Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fisk, folk og framtid i nord

Me har levd av fisk så lenge det har eksistert folk her oppe på den nordlege halvkula. Årets distriktsopprør langs kysten bør setje spor etter seg i norsk politikk i lang tid framover.

Demonstrerer: Nok er nok for mange folk, arbeidarar og lokalsamfunn i Nord-Noreg. No står kampen om fiskeressursane for fullt, som her i Melbu i Vesterålen. Foto: Siri Juell Rasmussen

Norsk fiskeripolitikk blir gjerne framstilt som ei suksesshistorie som stundom overgår til og med oljealderen. I fjor eksporterte Noreg sjømat til svimlande 91,6 milliardar. Men som med mykje anna bra, finst det også ei bakside.

Denne baksida har slått inn for fullt i år, sjølv om kystfolket har vore i harnisk lenge. Kystopprøret har demonstrert, arrangert folkemøte, skrive debattinnlegg som osar av raseri. Og dei gir sine stemmer til parti som støttar dei lokale kystfiskarane og fiskeværa sin kamp om og for fisken og foredlinga av den.

Kystopprøret er ei historie om korleis rettigheitene til fiskeriressursane i stadig nye omgangar har vorte samla på stadig færre hender. Om korleis ressursane og overskotet har forsvunne ut av lokalsamfunna og over til store norske eller multinasjonale selskap som driv trålarverksesmd og fiskeoppdrett i stor stil. Om korleis arbeidsplassane forsvinn frå den lokale fiskeindustrien. Om kvoteprisar som har tidobla seg sidan 2010, og slik gjer det vanskeleg, om ikkje umogleg, for unge å sjå for seg ei framtid som kystfiskarar.

• Les også: Først rauk skattekontoret, så lensmannskontoret. No er turen kome til legevakta og grendeskulene.

Og om korleis Kjell Inge Røkke på 1990-talet fekk med seg Ap og LO på laget slik at han kunne bli den største trålarkongen Noreg nokon gong hadde sett.

I Troms har motstand mot rådande politikk manifestert seg i SV-politikar Torgeir Knag Fylkesnes. Om han klarar å sikre seg eit direktemandat til stortinget, står att å sjå neste veke. Men SVs framgang i nord kan i stor grad tilleggjast Fylkesnes sin kunnskap og engasjement om fiskeripolitikken og kva konsekvensar den har for mange lokalsamfunn.

I vår føreslo regjeringa ved fiskeriminister Per Sandberg å oppheve aktivitetsplikta trålarane har, og å avvikle pliktsystemet som gjer at trålarane må tilby fisk til foredlingsanlegg på land i Nord-Noreg.

Betalinga Sandberg la på bordet var 100 millionar til lokalsamfunna og at trålarflåten må gi frå seg 20 prosent av torskekvotane sine. Billigsal og fjottpengar, var svaret frå nord. For 80 prosent av kvotane skal det nemleg ikkje lenger fylgje med pliktar.

Eller som Fylkesnes skildra det i eit intervju med Nationen i mars; «Se for deg at noen har gjort innbrudd i huset ditt, og får sitte igjen med 80 prosent av alt de tok. Og så krever fiskeriministeren at kysten skal juble for at de får 20 prosent av kvotene?».

Sandberg måtte til slutt trekke heile framlegget, men spørsmålet om kvotar og pliktsystem kjem opp att i det nye Stortinget. Det tyder at kampen ikkje er over. Og i Nord-Noreg hugsar folk svært godt kva som var årsaka til at trålarane fekk auka kvotar.

Årets distriktsopprør langs kysten bør setje spor etter seg i norsk politikk i lang tid framover.

Oppsummert

Kystopprør

1 Langs heile kysten har kystopprøret, som eigentleg er eit distriktsopprør, breidd om seg.

Får konsekvensar

2 Det får konsekvensar for valresultatet i Nord-Noreg, der parti som står last og brast med opprørarane styrkjer seg.

Framtida

3 Mykje står på spel i fiskerinæringa. Til sjuande og sist handlar det om kven som skal ta overskotet av Noregs rike naturressursar.

Annonse

• Les også kommentaren: La oss leggje ned distrikta

For å kunne skaffe seg større kvotar, gjekk trålarane med på ei rekkje krav, mellom anna ei plikt til å tilby foredlingsfabrikkane fisk, fordi mottaka mangla fisk gjennom året. I pliktsystemet ligg det ikkje ei plikt til å kjøpe eller selje, men til å tilby fisk.

Problemet til foredlingsfabrikkane er at denne fisken ofte er frosen ned. Og frose fisk har ein høgare verdi enn fersk fisk – altså blir det rett og slett for dyrt å kjøpe denne fisken. Noko som passar trålarar som frys ned fisken og fraktar den til Aust-Europa eller Kina svært bra.

• Les også debattinnlegget: Et kvotesystem for hvem?

Havet er ei allmenning, men som allmenningar flest må haustinga forvaltast. Ressursane er eigd av Noreg, men nokon kan – gjennom kvotekjøp – leva av å hauste og vidareforedle ressursane. Forvalta på rett måte er fiskeressursane evigvarande. Det sentrale spørsmålet i heile debatten er kven som skal ha rettigheitene til fisken.

Årsaka til kystopprøret er ei kjensle av å bli rana for ressursane, nok ein gong. Ressursar som skal tilhøyre lokalbefolkninga å nytte. Frå 2016 har Nord-Noreg vorte ein kvotemarknad. NRK dokumentert i juni berre på eitt år har gått 46 fiskekvotar ut av Finnmark, medan berre ni fiskekvotar har kome inn i fylket. Kvotesal har vorte millionforretning, og det er nærmast umogleg for unge som vil inn i næringa å kjøpe seg ein kvote. På få har kvoteprisane vorte tidobla.

Så er spørsmålet om løpet er køyrd. Om strukturutviklinga i fiskeri har kome så langt no, at det ikkje er mogleg å gjera noko med den.

I så fall blir det berre nok ei historie om utarming av lokalsamfunn – og verdiar som fell i fisk.

Neste artikkel

Riksrevisjonen er ikke fornøyd med NIBIOs økonomistyring