Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Blir det irsk trøbbel for Tine?

Osteimporten går til himmels. Mjølkedrikkinga går ned. Bøndene mobiliserer mot Tine sitt nye jarlsberg-anlegg i Irland.

November 2016: Tine var i Irland for å snakke med samarbeidspartnar Dairygold om nytt meieri. Frå venstre: Konsernsjef Jim Woulfe i Dairygold, den irske landbruksministeren Michael Creed, statsråd Jon Georg Dale, styreleiar Trond Reierstad og konsernsjef Hanne Refsholt i Tine. Foto: Hilde Lysengen Havro

Utfordringane for norsk mjølkeproduksjon står i kø.

For landbruket, der mjølkeproduksjonen vanlegvis blir karakterisert som ryggrada for matproduksjon over heile landet, har bekymringsmeldingane meldt seg for lenge sidan. Desember 2015, for å vera nøyaktig. Då avgjorde WTO at det etter 2020 ikkje lenger skal vera mogleg med eksportstøtte for jordbruksprodukt. Konkret ville det seia at Jarlsberg-osten produsert i Noreg for den internasjonale marknaden ikkje lenger vil få støtte. Dermed blir osten for dyr for europearane, meiner Tine.

• LES OGSÅ: Melkebonde oppfordrer til grasrotopprør mot Tines gigasatsning i Irland

Om lag åtte prosent av norsk mjølkeproduksjon har gått til å produsere Jarlsberg for eksport. Nye måtar å bruke mjølka på må difor finnast, ikkje minst fordi me i fjor drakk 12 millionar liter mindre mjølk enn året før, noko som var ein nedgang på vel tre prosent. Rett nok kan mjølk brukast til mykje, mellom anna yoghurt, fløyte og rømme. Men når osteimporten samstundes aukar kraftig, samlar det seg nokre mørke skyer på himmelen.

Frå 2016 til 2017 auka osteimporten med 8,2 prosent, ifylgje ferske tal frå Landbruksdirektoratet. Verdien av osteimporten var i fjor på 816 millionar kroner, og norsk ost tapar marknadsdelar. Når me veit at dei utvida tollfrie kvotane den norske regjeringa i fjor gav til EU i EØS-forhandlingane ikkje slår inn før i 2019, er det dramatisk for norsk osteproduksjon.

• LES OGSÅ: Tine satsar fleire titals millionar euro i Irland

Tapte marknadsdelar for norsk mjølk får sjølvsagt konsekvensar for bruken av norsk mjølk. Nedgangen i fjor var på 4,9 prosent til modna ostar, og 3,3 prosent til smakstilsett mjølk. Sagt på ein annan måte; i fjor vart det brukt 27,7 millionar liter mjølk mindre til å produsere ost for daglegvaremarknaden, altså for meg og deg. Og daglegvaremarknaden består av daglegvarekjeder som også er på lista over dei største osteimportørane.

Så er sjølvsagt fordelen innanfor meierisektoren at kvotesystemet gjer det mogleg å regulere råvareproduksjonen betre enn når det gjeld lammekjøtt og svin. Leveransane av mjølk gjekk ned med 28,6 millionar liter i fjor, og det er venta ytterlegare kutt i mjølkekvotane for den enkelte bonde. Men bøndene tener ikkje meir på å produsere mindre.

Likevel er det grunn til å forstå ein veksande uro mellom mjølkebøndene.

Oppsummert

Mjølkenedgang

1 Mange pilar peiker nedover for norsk mjølk; produksjonen av mjølk, mjølkedrikking og til ost for eksport.

Osteoppgang

2 Éi pil som derimot peiker oppover, er importen av ost. Denne er venta å vekse ytterlegare når dei nye tollfrikvotane til EU slår inn for fulle mugger.

Jarlsberg til Irland

3 Ekstra utfordrande blir det når Tine fram mot 2020 skal slutte med eksport av Jarlsberg frå Noreg.

Annonse

Også eksporten av ost gjekk ned i fjor. Det førte til at mjølk til produksjon av mjølk til ost for eksport gjekk ned med 7,9 prosent.

• LES OGSÅ: Tine bygger gigantmeieri til Jarlsberg i Irland

For dei av Tine-eigarane som no har vakna, er nedgangen i bruk av norsk mjølk og veksten i osteimporten drivstoff i debatten om Tine sitt framtidige Jarlsberg-ysteri i Irland. Mjølkebonde Jens-Olav Løvlid frå Balsfjord har oppmoda til motstand mot bygginga av meieriet, som har ei ramme på 75 millionar euro (om lag 750 millionar kroner). Han stiller relevante spørsmål, mellom anna korleis Tine skal kunne forsvara ei norsk kvalitetsvare (Jarlsberg) produsert på utanlandsk mjølk.

Svaret er at nett denne delen gav Tine opp då selskapet starta opp med lisensproduksjon i USA og Irland. I utlandet er ikkje Jarlsberg-osten marknadsført som noko anna enn ei norsk merkevare. Årsaka er openberr; Tine har hatt jarlsbergost i handlediskar på kontinentet som både er produsert i Noreg og i Irland. Då er det umogleg å marknadsføre norsk utmarksbeite og liten antibiotikabruk, fordi Tine samstundes ville ha snakka ned sin eigen osteproduksjon i Cork, Irland og Ohio, USA.

Lars Lauten, leiar i Øvre Romerike produsentlag, spør i ein kronikk her i avisa på fredag kvar Tine-eigarane har vore. Det fyrste signalet frå Tine om å byggje meieri i Irland kom 27. mai 2016. Nationen var til stade då samarbeidstreet mellom Tine og partnar Dairygold vart planta november 2016, rett ved der Tine tenkjer å byggje meieriet. Tine sine eigarar har definitivt hatt god tid på seg til å meine mykje om Tine skal bruke av bøndene sine pengar til å byggje meieri i Irland, og såleis basere alt sal av Jarlsberg internasjonalt på irsk eller amerikansk mjølk.

Likevel er det grunn til å forstå ein veksande uro mellom mjølkebøndene. Det eit spørsmål om eigarane i Tine er godt nok involvert i dei større utviklingsplanane i Tine. Tine-leiinga sit tett på utviklingstrekk, marknadstrendar og den finansielle situasjonen, noko ein ikkje kan vente at kvar enkelt mjølkebonde som kvar dag strevar med å få kvardagen til å gå i hop, skal ha innsikt i.

Kampen om Jarlsberg-meieriet i Irland er nok tapt. Men det er ikkje det same som at det var ein god idé.

Neste artikkel

Svensk matmilliard skal styrke industrien