– Det starta med ei bok, fortel Henny Staalnacke frå Stryn.
Desingaren var på Oslo-tur, og gjekk og kika i ein brukthandel saman med ei av døtrene, då dottera tok opp ei bok og sa «dette må då vere noko for deg, mamma».
– Det var Inger Lise Christie si bok «Dåpsdrakter». Og då var det i grunnen gjort. Eg vart utruleg fasinert av å lese om dei gamle draktene og skikkane, fortel Henny.
Mor til Moods
Og dermed var det heile i gang.
Det vil seie, eigentleg starta det lenge før boka.
Henny Staalnacke, fødd og oppvaksen i ein familie i møbelbransjen, har fått dei kreative evnene i arv.
Les også:
Dei har dei seinare åra fått utløp gjennom firmaet med merkenamnet Henny, der ho har skapt lekre selskapskle for born og vaksne i tyll og taft, silke og chiffon.
Det høyrer med til soga at Henny er mor til Simen, ein av gründerane bak Moods of Norway, som med sine fargerike motekle med innslag frå norsk kulturarv og kvardagsliv har gjort suksess langt ut over landegrensene.
Dette med å søkje etter element frå norsk kulturarv har mor og son felles.
Til 1600-talet
Ettersom ho i sitt arbeid med å designe selskapskle for born og vaksne har vore flittig med både symaskin og nål og tråd, har det ofte hendt at folk har kome med den gamle dåpskjolen sin og spurt om ho kunne lage ein kopi.
– Dette har vore kjolar som har vore rundt 100 år gamle. No fekk eg lyst til å gå lenger tilbake i tid, heilt til 1600-talet, og hente inspirasjon derfrå, fortel designaren.
Dei siste hundre åra har vi stort sett hatt heilt kvite dåpskjolar her i landet, berre pynta med enkle, rosa eller bleikblå sløyfer.
Henny har gått tilbake til eldre tradisjonar, med luer, dåpssmekke (brystduk, også kalla kristnableie) og lindeband (som skriv seg frå den tida då dåpsbarnet vart reiva).
Det vart ein ny verd av vakre, små plagg som opna seg for Henny då ho tok til å studere dei gamle dåpskleda.
Blonder og glasperler, silkeband og kraftige fargar.
Bunadstradisjonar
Interessa for dei gamle, tradisjonelle dåpsplagga har ført henne til museum, historiske arkiv og annan dokumentasjon av desse skikkane.
– Så langt eg kan sjå, verkar det som om dekortradisjonen på dåpskjolane har fylgt mykje av det same mønsteret som i bunadstradisjonane. At kvart distrikt har hatt sin eigen identitet, seier Henny.
Det var i den fargeglade rokokkotida at deler av dåpskleda fekk sine sterke fargar.
Les også:
Dei sterke fargane har også hatt sine tradisjonar knytt til lokal tilhøyrigheit.
Henny fortel at det gjerne var brukt grønt og gult på Austlandet, medan det på Vestlandet var brukt mykje raudt.
Brokade og gulltrådar gav gjerne signal om ein høgare, sosial status.
Nyskapande
Henny har, ut frå den dokumentasjonen ho har funne, skapt nye kjolar.
– Eg har ikkje kopiert dei gamle kjolane. Eg har lete meg inspirere til å skape nye, med element frå dei gamle, seier designaren.
Les også:
Ho hengjer fram deler av dåpskolleksjonen: Lange, kvite kjolar med dåpssmekke, lue og lindeband i klare fargar, dekorert med dekorband, blonder, glasperler og annan pynt.
Nettbutikk
Men den kvite fargen på sjølve dåpskjolen har ho behalde.
– Det kvite må vere der, fordi fargen har ein klar tradisjon i samband med dåpen. Kvitt tyder «renselse», og går att på både dåpskjolar og konfirmasjonskapper, til dømes. Lengda på kjolen har også ein symbolikk. Når dåpskjolen er mykje lenger enn barnet, er det eit symbol på ei vidareføring av dåpen, fram mot konfirmasjonen og resten av livet, seier Henny.
Ho har valt lin som materiale til sjølve kjolen.
Les også:
– Dei fleste tekstilane i kyrkja er av lin, så det høver såleis godt med linkjolar. Det er også eit litt tjukt materiale, som held ei stund. Og det er viktig for ein dåpskjole, som familien gjerne skal ha i fleire generasjonar, seier ho.
No har ho sydd opp ei rekkje prototypar, og fleire er undervegs.
Sjølve produksjonen vil gå føre seg i Bulgaria, der ho også har fått sydd selskapskleda sine.
Sal vil føregå via nettbutikk, som Henny har oppretta på nettstaden sin.
Fylkesblomen
Og medan den fyrste kolleksjonen er på veg ut til dei ventande dåpsbarna, er Henny alt i gang med å utarbeide nye idear.
No vil ho ta føre seg fylkesblomane i dei ulike fylka.
– Eg vil lage ein kolleksjon med dåpskjolar der fargane i fylkesblomane går igjen. Så blir det ein slags lokal identitet knytt til dei ulike kjolane. Det blir eit spennande arbeid. Her i fylket kan vi då vente oss dåpskjolar med fargeinnslag frå revebjølla i lue, brystduk og band. Det skal ikkje store fantasien til for å skjøne at resultatet kan bli vakkert, seier ho.
Publisert tirsdag 01.04.2008 kl. 09:58 (Sist endret tirsdag 01.04.2008 kl. 14:52)

