Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fryktkulturen, bøndene og Mattilsynet

Arrogante inspektørar og nervøse bønder. Det er ikkje noko Mattilsynet og landbruket kan leva med som kultur og haldningar.

Harald Gjein, administrerende direktør i Mattilsynet under sminar om trygg mat.

Angst. Nervøsitet. Frustrasjon. Irritasjon. Det er nokre av kjensler som har kome fram i artiklane Nationen har skrive om Mattilsynet dei siste par vekene.

Det starta med matentusiast Andreas Viestad, som driv Geitmyra matkultursenter for barn. I ein kronikk i Nationen i juni fortalde Viestad om at mange bønder, kokkar og gründerar han har vore i kontakt med har to ting til felles; matgleda og frykta for Mattilsynet. Og kor vanskeleg det var å få løyve til at ein skule kunne slakte ein gris og la elevane eta den etterpå.

Sidan har fleire meldt seg, som Idar Håland som driv slaktarbutikken Håland i Rogaland, som er lei av å går rundt og frykte inspeksjonar frå Mattilsynet. Eller Veslemøy og Bjørnstjerne Olavsbråten som driv med upasteuriserte og lågpasteuriserte meieriprodukt på Noresund i Buskerud.

Mattilsynet blir oppfatta som kunnskapslause og arrogante, fjernt frå husdyrproduksjon og matproduksjon, meir opptekne av å fortelje kva som er feil, enn kva som er rett.

Sjølvsagt melder mange frå om at dei har gode opplevingar med Mattilsynet. Gunnar Waagen i Tingvollost seier dei berre har hatt positive opplevingar med Mattilsynet, men at han har høyrt mange historier om det motsette.

Det trengst openbert ei kulturendring i Mattilsynet. Særleg når tidlegare inspektør og seksjonsleiar Jarle Bergsjø i Nationen laurdag seier han kjenner seg att i mykje av kritikken som har kome. Administrerande direktør Harald Gjein verkar til å skjøna alvoret i kritikken. "Slik skal det ikkje vere", seier Gjein til Nationen.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at Mattilsynet ikkje ynskjer at skuleborn skal eta ein gris som er slakta på skulen. I all animalsk matproduksjon kan det oppstå bakteriar som er farlege for menneske å eta. Born er meir utsette enn vaksne, og kan i mindre grad vurdere risikoen.

At Mattilsynet difor slår ned på dyrhald som ikkje er innanfor loven, skulle berre mangle.

Samstundes kan ikkje Mattilsynet berre kimse vekk at det er eit gap mellom det som finst av lovar og reglar i EØS og i Noreg, og det som er opplevd kjennskap og kunnskap mellom dei som har drive med matproduksjon. Det har vorte folk av oss som vaks opp på heimeslakta kjøtt.

Annonse

Mattilsynet opplever nok at inspektørane står i eit dilemma. På eine sida har Mattilsynet ansvaret for å sørgje for at maten me et er trygg, sjølvsagt saman med produsentane. Mattilsynet skal ikkje produsere denne maten sjølv. At tilsynet sine veterinærar og inspektørar tykkjer det er vanskeleg balansegang mellom rådgjeving og tilsynsverksemd, kan ein i beste fall forstå. Men at motsetninga er så uoverkomeleg for dei tilsette at dei føretrekkjer å framstå som arrogante blærar, er ikkje til å forstå.

I lengre tid har det vorte reist kritikk mot Mattilsynet, både i meldingar til Nationen, og i opne diskusjonar på sosiale medium. Ikkje all kritikk er like legitim. Nokre gongar kan bønder som kjenner seg trakka på ha gode grunnar til kritisere Mattilsynet. Men ikkje alltid.

Oppsummert

Kritikk

1 Mattilsynet har i fleire artiklar i Nationen fått kritikk for måten dei gjennomfører tilsyn på.

Folkeskikk

2 Mangel på både kunnskap og folkeskikk har vorte trekt fram, og eit svært rigid regelverk.

Kultur

3 Når Mattilsynet reiser ut må bønder, næringsmiddelaktørar og inspektørar møte kvarandre med gjensidig respekt. Det er Mattilsynet sitt ansvar å ta det fyrste steget.

Mattilsynet sitt problem, og moglegvis også vårt, er at det ikkje er så lett å skilje mellom ulike typar avvik. For nokre avvik, som funn av daude dyr, ikkje god nok tilgang på vatn eller funn av gamalt kjøtt i ein oppvaskkum, er langt meir alvorleg enn litt for dårleg lys og svært hårfine avvik i temperatur. Det er heller ikkje slik at bønder, slaktarar eller bakarar kan drive på same måte som ein "alltid" har gjort.

At Mattilsynet slår ned på dyrhald som ikkje er innanfor loven, skulle berre mangle. Alvorleg blir det likevel når bøndene får besøk av tilsette i Mattilsynet som etter deira oppleving ikkje har folkeskikk.

Bondebladet fortalde i april om ekteparet Trygve og Solveig Mjåtveit på Nærbø i Hå kommune som opplevde besøket frå Mattilsynet som så ubehageleg at dei skreiv eit brev til Mattilsynet i etterkant. "Det er noen personer som sikkert kan gjøre en god jobb på et kontor, men som aldri burde reist ut til gårdsbruk", seier KSL-rådgjevar Martin Haarr til avisa.

HMS-rådgiver May Ann Levik går så langt som å kalle Mattilsynet for ein helserisiko. Levik fortel i Bondebladet om frykt, at det har vorte ein "subkultur" å prøve å "dukke" bonden, at avvik er skrive i så juridiske termar at bøndene ikkje forstår kva som står i breva.

Slike attendemeldingar kan ikkje Mattilsynet leva med. Inspektørane må sjølvsagt ha nøvdendig tyngde og kunnskap for å utøve tilsyn. Men det er ikkje berre svart-kvitt. Mattilsynet og landbruket har eit felles ansvar i å finne fram til kommunikasjonsmåtar som gjer at både bonden og inspektøren kan gjera jobben sin.

Neste artikkel

Vil han ofre melkebøndene?