Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Island trappar kraftig opp med fiskeoppdrett

Alltinget på Island skal i haust vedta ny strategi for fiskeoppdrett i dei islandske fjordane og opnar truleg for oppdrett fleire stader og auka volum, skriv fiskeriavisa IntraFish.

Meir fisk. Alltinget på Island kjem i haust truleg til å opne for kraftig opptrapping av lakseoppdrettet på øya. Foto: Thomas Bjørkan

Store delar av kysten på Island har fram til no vore stengt for oppdrett for å verne om villaksstammane på øya. Fråflytting og dårleg økonomi i mange bygder gjer at det no likevel kan bli opna for oppdrett fleire stader i Austfjordane og Vestfjordane.

Ein rapport som dei folkevalde skal behandle seinare i haust, foreslår å mangedoble oppdrettet på Island til 71.000 tonn.

Les også: Ungdom vant pris for gjødselløsning

Det foreslåtte taket utgjer knapt ein tjuedel av lakseproduksjonen i Noreg, men er ein kraftig auke frå dagens nivå, som er på 10.000–15.000 tonn. På lengre sikt meiner næringa sjølv det er grunnlag for ein årsproduksjon på 100.000–200.000 tonn på øya.

– Dersom ein gjer grep som å bruke steril laks, setje ut fisk seinare på året, bruke større laks eller leggje noko av produksjonen i lukka merdar, vil potensialet vere større. Tilrådingane i rapporten blir nok ikkje ståande utan mottiltak, men vi ventar ingen drastiske tiltak frå Alltinget, seier Kristjan Davidsson i fiskeoppdrettarforeininga på Island til Intrafish.

Annonse

Les også: Norsk fiskerinæring i stadig fremgang

Dei norske selskapa Salmar, Norway Royal Salmon, Midt-Norsk Havbruk og Måsøval er inne som deleigarar i kvart sitt av dei fire største oppdrettsselskapa på Island. Dei har i dag lisens for til saman 38.300 tonn laks og aure, men har søkt om lisensar for over 100.000 tonn.

Les også: SV-topp angriper lakseeierne superprofitt

©NPK

Neste artikkel

Mulig sabotasje av oppdrettsanlegg på Nordkapp oppklart