Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Er sauebøndene Dales offerlam?

Overproduksjonen av lam nærmar seg ei krise for sauenæringa. Mange bønder opplever no så store priskutt at det verkeleg vil svi økonomisk.

Det ligg an til eit overskot av lammekjøtt også i 2017. Det gjer at bøndene får store kutt i inntekta si. Foto: Hilde Lysengen Havro

La oss spole attende til 2014. Noreg har i mange år ikkje vore sjølvforsynt med lammekjøtt. Målprisen på lammekjøtt vart fjerna året før, trass i protestar mot at det vil bli vanskelegare å regulere ein mogleg overproduksjon.

Etter mange år, der økonomien i sauenæringa hadde sokke som ein stein til botnen, hadde sauebøndene endeleg fått eit nødvendig løft i prisen på lammekjøtt. Økonomien hadde ikkje halde tritt med kostnadsutviklinga.

I 2015 byrjar det å snu. Dei fyrste teikna på overproduksjon kjem til syne. I 2016 er det krise, ved nyttår 2016/2017 ligg 3200 tonn lam på reguleringslager, og den siste prognosen frå Nortura, som kom 8. mars, reknar med at det blir eit overskot på 1200 tonn også for inneverande år. Samstundes med at produksjonen har auka, har engrossalet gått ned. Frå 2015 til 2016 auka produksjonen frå 24.996 tonn til 25.402. tonn. Engrossalet av heile og halve slakt har derimot gått ned frå 25.501 tonn til 24.557 tonn.

Gitt at daglegvarekjedene sjølve i fjor haust melde om auka sal, er det grunn til å lure på kvar dette salet har kome.

La det vera heilt klart. At norske sauebønder har klart å auke produksjonen er flott. Det skulle då berre mangle om ikkje Noreg – som er skapa for utmarksbeite og småfe – er sjølvforsynte med den delikatessa det er å eta kjøtt frå dyr som har gått ute og beita gras og urter.

Modellen for norsk jordbruk og marknadsregulering er i seg sjølv solidarisk. Det er fellesskapen – bøndene – som saman skal løyse og betale for overproduksjon. Hovudutfordringa er at salet ut til forbrukarane ikkje har halde tritt med produksjonen. Difor er det svært velkome når Nortura og Norgesgruppen går saman om å selje meir lam.

Då målprisen på lammekjøtt vart fjerna frå 1. juli 2013, saman med målprisen på egg, var årsaka at Noreg nådde taket på kor mykje prisstøtte den gule boksen i WTO kunne gi. Taket er fastlagt, og blir ikkje indeksregulert. Gitt at løns- og kostnadsnivået generelt aukar, må nokre produksjonar ut av målprisen for at målprisen kan aukast for andre. Men utan målpris har også jordbruket mindre kontroll.

I WTO i 2015 forsvann også eit viktig reguleringstiltak for overproduksjon: Å kunne bruke omsetningsavgifta til å eksportere lammekjøtt. Norsk jordbruk blir klemt inne av WTO-systemet med grenser for tollvern på den eine sida, og taket på gul boks (i liberalistisk sjargong heiter dette «handelsvridande støtte») på den andre.

«Modellen for norsk jordbruk og marknadsregulering er i seg sjølv solidarisk.»

Oppsummert

Overproduksjon

1 I 2016 var det overskot av lammeproduksjon, og det er venta eit overskot også for inneverande år.

Treng tiltak

2 Det er bøndene sjølve som taper på overproduksjonen, samstundes som at statsråd Jon Georg Dale ikkje vil setje ned foten for nye, store fjøs.

Strukturendring

3 Konsekvensen på sikt kan bli at mindre sauebønder gir opp.

Annonse

I dag er det altså færre verkemiddel til rådvelde for regulering av lammeoverskotet. Nokre tiltak finst rett nok. I fjor leverte mange bønder lamma sine til slakting tidlegare, noko Nortura oppmodar om også i år. Mindre lam gir som kjent færre kilo. Men det hjelp ikkje om det blir mange fleire lam.

I tillegg har sauebøndene fått kraftige kutt i kiloprisen. Saman med auka omsetningsavgift gir det store kutt i økonomien til kvar einskild bonde. Det er eit paradoks at bøndene får store kutt, samstundes som at det framleis blir gitt tilskot til å byggje nye, store fjøs. Innovasjon Noreg melde alt i fjor om at dei ville trø på bremsen når det gjeld støtte til nye fjøs. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har sagt at det er eit uaktuelt tiltak. Han meiner det må bli opp til kvar enkelt bonde å avgjera om dei vil byggje nytt. Bak Dales nei ligg eit ynske om strukturendring. Det er enklare for dei mindre bruka, med nedbetalte lån, å leggje ned, enn dei som har bygd stort og nytt.

Det er mogleg å avgrense støtta til sauefjøs, til dømes ved å seia nei til nyetablerarar som byggjer store, nye fjøs, men samstundes seia ja til dei som sårt treng oppgradering av gamle fjøs. Det er også mogleg å seia nei til utbyggjing i visse regionar.

Det kan ikkje vera opp til kvar og ein å ta den avgjerda, når fellesskapen tapar. Dei felles ordningane i jordbruket tillèt ikkje frislepp i det omfanget regjeringa legg opp til. Når prisen går ned, vil også bønder søkje å auke produksjonen for å kompensere for inntektstap. Og då er ein like kort.

Eit spørsmål som naturleg nok melder seg rundt om hos mange sauebønder, er om det bør innførast eit kvotetak for produksjon. Medan andre næringar i jordbruket har kvotetak, er det fritt fram i sauenæringa. Totalt gir frisleppet regjeringa legg opp til det vanskelegare for marknadsregulator Nortura å gjera jobben dei skal.

Så står det viktigaste sjølvsagt att: Å auke salet av lammekjøtt i butikkane. Gjerne på kostnad av importert storfe.

Neste artikkel

Steinmalt fra mølleren i Spydeberg