Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Er det berekraftig å eta kjøtt?

Nei, seier (ein del) miljøvernarar. Ja, seier jordbruket. Kven kan du stole på?

Kjøtt og mjølk: Desse mjølkekyrne, på Olø-stølen i Vang i Valdres, bidreg også med kjøttproduksjon. Det gjer norsk kjøttproduksjon meir etisk og klimamessig berekraftig. Foto: Hilde Lysengen Havro

Fakta er uansett at kjøttproduksjonen totalt utgjer ein mindre del – om lag fem prosent – av dei totale utsleppa i Noreg. Den store syndaren er olje og gass, ikkje kua.

Er det då slik at landbruket berre kan halde fram med å forureine? Nei, sjølvsagt ikkje. Også jordbruket må sjølvsagt snu alle steinar. Men matproduksjonen kan aldri bli utan utslepp. Og det er naivt, uforstandig og kunnskapslaust å tru at ein bergar klimaet ved at det blir mindre sauer og kyr i Noreg.

I debatten om kvar utsleppskutta skal takast, er det enklare for miljøorganisasjonar som Framtiden i våre hender å ta for seg landbruket enn å ta olje- og gassektoren. Det er lettare å kritisere ein skarve sauebonde, som i statsbudsjettet kan sjå ut som ein utgiftspost, enn å ta ei næring som gir oss velstand og lukke. I tillegg til gigantiske utslepp og klimaendringar, sjølvsagt.

Men resonnementet og reknestykket blir for enkelt, når kua og sauen nesten blir framstilt som hovudårsaka til klimaendringane. I ein artikkel på nettstaden Forskning.no måndag denne veka blir på nytt storfekjøttet trekt fram som klimaversting. Årsaka er at kua tygg drøv og rapar og prompar metangass.

Likevel er det eit paradoks at kunnskapen om kvifor kua tygg drøv sklir heilt unna i debatten om klimaendringar, miljøavtrykk, etisk produksjon, dyrevelferd og langsiktig berekraft.

Kua kan eta gras fordi ho tygg drøv. I Noreg er det svært mykje gras, lyng, blomar og urter, som menneske verken bør eller kan eta. Dyrkbar jord, derimot, er det lite av i Noreg – berre tre prosent. Klimaet i Noreg gjer også at det er vanskeleg å dyrke ein del grønsaker og frukt, og vekst- og dyrkesesongen er kort. Me kan nyttiggjera oss av utmarksressursane gjennom beitedyr, som me så haustar kjøtt og mjølk frå.

Det er ikkje berekraftig på sikt å senke norsk matproduksjon, og dermed også senke sjølvforsyningsgraden i Noreg, ved å erstatte norske ressursar med import. Difor må ein tole at det framleis er klimagassutsleppet frå jordbruket.

Til grunn for påstanden på Forskning.no ligg ei samanstilling av 369 studie frå heile verda, som to australske forskarar og ein britisk forskar har gjort. Studia har sett på utslepp av klimagassar ved 168 matvarer. Konklusjonen er altså at storfe er noko av det verste ein kan ha i seg.

Kua et gras fordi ho kan tygge drøv.

Oppsummert

Raudt kjøtt, nok ein gong

1 Kjøtt frå storfe blir nok ein gong stempla som klimaversting.

Heng ikkje på greip

2 Det har likevel ingen verdi å bruke internasjonale tal som grunnlag for den norske debatten om matproduksjon og sjølvforsyning.

Norske tilhøve

3 Det er på tide at miljøorganisasjonar og forskarar tek utgangspunkt i faktiske norske tilhøve i klima- og matdebatten.

Annonse

På lista over klimavenleg mat, ifylgje forskarane, står mat me produserer lite eller ingenting av i Noreg. Grønsaker dyrka utandørs gir minst klimaavtrykkk. Frukt, korn, bær og nøtter dyrka ute gir heller ikkje store klimautslepp. Ris gir noko meir utslepp, ifylgje forskarane, og nærmar seg kylling og fisk. Når såg du forresten sist ei rismark i Noreg? Svinekjøtt står også på tommel opp-lista. Men kva et grisen, og etter kvart også laksen? Soya frå Brasil.

Gris og laks og kylling kan ikkje eta graset som kyrne på biletet over gjer. Desse kyrne beitar i om lag 1000 meter over havet i løpet av nokre veker på sommaren. Denne utmarka, som anna utmark i Noreg, er ein viktig del av matberedskapen vår.

Klimaspørsmålet er samansett. Men det er ikkje sånn at du bergar verda ved å eta kylling i staden for lam. Flytrafikken utgjer eit langt større klimaproblem enn biffen og lammekotelettane. Det er til dømes ikkje berekraftig å ta flyet til Berlin for å gå på veganrestaurant. Vil du verkeleg gjera noko med klimautsleppa, så ferierer du meir heime. Du droppar også avokadoen i salaten, og marsipanen til kaffien, sidan både avokado og mandel bruker enorme mengder vatn, og er svært ressurskrevjande å produsere. Det er heller ikkje særleg klimavenleg å eta isbergsalat flydd inn frå USA.

Å samanlikne klimagassutslepp per kilo, slik som Framtiden i våre hender gjer, er heller ikkje særleg fruktbart. Ein kilo importert rå tomatar inneheld 120 kaloriar. Ein kilo entrecote frå inneheld 2000.

Det har svært liten verdi for den norske debatten og kunnskap om matproduksjon å syne til amerikanske rapportar og globale gjennomsnittstal. Det bidreg heller til ei fordumming av debatten. Ifylgje samlerapporten bidreg storfe med rundt ti prosent av all menneskeskapt global oppvarming. Jordbruket i Noreg står for rundt åtte prosent av våre klimagassutslepp, altså totalt under det globale delen storfe står for.

Sjølvsagt seier det noko om kor store utslepp me har i andre sektorar, men det seier også at norsk kjøttproduksjon er meir klimavenleg enn mange andre stader.

Neste artikkel

Kari Gåsvatn: Veier til et giftfritt landbruk