. Det har openbert ikkje vore nok for å redusere kastinga. Samstundes har kommunane innført kjeldesortering, som gjer at maten vår blir til biodrivstoff eller gjødsel. Det i seg sjølv er gode tiltak, men me reddar ikkje verda ved å kaste mat, slik me kanskje lurer oss sjølve til å tru.

Industri og kjeder pliktar seg i avtalen til å redusere matsvinnet. Då bør daglegvarekjedene definitivt starte med frukt og grønt, ein bransje daglegvarekjedene i all hovudsak styrer sjølv. Frukt og grønt er også på kastetoppen heime på kjøkkenet. Oljebasert plastemballasje skal gi lengre haldbarheit til grønsakene, seier grønsaksindustri og daglegvarekjeder. Samstundes gir det oss som forbrukarar mindre kontroll over kva me faktisk handlar.

Eg veit ikkje kor mange plastinnpakka potetar eg har kasta dei siste åra, fordi dei rett og slett er grøne, og dermed giftige, noko eg ikkje oppdagar før eg er komen heim med handleposen og opnar den halvgjennomsiktige pakken med potetar. Medan ein potetbonde ikkje får levert dårlege potetar vidare til grossist og kjeder, kan altså kjedene selje oss potetar dei ikkje sjølve har vore i stand til å handtere godt nok. Og me må kaste i veg.

Det er mogleg kjedene sjølve kastar mindre frå butikkane sine på denne måten, men dei har ikkje gjort anna enn å skuve problemet med matsvinn over på oss. Små laukar og stygge gulrøter må også få sin rettmessige plass i butikkhyllene.

Sjølvsagt har forbrukarane også skuld i matkastinga. Forventninga om dagferskt brød har gjort at me kastar 100.000 brød kvar dag, ifylgje klima- og miljøminister Vidar Helgesen. Men me gjer det altså fordi me har råd til det.

Neste artikkel

Kyllinger og værhaner