Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny anbodskonkurranse om avisomdeling i distrikta

Samferdselsdepartementet inviterer til anbodskonkurranse om ny kontrakt om laurdagsomdeling av aviser i område utan avisbodnett. Kontrakten skal gjelde i 14 månader frå 10. november 2018, og departementet skal ha opsjon på forlenging på ytterlegare 12 månader.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) under et pressemøte om tog og jernbane på Oslo S i fjor. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

– Stadig fleire bruker digitale plattformer for å halde seg oppdaterte på nyhendebiletet, men for mange er papiravisa framleis viktig. Vi sørgjer for at folk over heile landet kan få avisa si på laurdagar, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Over 90 prosent av laurdagsvisene i abonnement blir distribuerte av eigne avisbodnett. Dette skjer i hovudsak gjennom selskapet Helthjem Mediapost, som dei store mediehusa i Noreg eig. Helthjem og andre selskap finn det ikkje lønsamt å distribuere aviser i heile landet.

Då Posten slutta å dele ut post på laurdagar i 2016, sikra staten at distribusjon av laurdagsaviser i abonnement i område utan eigne avisbodnett skulle halde fram. Etter ein anbodskonkurranse skreiv Samferdselsdepartementet sommaren 2016 under ein kontrakt med Kvikkas AS om distribusjon for perioden 5. november 2016 til 3. november 2018.

Annonse

Samferdselsdepartementet legg opp til å offentleggjere vinnaren av anbodskonkurransen i juli 2018.

Neste artikkel

Hydro vurderer nytt reinseanlegg for å hindra skade på hjort