Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Då Holocaust kom til Noreg

På kaia står 532 norske jødar – menn, kvinner, born og gamle – og ventar på å bli sendt om bord på det tyske skipet D/S Donau. 26. november 1942 kjem for alltid til å framstå som ein av dei mørkaste dagane i norsk historie.

Seglar mot døden: DS Donau forlèt Amerikalinjens kai Utstikker 1. Om bord er 532 norske jødar. Til saman vart 772 jødar deportert frå Noreg, berre 34 overlevde. Foto: Georg W. Fossum / NTB scanpix

Mennene har vorte transporterte frå Berg, der dei har vore internerte sidan oktober, arresterte av norsk politi og Hirden. Kvinner og born vart henta i drosjer klokka seks denne kalde vintermorgonen.

Når skipet legg frå kai klokka 14.55 for å segle ut Oslo-fjorden til Stettin i Tyskland, veit tyskarane og norske kollaboratørar at få, om ingen, vil koma attende.

NRK har denne veka sendt i reprise dokumentaren «Trikken til Auschwitz», som handlar om Samuel Steinmann, ein av få norske jødar som overlevde utryddingsleirane under andre verdskrigen. Med sin stillferdige forteljarmåte grip no avdøde Steinmann sjåarane med grusomheitene han gjennomlevde etter å ha vorte deportert frå Noreg i 1942.

I løpet av det fyrste døgnet i Auschwitz-Birkenau mistar han 18-20 familiemedlemer. Av dei 186 norske jødane som blir definerte som arbeidsdyktige, og dermed ikkje sendt direkte i gasskamra, er eit fåtal i live nokre månader seinare. Resten er slått i hel, har svelta i hel eller fryst i hel.

Totalt vart 772 norske jødar deportert. 34 overlevde, mellom dei var Steinmann. Han fortel enkelt og greitt korleis ein etter kort tid blir så avstumpa kjenslemessig at ein ser på sine eigne medfangar som kveg.

Kven som overlevde av mennene, var svært tilfeldig. Steinmann overlevde fordi han vart plukka ut til å vera sjukepleiar. Kameraten hans Herman Sachnowitz overlevde fordi han vart teken opp i leirorkesteret.

Eit av spørsmåla som blir stilt i filmen er korleis kunne det bli eit jødeproblem i Noreg? Korleis kunne jødehatet vekse fram i Noreg, eit land der det i 1921 var 1400 jødar? Kva er det som får folk til å meine og tru at andre menneske er mindre verdt, på grunn av hudfarge, religion eller etnisk opphav? Når blir små born bilete på ein fiende så fæl, at den må fordufte frå jordas overflate?

20. januar 1942 møttest tyske nazioffiserar i Wannsee utanfor Berlin. Dagsorden var å planleggje «Endlösung der Judenfrage» – den endelege løysinga på jødespørsmålet. Ei industriell utrydding av menneske med grunnlag av at dei var jødar, var i gang. Ein plan så vondskapsfull at dens konsekvensar knapt kan bli forstått av andre enn dei som vart råka av dei.

Holocaust var ikkje noko som skjedde «der ute», altså ein meir eller mindre definert stad i Tyskland, Polen eller Ukraina. Det skjedde i Noreg, Belgia, Nederland. Interessant nok er dei europeiske landa der styresmaktene på ein eller annan måte samarbeide med tyskarane, også dei landa der flest jødar overlevde Holocaust.

I løpet av det fyrste døgnet i Auschwitz-Birkenau mistar Samuel Steinmann 18-20 familiemedlemer.

Oppsummert

Deportasjonar

1 Sundag er det 75 år sidan 532 norske jødar vart deportert til Tyskland og derifrå sendt vidare til utryddingsleiren Auschwitz-Birkenau.

Få overlevde

2 Berre 30 norske jødar overlevde Holocaust. Dei kom heim til konfiskerte bustader og forretningar.

Må lære

3 Trass mantraet om at me aldri må la det skje igjen, pågår det ei etnisk reinsing av rohingyaar i Myanmar. Nett no.

Annonse

Danmarks kollaboratør-regjering klarte lenge å vinne fram med at dei danske jødane ikkje skulle deporterast. Då den danske regjeringa gjekk av i slutten av august 1943, vart det også eit ytterlegare press på jødane.

Ein storstilt redningsaksjon i oktober same år kom i stand etter at den tyske riksfullmektige Werner Best sjølv lakk opplysningar om at dei danske jødane skulle arresterast og samlast inn natta mellom 1. og 2. oktober til den tyske diplomaten Georg Ferdinand Duckwitz, som sende informasjonen vidare.

I overkant av 7000 danske jødar vart smugla i båtar over til Sverige dei neste vekene. Heller ikkje Finland overleverte jødar til Tyskland under andre verdskrigen.

Dei få overlevande, og mange av dei 1100 som klarte å flykte, opplevde å ha mista forretningar, bustader og eigedelar då dei kom attende. Og ei rettvis behandling av jødane var ikkje det som stod øvst på dagsorden i landssvikoppgjeret. Eit grelt døme på det, er politiinspektør Knut Rød.

Rød var ansvarleg for jødeaksjonane i Oslo, men vart etter krigen frifunnen fordi han hadde vore dobbeltagent for Heimefronten. Jødeutrydding sett i system var altså i det norske rettsoppgjeret etter krigen underordna «dei viktige tinga».

Den offisielle orsakinga frå den norske staten kom ikkje før på den internasjonale Holocaustdagen 27. januar 2012. Politiet kom endeleg med ei offisiell beklaging 26. november same år.

Aldri meir, har det vorte sagt. Men likevel er ingen i stand til å gripe inn mot folkeutryddingar og etnisk reinsing. Det skjer på nytt, på nytt og på nytt. Som i Rwanda i 1994 og Rohingyaar i Myanmar no.

Holocaust bør minne oss om dei manglande grensene me menneske har. Me kan ikkje berre hugse. Me må også lære. Men fyrst og fremst gripe inn mot undertrykking og rasisme før det er for seint.

Neste artikkel

Grensegjerde mot syke villsvin vedtatt i Danmark