Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frå #metoo til #notme

Det er nødvendig å finne attende til det grunnleggjande for Metoo-kampanjen: Avdekking av seksuell trakassering som maktstruktur.

"Eg også": Sosiale medium-kampanjen #metoo har avdekt kor vanleg seksuell trakassering er. Foto: Elvira Zhuravleva / Mostphotos

Meetoo har vorte ein lapskaus av alt mogleg kvar og enkelt av oss står fritt til å putte i gryta. I seg sjølv har det vore frigjerande at det nettopp ikkje har vore eit manifest av ulike punkt ein må slutte seg til. Men det spørs om ikkje det no er på tide å rydde opp. Me diskuterer for mange ting samstundes, og det er ikkje sikkert at det styrkar arbeidet mot seksuell trakassering på sikt.

For å gå attende til starten: I oktober i fjor oppmoda skodespelaren og songaren Alyssa Milano folk som har vorte utsett for seksuell trakassering om å bruke #metoo som statusoppdatering. Eit lågterskel tilbod for mange kvinner som har opplevd å bli trakassert, tafsa på, forsøkt kyssa på i jobbsamanheng eller på fest.

Kampanjen, som har utvikla seg til å bli den førebels største rørsla i sosiale medium, har avdekt kor vanleg det diverre er å bli seksuelt trakassert.

Ikkje berre gjeld det kulturlivet, der det heile starta. SSB si levekårsundersøking syner at uynskt seksuell merksemd i norsk arbeidsliv også er utstrekt. Fire prosent oppgav i 2016 å ha opplevd uynskt seksuell merksemd på jobben. Det er over hundre tusen av dagens sysselsette.

Kjønnsskilnaden er påtakeleg: Medan to prosent av mennene seier dei er utsett for uynskt seksuell merksemd, svarar sju prosent av kvinnene det same. Av kvinner mellom 18 og 24 år var talet 13 prosent.

Dei siste månadane har det vorte reist ein del kritikk mot kampanjen. Eller rettare sagt mot noko av alt som påberopar seg å vera innanfor Metoo-rørsla.

Oppsummert

Metoo

1 Kampanjen mot seksuell trakassering og overgrep byrja i fjor haust, og har avdekt kor vanleg seksuell trakassering er.

Kritikk

2 I det siste har kampanjen møtt kritikk av ulikt slag. Men dårleg journalistikk er ikkje #metoo sin feil.

Framover

3 Det er på tide å ta ein fot i bakken, og avgjera kvar vegen vidare skal gå. Målet må vera å stoppe seksuell trakassering.

NRK viser mellom anna for tida den svenske dokumentaren «#metoo og Fredrik Virtanen», om den svenske kommentatoren og tidlegare underhaldningsjournalisten sitt fall etter at fleire svenske kvinner melde frå om at dei hadde vorte seksuelt trakassert av Virtanen. Dokumentaren peiker rettmessig på svakheiter i media si dekning av saka, som offentleggjering av namn og bilete av personen, og manglande faktasjekk av påståtte hendingar.

Annonse

For all del; om nokre nyheitsredaksjonar har drive dårleg journalistikk, og hengt ut folk utan faktagrunnlag og grunn, er ikkje det bra. Det skal ikkje skje. Men det er eit problem fyrst og fremst for nyheitsleiinga i redaksjonen, og ikkje for Metoo-kampanjen

Dokumentaren har fått mykje kritikk. Éi innvending, som er lett å forstå, er at den nærmast legg til grunn at «så lenge valdtekt ikkje kan bevisast er det ikkje valdtekt». Problemet i mange valdtektssaker og saker om seksuelle overgrep og -tramp, er nettopp at det i mange tilfelle ikkje kan bevisast.

Ord står ofte mot ord om det ikkje finst fysiske eller tekniske bevis, eller vitne til hendinga. Eit fåtal av sakene hamnar i rettssalen. Ifylgje Aftenposten vart det ført berre seks saker om seksuell trakassering for retten i åra mellom 2002 og 2013.

Terskelen for å seia frå på sosiale medium er openbert lågare enn å gå til politiet, eller melde frå på eigen arbeidsplass. Samstundes har jenter og gutar meldt frå internt, der lite eller ingen ting har skjedd. Saker kan også ha vore lagt bort av politiet, utan at det dermed tyder at trakasseringa ikkje skjedde.

Sjølv om seksuell trakassering ikkje er lov, er ikkje det det same som at ein person blir dømd i retten. Og skulle hen ikkje bli dømd, tyder ikkje det at oppførselen er grei på arbeidsplassen eller i organisasjonssamanheng.

#Metoo-kampanjen starta ikkje som ein "kven har ligge med kven for 15 år sidan"-uthenging på Facebook

At ei kvinne eller mann ikkje er dømd for seksuelle overgrep, er ikkje det same som at denne personen ikkje har begått seksuelle overgrep. Metoo-kampanjen reiser derimot viktige prinsipielle spørsmål om kva som bør liggje til grunn i ein rettsstat. Og tidvis krasjar prinsippet om at kvar og ein sjølv skal bestemme over eigen kropp med prinsippet om rettssikkerheit og at alle er uskuldige fram til det motsette er bevist.

Arbeidsminister Anniken Hauglie har nominert Metoo-rørsla til Nobels fredspris. Det er ingen god idé. Grunngjevinga til Hauglie blir nemleg feil. Ho nominerer Metoo-rørsla fordi valdtekt blir brukt som våpen i krig og konflikt, men militsen i jungelen i Kongo eller IS i Midt-Austen bryr seg nok lite om #metoo på Facebook. Då bør merksemda og anerkjenninga heller gå til ein av organisasjonane som arbeider mot seksualisert vald i krig.

#Metoo-kampanjen starta ikkje som ein "kven har ligge med kven for 15 år sidan"-uthenging på Facebook. Den starta som ein maktkritisk kampanje, der det dag for dag, veke for veke, vart avslørt korleis sjefar, ofte menn, men ikkje alltid, har brukt trakassering og sexpress som maktmiddel.

Målet må vera at me kjem oss frå #metoo til #notme.

Neste artikkel

Grådighet går aldri av moten