Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frigjorte kvinner og dagens demonar

Dagens kvinner (og menn) kunne trengt ei Margit Sandemo til å rettleie dei.

Frigjerar: Forfattaren Margit Sandemo har selt 37 millionar bøker. Særleg 1980-talets Sagaen om Isfolket har kvinner og seksuell frigjering fått god plass. Foto: Morten Hval / NTB scanpix

Kulturhuset i Oslo søndag kveld, under den svenske valvaka. NRK sender direkte, og intervjuar Maria Archontoulis om kvifor ho har stemt på Feministisk Initiativ. Inn frå sidelinja kjem ein lyslugga mann, grip Archontoulis om skuldra, og seier inn i mikrofonen: ««Yeah, yeah. Fucked her right in the pussy».

Mannen har seinare orsaka oppførselen sin, og fortel til VG at tenkte det berre var «litt kult» å seia memet, som har vorte eit Youtube-fenomen. Jepp. Det er berre såååå dritkult å trakassere andre på direkten. Og uansett, han har jo fått sine 15 minutt, på godt og vondt, i rampelyset.

Me blir i dag oversvømd av TV-seriar om sex, både såkalla søppelseriar og banebrytande seriar, det er artiklar om sex med både nyttig og svært unyttig innhald, Metoo-kampanjen har avdekt korleis seksuell trakassering av kvinner og menn har vore langt meir vanleg i stort sett dei fleste yrke. Og no har det altså vorte eit Youtube-meme. Men er det frigjerande?

Eit finsk fjernsynsteater hadde ikkje nådd opp i dagens mediebilete, uansett kor mykje badstusex det var i den.

Det hadde nok heller ikkje 1980-talets store fantasyserie «Sagaen om Isfolket». Men lite har kanskje frigjort norske kvinner som all sexen i dei 47 bøkene som den svensk-norske forfattaren Margit Sandemo skreiv i serien, mange av dei medan ho sat på ein kafe i bygdebyen Fagernes i Valdres. Der heng det framleis i dag eit portrettbilete av Sandemo, ved sidan av eit skåp med alle 47 binda i Isfolket-serien.

Det har vore så mykje snakk om all sexen i Isfolket, at ein nesten har gløymd kor lite det er av den. På 80-talet framstod forteljingane som reine pornoen. I dag blir du nok seksuelt skuffa om du opnar ei av bøkene att. Sett i dagens spotlys på kropp og kjønn, er det temmeleg lite skildrande sex.

Der 80-talets unge jenter drøymde om sex med fire demonar, sender dagens unge jenter nakenbilete av seg sjølve på Snapchat.

Synet på sex og nakenheit har definitivt flytta seg, om ikkje alltid til det betre.

Nærmast daglege nyheitssaker om leppeforstørring, puppeforstørring, penisforstørring og kjønnsleppeforminsking, blanda med gruppesex på direktesendt fargefjernsyn, har nok gjort oss svært så blaserte for kva som er (god) erotikk og ikkje, og kva som er frigjerande og ikkje. Synet på sex og nakenheit har definitivt flytta seg, om ikkje alltid til det betre.

Annonse

Margit Sandemo, som store delar av livet var busett i Valdres, døydde nyleg. No treng me rett nok ikkje eit dødsfall for å kunne ta eit blikk over hennar bidrag til litteraturen, men kva ho skreiv om er det verdt å ta ein runde på i dag.

Sandemo, som også mellom anna skreiv bokseriane «Heksemesteren» og «Sagnet om Lysets Rike», har seld vanvittige 37 millionar bøker. Størst av alt er likevel Sagaen av Isfolket, der me møter mange sterke kvinner, ofte langt forut for sine tider.

Margit Sandemo har vorte hylla av millionar av lesarar, men litterært har ikkje romanserielitteraturen – populært kalla «husmorporno» vore særleg akseptert, i motsetning til anna fantasylitteratur.

Kvinners seksualitet, seksuelle oppvaking og nyting har vore ein sentral del av Margit Sandemo si historieforteljing. I Sagaen om Isfolket møter me mange sterke kvinner, som har sex før ekteskapet, som har sex med fire demonar, som har sex med Lucifer sjølv, som drøymer om å ha sex med ein demon framføre ei stor folkemengd. Eller kvinner som berre har sex med mange menn. Me møter også kvinner – og menn – som har problem med sin eigen seksualitet, med ulike årsaksforklaringar, og som gjerne blir frigjort i løpet av ei historie, og som ikkje legg skjul på kor viktig seksuell nyting er.

Oppsummert

Margit Sandemo (1924–2018)

1 Svensk-norsk forfattar. Skreiv 185 bøker, som har seld i 37 millionar eksemplar.

Størst av alt

2 Sagaen av Isfolket er det største verket hennar, er omsett til fleire språk. Serien skildrar kampen mellom det gode og det vonde.

Frigjerande

3 For særleg unge kvinner har nok Sandemos skildringar av seksuell oppvaking vore viktige.

Margit Sandemo har sjølv vore open om overgrep ho har vore utsett for. I eit intervju med TV2 for nokre år sidan sa ho at ho måtte lesa seg til kunnskap om sex før ho kunne skildre det i bøkene sjølv. Så for henne, også, var kanskje forteljingane seksuelt frigjerande.

Det er ikkje superhøg litterær kvalitet på Sandemo sine bøker. Men det ho hadde, og som gjorde at bøkene vart så populære, var eit spesielt driv i forteljingane, og evna til å byggje opp innstendig kjærleik og hat til karakterane hos lesarane.

Du rekk å sakne Tengel den Gode og Silje skikkeleg mykje, før du blir like besett av Cecilie Meiden og Alexander Paladins fornuftsekteskap, der dei prøver å redde kvarandre frå straff, Cecilie frå eit svangerskap som var til med sex med ein gift prest i ei kyrkje og Alexander, som stod overfor skuldingar om homofili i 1600-talets Danmark.

Og du saknar desse karakterane når du blir dregen over i ei neste. Bøkene inneheld gode dosar dramatikk, vondskap, trolldom, mystikk, krig og kjærleik, om dei ikkje alltid var like historisk korrekte.

Som fantasyforfattar bør Margit Sandemo få plass mellom dei største. Men som frigjerar for kvinners seksualitet er ho ein bauta.

Diverre syner episodar som det Maria Archontoulis vart utsett for, kor kort me faktisk har kome.

Neste artikkel

Postkutt kan ramme bygda mest