Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bondelaget vil ha juridisk vern av dyrkbar mark

Årsmøtet i Norges Bondelag meiner ein ved å ta vare på matjorda òg tek vare på evna til å produsere mat i framtida. Difor krev dei at all dyrka og dyrkbar mark får eit juridisk vern.

Illustrasjonsfoto: Bjarne Bekkeheien Aase

Noreg har tre prosent dyrka mark, og sjølv om dette er mindre per innbyggjar enn dei fleste andre land, blir stadig meir dyrkbar mark grobotn for bygningar, veg og jernbane, skriv årsmøtet i Norges Bondelag i ein resolusjon.

Les også: Bønder byggjar ned 22 prosent av matjorda

Frå 2004 til 2015 blei det bygd ned 8.000 mål matjord årleg, medan 6.000 mål matjord gjekk ut av drift i 2016. Stortingets mål er at det skal nedbyggjast maksimalt 4.000 mål dyrka jord årleg innan 2020. Bondelaget meiner det er langt att til målet, og krev at det skal bli utarbeidd ein handlingsplan for korleis ein skal nå dette.

Annonse

Jord som blir mellombels råka av utbygging, som når det til dømes er omlegging av ein veg for ein periode, blir ikkje rekna med i statistikken. Denne jorda blir lagra og flytta tilbake, men det er stor fare for at kvaliteten på jorda blir dårlegare av det. Årsmøtet i bondelaget bed om at det òg blir utarbeidd retningslinjer som sikrar handsaminga av desse jordmassane.

– Framtidige generasjonar kan ikkje dyrke matjorda som ligg under asfalten. Årsmøtet i Norges Bondelag krev at nedbygging av jord stoppar. Landbruket må også auke sitt eige medvit rundt jordvern. Dispensasjon for vern av matjord skal berre bli gitt for nasjonalt viktige samfunnsinteresser, og berre av statlege styresmakter. Jordvern må vere overordna i all samfunnsplanlegging og all framtidig arealforvalting, skriv Bondelaget.

Neste artikkel

Fire av ti gårdsbruk lagt ned siden 1999