Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den skjulte matmakta

Makt kan koma til syne på mange vis. Til dømes ved at ei daglegvarekjede eig konkurrenten sitt butikklokale.

Norgesgruppen er største daglegvareaktør i Noreg, med over 40 prosent av marknaden. Det gir makt, men også ansvar. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Korleis skvise konkurrentane mest mogleg? Det er aktørane i daglegvarebransjen vorte ekspertar på. Men det handlar ikkje berre om å sende ut ein hær av prisjegerar i konkurrentane sine butikkar. Eller å tyne ekstra kroner ut av leverandørane for at dei skal få godt med plass i butikkane.

Du kan like gjerne kjøpe opp lokalet konkurrenten din driv butikk i. Det høyrest for godt ut til å vera sant at Coop driv og betalar leigekroner til Norgesgruppen. Men det skjer i fleire og fleire butikkar, og etter eit oppkjøp av ein eigedom i Bergen der Coop Extra Sædalen driv butikk, valde Konkurransetilsynet å ta kontakt med Coop.

Med god grunn. Om det ikkje er ulovleg, er det med dagens maktkonsentrasjon i daglegvarebransjen høgst problematisk. Ikkje berre er det ein måte å skaffe seg nye butikklokale ved å kunne hive ut konkurrenten når kontrakten går ut. Ein kan også la vera å halde eigedomen i stand eller nekte å gå med på utviding og utvikling av lokale. Om det er greitt eller ikkje, bør vera enkelt å svara på, også for Norgesgruppen.

Oppkjøp av eigedomar og fortrinnsrett til å ta over leigekontraktar (såkalla opptrinnsrett) har vore eit tema i daglegvarebransjen i nokre år.

Nationen kunne fredag avsløre at Norgesgruppen eig fleire av Coop sine butikkar, eller har skaffa seg fortrinnsrett til ny leigekontrakt når Coops eksisterande leigekontrakt går ut. Det var fyrst då leigetakar Coop ville kjøpe lokala til Extra-butikken at daglegvarekjeda vart klar over at Norgesgruppen hadde fortrinnsrett til å kjøpe lokalet.

Bak kulissane i den offentlege debatten strammar matmakta seg til gjennom å kjøpe opp og kontrollere eigedomar. Oppkjøp av eigedomar og fortrinnsrett til å ta over leigekontraktar (såkalla opptrinnsrett) har vore eit tema i daglegvarebransjen i nokre år.

Me kan til dømes spole attende til 2012, då Norgesgruppen kjøpte opp eigedomane til Ica Maxi-butikkane gjennom selskapet Lagopus. Konkurransetilsynet gav Norgesgruppen i 2014 overtredelsesgebyr på 25 millionar for å ikkje ha rapportert inn kjøpet. Norgesgruppen meinte innrapportering ikkje var nødvendig, fordi det ikkje var snakk om butikkoverdragelse, og at oppkjøpet seinare i 2012 også vart godkjend av Konkurransetilsynet. Norgesgruppen aksepterte likevel gebyret. "Vi ønsker allikevel ikke å belaste rettssystemet og egen organisasjon med denne saken", sa dåverande konsernsjef Tommy Korneliussen i Norgesgruppen i ei pressemelding. Så raust.

Annonse

Oppsummert

Tre store

1 Dei tre store daglegvarekjedene i Noreg brukar openbert ulike middel for å hindre konkurrentane i å vekse, ikkje berre låg pris og betre utval.

Eigedom

2 I fleire saker dei siste åra har det vorte avdekt korleis kjedene arbeider for å skaffe seg eigarskap eller leigekontrakt til lokale konkurrentane driv butikk i.

Konkurranse

3 Oslo Economics har peikt på tilgang på gode butikklokale som eit hinder for konkurranse i daglegvaremarknaden.

I 2015 avdekte Aftenposten at Rema 1000 hadde jobba systematisk i kulissane for å snappe opp rundt 20 gamle Ica-butikkar frå Coop. Metode: Direkte kontakt med eigarane av butikklokala for å overta leigekontraktar. I fleire av kontraktane var det nedfelt at når eigedomen vart seld, kunne leigekontraktar med nye leigetakarar skrivast.

I januar i 2017 avdekte Dagens Næringsliv at Norgesgruppen hadde kome inn på eigarsida for butikklokala til eit 30-tals Coop-butikkar. Det hadde skjedd gjennom eigedomsoppkjøp gjort av Union eiendom via fondet Union Real Estate II, der Joh Johannson Eiendom AS den gongen eigde 19,7 prosent av aksjane.

På grunn av storleiken sin er alle dei tre store daglegvarekjedene underlagt såkalla utvida opplysningsplikt. Det tyder at selskapa, også Norgesgruppen, må informere Konkurransetilsynet som oppkjøp og fusjonar. Ei grei sak, skulle ein tru, å sende melding til Konkurransetilsynet "Hei! Me er i ferd med å kjøpe opp eigedom ditt og datt, der og her."

Men ikkje for Norgesgruppen. Både i 2012 og ved oppkjøpet av butikklokala til Coop i Sædal i Bergen, meiner Norgesgruppen at så lenge det ikkje handlar om kjøp av butikkverksemd, så har ikkje Norgesgruppen opplysningsplikt.

For det fyrste bør det vera Konkurransetilsynet som avgjer når Norgesgruppen har opplysningsplikt og ikkje. For det andre er det litt merkeleg at Norgesgruppen ikkje berre kan sende i vegen ei melding til Konkurransetilsynet med ein gong eit kjøp er gjennomført.

Mange spørsmål står att. Difor treng me ei oversikt over det openberre konglomeratet av eigedomsselskap og kven som eig, og gjennom kva selskap, når det gjeld butikklokala. Konkurransetilsynet må også få innsyn i eigedomsavtalar der det blir drive daglegvarebutikkar, for å kunne sjå kva kjeder som har skaffa seg rett til å kjøpe opp eller leige eit lokale.

I ein marknad med så sterk maktkonsentrasjon, må ytterlegare forsøk på å sikre seg makt fram i lyset. Det er det minste me som handlar mat i butikkane kan krevje.

Neste artikkel

Vi må planlegge for klimaendringer