Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Strid om fuglejakt rundt oppdrettsanlegg

Fleire oppdrettarar har i vinter søkt om løyve til å skyte skarv som et laks frå anlegga deira. Fuglevenner og naturvernarar er derimot oppgitte over haldninga i selskapa, fortel NRK.

Skarv likar å ete laks frå oppdrettsanlegg. Foto: Janne Grete Aspen

Konflikten står mellom norske oppdrettarar som i 2016 hadde rundt 780 millionar laks i anlegga sine, og nærmare 20.000 par med skarv som hekkar langs kysten vår, ifølgje Artsdatabanken.

Eit par stader i Trøndelag har oppdrettsselskap fått lov til å skyte skarv som tar laks, men Norsk Ornitologisk Forening og Naturvernforbundet meiner det er feil og har klaga på avgjerda.

• Les også: Klart for å telle alle fugler små på nytt

• Les også: Slutt på import av stokkender til jakt

– Det er litt meiningslaust at ei næring som i utgangspunktet har eit omfattande omdømmeproblem, med rømming av laks, lakselus og rekedød no også skal skyte sjøfuglar, seier Kjetil Ådne Solbakken som er generalsekretær i Norsk Ornitologisk Forening til NRK.

Han meiner det er jobben til oppdrettarane å halde fugl unna anlegga og sørgje for å leve saman med naturen, ikkje øydeleggje han.

• Les også: Ni ørner påkjørt av toget

Annonse

Midt-Norsk Havbruk er blant selskapa som har søkt om fellingsløyve.

– For oss handlar det om at vi skal beskytte laksen, som er husdyret vårt, seier produksjonssjef Frank Øren i Midt-Norsk Havbruk.

Sjømat Norge gir støtte til oppdrettarane.

– Skarven viser seg å vere eit intelligent dyr som unngår skremsel, og då må du ha fellingsløyve for å unngå problem, seier informasjonssjef Øyvind André Haram til NRK.

©NPK

Neste artikkel

Tidenes frossenpizzasalg i 2017 – ny rekord