Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forståeleg krise for sauebøndene

Tre pakkar fårikålkjøtt frå Gilde. Ein pakke fårikålkjøtt av merket Henriette. Tre pakkar litt udelikate lammekotelettar. Nokre langtidskokte lammeskankar frå Coop på øvste hylle. Det var utvalet i ein Coop Extra-butikk eg var innom førre veke. Du veit, butikkjeda som har supermarknadsutval til lågpris.

Slik: Lammekjøtt kan brukast til mykje, som til dømes kotelettar. Foto: Ruslan Olinchuk / Colourbox

Eller ein annan butikk (Kiwi) rett i nærleiken av Extra'n: Nokre store pakkar First Price-fårikålkjøtt, ein tokilos pakke lammeskank Høgfjellslam frå Nord-Gudbrandsdalen (frå Nortura) til 239 per kilo (altså 480 kroner til saman for pakken).

Er det rart det er krise for sauebøndene?

• LES OGSÅ: Slaktepris for en hel sau: Éi krone og 69 øre

Det siste året har industri og matkjeder meldt om auka sal av lammekjøtt. Det er bra. Men det er framleis uforståeleg vanskeleg å få tak i lammekjøtt, for ikkje å snakke om sauekjøtt, som det knapt er mogleg å oppdrive nokon stad lenger. Sjølv i hovudsesongen, som er no, er det altså ikkje så lett å få auge på lammekjøttet i butikkane. Men industrien, med Nortura i spissen, og kjedene seier at det er der. Eg er berre litt usikkert på kvar, og eg trur ikkje eg er åleine.

Det er jo ikkje slik at me som vil ha lam og sau på ein vanleg kvardag går eller køyrer frå butikk til butikk i jakta på ein pakke kotelettar eller lammeskiver. Har ikkje butikken me handlar i etter jobb det me skal ha, kjøper me noko anna. Og det blir jo aldri tomt for kylling og svin.

Så vil sikkert matkjedene seia at det handlar om etterspurnad. Og at dei ikkje kan ha varer i butikk som forbrukarane ikkje kjøper. Men då er me nettopp i kjernen for eit av dei store problema i norsk daglegvarehandel: Lågprisbutikkane. Ikkje nødvendigvis fordi dei er billige, men fordi det blir fleire og fleire av dei. Og lågprisbutikkane set si ære i å selje veldig mykje av veldig få varer.

Det tyder at om det ikkje er mange nok som vil ha ulike delikatesser og herlegheiter av saue- og lammekjøtt, så får du det ikkje i butikken i det heile teke. Eller du får berre fårikålkjøtt, når du eigentleg vil ha kjøttdeig eller pølser.

• LES OGSÅ: For få dagar sidan opplevde eg ein av mine største nedturar som sauebonde. Då mottok eg oppgjer for årets lam og slaktesau.

Kven er det då som har valt vekk lammekjøttet frå Coop Extra og Kiwi? Alle dei andre forbrukarane? Industrien (som Nortura og Fatland)? Eller matkjedene sjølve? Eg held ein knapp på sistnemnde, men også med ein god del skuldfordeling til industrien.

For: Skal du kunne kjøpe ei vare i ein butikk, så må den jo faktisk vera der. I butikken. I ei innpakning som innbyr til lyst. smak og matglede. Men i staden er det volumproduksjonen i norsk jordbruk som fyller kjøttdiskane. Det er svin og kylling – kraftfôretande dyr som går inne heile dagen og livet, som kan slaktast heile året, som rett nok ikkje smakar så mykje (i alle fall tykkjer ikkje eg det), men som dermed då også er lettast å produsere billig og utan stopp.

Det er jo noko merkeleg ved at landbruket bruker pengar på generell marknadsføring av storfekjøtt, som det er for lite av i Noreg, når kjøtt frå lam/sau kan brukast nett på same måten som storfekjøtt. Men kven vil ta på seg å inspirere forbrukarane til å basere tacofredagen på lammekjøttdeig? Industrien? Kjedene? Opplysningskontoret for egg og kjøtt?

Kjeder og industri: De gjer noko riv ruskande gale når de ikkje er i stand til å selje meir lammekjøtt.

Oppsummert

Overproduksjon

1 Det går på nytt mot overproduksjon av saue- og lammekjøtt i Noreg.

Gi-vekk-prisar

2 Konsekvensen er at sauebøndene får betalt slikk og ingenting for kjøttet dei produserer.

Skuld

3 Skulda må fordelast mellom politiske styresmakter som ikkje bremsar investeringane, og daglegvarekjedene og industrien, som ikkje satsar nok på sal i butikk.

Annonse

• LES OGSÅ: Furuberg vil ta priskrisa for sau opp med landbruksministeren

«Forbrukarane må få eta det dei vil», er svaret frå den kanten, tilsynelatande utan refleksjonar på at det faktisk er mogleg å inspirere oss til å velje annleis.

For lite storfekjøtt? Et lam. Lei av kylling? Et lam. Litt annan smak enn den evinnelege svinenakkekoteletten? Et lam. Og til dykk produsentar av anna kjøtt enn sau/lam som kanskje knurrar litt over kaffien no; det er berre slik ein blir når ein veks opp mellom sauer på ein fjellgard i Valdres.

Og er du ein av desse som har vakse opp med sau, om ikkje akkurat i Valdres, og som ikkje mista smaken på sau sjølv om den som låg i fårikålgryta eigentleg var ein vêr, så forstår du ikkje at det ikkje blir ete meir lamme- og sauekjøtt her til lands.

• LES OGSÅ: Bartnes om støtte til nye sauehus: – Får meiningslause konsekvensar

Kjære industri (spesielt Nortura og Fatland) og kjære daglegvarekjeder (alle dei tre store): De gjer noko riv ruskande gale når de ikkje er i stand til å selje meir lammekjøtt. I staden for at de lullar dykk inn i tåkeprat og blablablaing og skuldar på «forbrukarane», er det jammen på tide at de ryddar plass i hylla for oss som vil ha noko anna enn volumprodusert kjøtt også til kvardags. Og som slik kan sørgje for at sauebøndene får betalt det dei skal for kjøttet.

Sauebonde Ivar G. Slettemoen sa det akkurat slik som det er her i avisa i går: Det er ei skam. Det er ei skam når bøndene får 2-3 kroner kiloen for sauekjøtt. Det er ei skam at norsk matindustri ikkje har kome lenger i 2017, enn at dei ikkje heilt veit kva dei skal gjera med dette kjøttet.

Det er også ei skam at bøndene må bruke 41 millionar kroner på å dumpe saue- og lammekjøtt internasjonalt, samstundes som at Innovasjon Noreg framleis gir støtte til bygging av store, nye sauefjøs.

Det burde ikkje vore overproduksjon av sau og lam i Noreg. Men når ein ser utvalet i butikkane, er det fullt forståeleg at det er det.

Neste artikkel

Mindre fravær, mer medisin