Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den store sukkerbomba

Etter den søte kløe, kjem den sure svie. Slik må det i alle fall kjennest for den delen av norsk næringsmiddelindustri som blir råka av det kraftige hoppet i sukker- og sjokoladeavgiftene.

Ligg unna: Sjokolade- og sukkervareavgifta aukar kraftig neste år, saman med avgifta for alkoholfri drikke. Til saman skal det gi 1,8 milliardar i inntekter til staten. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Ei av suksesshistoriene til helseminister Bent Høie (Høgre) er at han har fått med seg 80 aktørar i mat- og drikkebransjen på bransjesamarbeid om reduksjon av sukker, feitt og salt. Tonnevis med sukker har vorte fjerna frå varene. Nye, sukkerfrie alternativ har kome til, noko som openbert gir ein helsegevinst på sikt. Takka? 83 prosents avgiftsauke, også på fleire varer som ikkje inneheld sukker.

Om ikkje Høies arbeid er lagt heilt i grus, er drikkevareindustrien så forbanna over den plutselege julegåva frå regjeringspartia og kompanjongane i Stortinget, at den har lagt heile intensjonssamarbeidet med Høie på is. Det var truleg ikkje det Høie hadde håpa på.

Det er liten tvil om at tidenes avgiftshopp for sjokolade- og brusindustrien er eit resultat av politisk hestehandling. Kor mykje kosta det å få KrF si støtte for regionen Viken (mest kjend som regionen ingen skulle tru at nokon kunne opprette)? Pengar til ein ny lærarnorm, utan å vita om ein faktisk har lærarar nok til å oppfylle den. Kraftig avgiftsauke for ein konkurranseutsett industri neste år.

Utfordringa for sjokolade- og brusindustrien er at det ikkje er så lett å vinne fram med forståing av at det er dumt å skattleggje usunne varer. For mykje sukker og sjokolade er som kjend usunt. Så kvifor er det ikkje heilt fint å berre la den vera? Det er fleire årsaker til det.

Innretninga på sukkeravgiftene «Avgift på sjokolade- og sukkervarer mv.» og «Avgift på alkoholfrie drikkevarer» er at dei går litt i den retninga som den berømmelege høna sparkar. Altså i alle retningar, utan ein særleg klar dokumentasjon på kvifor avgiftene er innretta slik dei er. Noko Høgre og Frp var svært kritiske sjølv, då dei sat i opposisjon, for å nemne det. Men mykje brus – med og utan sukker – er drukke sidan den gongen.

For kva er logikken i at råmarsipan, altså ein slik halvkilos rull med marsipan som du anten kan eta av direkte, eller tilsetje konditorfarge og trille ut til fargerike marsipankuler, skal vera unntatt avgift? Halve marsipanrullen kan vera sukker. Kva er logikken i at marsipanfigurar i ei julemarsipanpakke frå Nidar får avgiftsauke på 83 prosent? For ordens skuld kan marsipanen frå Nidar innehalde mindre sukker og meir mandlar enn den avgiftsfrie marsipanen.

Og kva er logikken i at sukkerfrie pastillar frå Dent, Doc og Ricola får auka avgift, medan Nugatti, Bixit og Snickers (ingen bidreg openbert til betre folkehelse) ikkje er avgiftslagt? At Småsulten med bær får avgift, men ikkje Toros sjokoladekake i langpanne-ferdigmiks?

Eller som finanspolitisk talsmann i KrF, Kjell Ingolf Ropstad, sa til VG tysdag – der døma over også er teke frå; avgiftene treff i all hovudsak godt. Høgres helsepolitikar Sveinung Stensland ber i same avis folk tenkje på at dei er med på å finansiere ein lærar når dei til neste år tek ein slurk sukkerfri cola. Det er mogleg det var meint med ein ironisk snert til KrF, men eg høyrer ikkje at industrien ler.

Kva er logikken i at råmarsipan, der halvparten kan vera sukker, er unntatt avgift?

Oppsummert

Sukkersjokket

1 Næringsmiddelindustrien har fått eit uventa og kraftig hopp i to av tre sukkeravgifter for 2018.

Ikkje lenger fiskal

2 Sjokolade- og sukkervareavgifta aukar med 83 prosent, medan sukkeravgifta for alkoholfri drikke aukar med 40 prosent.

Uviss helsegevinst

3 Avgiftssjokket blir grunngitt med helsemessige årsaker, men dokumentasjon på at det faktisk blir slik, finst ikkje.

Annonse

Eit anna moment er at fylgjande formulering har stått i Statbudsjettets tilleggsdokument «Skatter, avgifter og toll» i årevis. «Avgiften er først og fremst fiskal, men avgiften har også en helsemessig begrunnelse.» Når ei avgift er fiskal, tyder det at føremålet fyrst og fremst er å skaffe inntekter til staten. Avgiftsauken dei siste åra har vore på to prosent (kvart år).

I løpet av nokre dagars budsjettsamarbeid med nytt parti på vippen i Stortinget, har avgifta plutseleg fyrst og fremst vorte helsemessig grunngitt – utan at det er dokumenterte helsegevinstar.

Eit tredje moment er at ein industri – faktisk over natta – blir pålagt ei avgiftsauke på 1,8 milliardar, utan at den er konsekvensutgreidd med tanke på handelslekkasje, verdiskaping og arbeidsplassar.

For at eg og du og KrFs helsepolitiske talskvinne Olaug Bollestad skal få ein helsemessig gevinst av avgifta, må den føre til at me kjøper mindre sjokolade og et færre marsipangrisar. Det blir ingen folkehelsegevinst om det er slik at me reiser til Sverige for å kjøpe billig brus, eller om me handlar snop på nett eller på taxfree'n.

For øvrig har budsjettpartane i same schwung auka grensa for handling på nett; me kan altså no handle avgifts-, skatte- og tollfritt for 350 kroner – per handel.

At KrF i løpet av tysdagen alt snakka om å frita sukkerfri brus for avgift, demonstrerer kor dårleg gjennomtenkt avgiftsauken er.

Neste artikkel

Quislings frigjorte barn