Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bakrusen i norsk idrett

Dei siste vekene har det kome ut i offentlegheita korleis toppane i norsk idrett har flotta seg på restaurantar i både inn- og utland med dyre vinar, ofte i store mengder.

Grasota:Norsk idrett er først og fremst alle idrettslaga som lærer barn idrettsglede. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Eit døme som Aftenposten har funne er ei reiserekning der dåverande generalsekretær Inge Andersen og fire andre i støtteapparatet feira at Birgit Skarstein hadde vunne VM-gull i 2014. Kvitteringa syner at dei fem brukte kring 9500 kroner på fem koppar kaffe i tillegg til alkohol. Gullvinnar Skarstein var ikkje med på festen. Eit anna døme som NRK har funne fram er frå OL i London. Der brukte idrettsforbundet i løpet av åtte dagar 112.000 kroner på alkohol konsumert på ein restaurant.

112.000 kroner! Desse pengane er ikkje eingong idrettstoppane sine eigne. Det er pengane til norsk idrett. Pengar som vi mellom anna skal fordele for at tusenvis av norske idrettslag skal ha anlegg og aktivitetar for barna våre. Tenk deg kor mykje eit idrettslag kunne gjort for 112.000 kroner. I staden vart det brukt til drikke på nokre få utvalde, truleg for det meste dresskledde menn.

Eg har barn som er aktive i fleire idrettar. Vi betaler med glede medlemskap i idrettslag og avgifter for å vere med på treningar og turneringar. Idretten er ein fantastisk arena for læring, både idrettsleg, men også sosialt. Og eg blir stadig imponert over kor mange eldsjeler det finst. Foreldre som stiller opp time etter time på trening og kampar. Det er slik dei fleste av oss møter idretten.

Difor vert det ein enorm kontrast å lese om det som liknar mest på eit reinspikka luksusliv for dei som sit på toppen i norsk idrett. Når norske foreldre står timevis i pølsekiosk ein laurdag på fotballcup eller når poden sel lodd på lokalbutikken til inntekt for idrettslaget sitt, då er det nokså provoserande at summen dei får inn truleg knapt tilsvarar ein middag for to av dei som sit på toppen av norsk idrett.

Og som om dette ikkje var nok. Midt oppe i dette står det eit knippe entusiastiske representantar for idretten pluss eit par kommunar i Telemark og ynskjer seg OL.

Eg er sjølv frå Telemark og ein av dei som kan bli fasinert over tanken på eit OL i heimtraktene mine. Men det er slettes ikkje det norsk idrett treng no. Nok eit pengesluk. Den gjengen som styrer idretten har vist at dei ikkje er kompetente til å forvalte fellesskapet sine pengar i dag, så å sleppe dei laus på å arrangere eit OL ser eg på som regelrett risikosport.

Det norsk idrett treng er leiarar som jobbar for grasrota. Vi treng ikkje ein gjeng som smiskar med endå større pampar i OL-systemet. Norsk idrett er først og fremst foreldre som stiller opp frivillig time etter time, og ikkje minst glade barn som lærer gleda ved å drive med idrett.

Det norsk idrett treng er leiarar som jobbar for grasrota.

Annonse

Heldigvis har også regjeringa, med kulturminister Linda Hofstad Helleland i spissen, vore tydelege på at tilliten til Norges idrettsforbund er tynnsliten. Ho krev kulturendring. Det skulle berre mangle.

Det er heller ikkje sjølvsagt at alle pengane til idretten skal gå gjennom iIdrettsforbundet. Allereie har regjeringa tatt pengar frå den klassiske organiserte idretten og gjeve til eigenorganisert idrett. Det betyr allereie såpass store kutt at det skal meir til enn litt mindre alkoholkonsum for å halde budsjettet til Norges idrettsforbund neste år.

Eg har alltid vore tilhengar av å fordele pengane på dei som driv med idrett og aktivitetar også utanom dei klassiske idrettsforbunda. Fyrst og fremst må vi syte for idrettsglede, og at barn og unge er i aktivitet. Og akkurat no kan det sjå ut som at leiinga i Noregs idrettsforbund ikkje nødvendigvis er dei best skikka til å forvalte denne pengepotten.

Nokon må rett og slett inn og hjelpe til med å styre pengane i idretten. Der er det openbart mykje pengar.

Eg foreslår at politikarar og Norges idrettsforbund i alle fall på kort sikt legg bort alle idear om å arrangere OL. I staden bør pengane ein ville brukt på dyre utgreiingar for å få til ein søknad, gå til grasrota, gjerne også endå meir til eigenorganisert idrett.

Og neste gong toppane i idretten får lyst på champagne, må dei sjølvsagt betale det av eigen lomme. Og hugse på at det faktisk er ytst få arbeidsgjevarar som har råd til slik luksus. I si boble har dei kanskje tenkt at dette er heilt normalt. Eg håpar dei no har skjønt at slik er det ikkje.

Neste artikkel

Ikke nobelt med Hagen