Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det Store Feriepresset

Kva ville arbeidarane som kjempa fram retten til ferie tenkt, om dei hadde høyrt dagens debatt om feriepresset?

Me brukar stadig meir pengar på ferie, og legg stadig større press på oss sjølve for å ha ein vellukka ferie. Kanskje på tide å roe ned? Foto: Berkut / Mostphotos.

Truleg ville dei trudd at me var heilsprøe. "Berre til Danmark i ferien?", liksom? "Me reiser alltid tre veker til Thailand." "Var du berre på hytta i ferien? Kor fattig er du, då?"

For 102 år sidan fekk arbeidstakarane i jern, metall- og bergverksindustrien rett til fire dagar ferie. Tre år seinare, i 1919, vart det lovfesta rett til ei veke ferie. Spranget opp til fem vekers lovfesta rett til ferie for arbeidsplassar med tariffavtale har vore bra, ikkje berre for arbeidstakarane, men og arbeidsgivarane.

I dag er rådet å spørje om kva ein har gjort, og ikkje kvar ein har vore. Slik kan ein motarbeide misunning og kjensla av å vera fattig. Bade kan ein gjera i eit vatn nær heimen like godt som i Middelhavet eller det Indiske hav. Det er sjølvsagt heilt rett. Om det finst born og unge av ei anna oppfatning, tyder det på at nokon vaksne er heilt på styr.

Det blir meldt om eit høgare press på familiar om å reise på ferie. Ifylgje SSB brukte me svimlande 180 milliardar kroner på reise i fjor. Då er ikkje billigvarianten på hytta, om du har ei slik, alternativet. Særleg foreldre med vaksne born kjenner at dei må bruke mykje pengar på ferie. Ungdomen samanliknar seg med kvarandre, om det er hår, klede eller utsjånad. Og no også kule og artige feriar, der ein gjerne reiser langt av stad eller gjer spektakulære ting.

I ei undersøkjing Ipsos har gjort for DNB, kjem det fram at éin av tre spurde foreldre kjenner eit press på å reise på ferie fyrst og fremst fordi borna vil ha noko å snakke med jamaldringar om når ferien er over.

Men om ein skulle hatt råd til å reise på ein dyr ferietur; kvifor er det ikkje nok berre med ei tur på hytta? Eller late sommardagar heime, hjå vener, familie eller besteforeldre? Ein telttur i skog eller fjell? Campingtur ved sjøen?

Syden var eit udefinert land i sør som ein knapt reiste til, men sjølvsagt hadde høyrt mykje om.

Annonse

Fyrst og fremst syner det den klassereisa norske familiar har gjort dei siste 30 åra. Dei fleste familiar har fått to inntekter. Mange postar på budsjettet, som mat og klede, har vorte svært mykje billigare. Ikkje minst er det mykje billigare å fly i dag. Med stor glede fyk me av garde på lågprisbillettar. I kondensstripa etter oss ligg fjerning av opparbeidde rettigheiter for personalet i flyselskapa og store klimagassutslepp. Og gjelda aukar: Norske hushald har den nette sum av 5500 milliardar kroner i gjeld.

Eg innser at eg er i ferd med å dra på åra. Då eg vaks opp, på det pastellrosa steinvaska 80-talet, var utanlandsferiar noko ein kanskje gjorde kvart femte år. Om ein då ikkje budde i nærleiken av Sverige og hadde campingvogn. Då kunne ein enkelt og greitt hekte den bakpå bilen og køyre i veg.

Syden var eit udefinert land i sør som ein knapt reiste til, men sjølvsagt hadde høyrt mykje om. I dag er det slik at ungane knapt har kome til før dei er på si fyrste langflyging til Florida eller Phuket.

Det er klart, dei veldig lange feriane vart det ikkje uansett, i tilfelle slåttevêret vart bra, eller om sauene bestemte seg for å forsyne seg av hagens eller naboens grøderike avlingar. For bøndene er gjerne mykje av den viktigaste jobben på sommaren. Det er då ein legg grunnlaget for avlingane som menneske og dyr skal leva av dei neste månadane og året. Fellesferie er, om ikkje eit ukjend omgrep i landbruket, så i alle fall noko som er vanskeleg å gjennomføre for landets matprodusentar.

Oppsummert

Feriae

1 Ferie kjem av latinsk "feriae", som tyder festdag, og kom til Noreg som eit framandord.

Opptente rettar

2 Arbeidarrørsla stod i bresjen i kampen for ferie og fritid. Dei fyrste som fekk framforhandla feriedagar, var typografane i Oslo, som på slutten av 1890-talet fekk tre feriedagar.

Dyr hygge

3 Me skal bruke gjennomsnittleg 22.090 kroner per husstand på ferie, ifylgje DNB.

Det er mogleg feriepresset er større i urbane enn rurale strøk. Og nokon vil kanskje også meine at feriepress-diskusjonen, som har vorte ein årleg tradisjon i mai og juni, er eit såkalla i-landsproblem. Altså eigentleg ikkje eit problem. Har du 40.000 kroner å svi av på ferien, kor synd er det eigentleg på deg då?

Ikkje synd i det heile teke, sjølvsagt. Og så er det slik at også problem i rike land, kan vera reelle problem. Særleg for dei som ikkje har så mykje pengar. Og som kanskje har eit feriebudsjett på nokre få tusenlappar, om ein i det heile har det.

Rundt 100.000 born veks opp i familiar som har låg inntekt. Feriepresset fortel mest av alt om eit klasseskilje, som i dagens Velstands-Noreg burde vore utviska.

Fyrst og fremst har vaksne eit ansvar for å skapa haldningar hjå den håpefulle og oppveksande generasjon nye menneske. For ungar har gjerne haldningane sine ein stad frå. Kanskje ein start kan vera å seia "heldigvis skal me ikkje til utlandet i år?"

Neste artikkel

Håpet om norsk jernbanepolitikk er lysegult