Jakta er i full gang etter kvinnelege gründerar i Sogn og Fjordane.

10.04.2007 11:21
NORDFJORDEID. Huldraprosjektet skal vere ein døropnar for kvinnelege gründerar i Sogn og Fjordane. No dreg næringshagane på Nordfjordeid, i Flora og i Sogn lasset saman, og saumfarer fylket etter kvinner som vil vidareutvikle ideen sin eller verksemda si. Målet er å auke og styrke gründerånda hos kvinnene.

- Vi ønskjer ikkje lenger å vere gründersinkar og vil ha fleire kvinner til å etablere seg, seier Synnøve Aabrekk, dagleg leiar i Nordfjordeid Næringshage.

- Kvinner ser problem på litt andre områder enn når menn skal etablere seg. Gjennom prosjektet skal vi hjelpe dei med å få nettverk, finne kontaktpersonar, og kunne kople dei på fleire ulike samanhengar med Innovasjon Noreg, fortel ho.

Gründersinker

På landsbasis er berre 25 prosent av dei nyetablerte kvinner. Tal frå 2004 viser at talet kvinnelege nyetablerarar var 28 prosent i Sogn og Fjordane.

- Vi ligg dermed litt over landsgjennomsnittet, men det er likevel altfor lite. Dette må vi gjere noko med, fastslår Aabrekk.

- Vi er gründersinker i forhold til våre medsystrer. I Finland har dei ein balanse på 50-50 med menn og kvinner som etablerar seg, men i 1995 hadde dei same situasjon som her i landet. Dette fekk dei forandra, og det er det vi skal klare no, seier ho. Aabrekk viser til at det fleire stadar er fokus på kvinner, både i styresamanheng og Gro-prosjektet for kvinnelege gründerar.

- Ungdomsbedriftene er også kjempebra. Her er det fokus på å bli bedriftseigar og ikkje berre arbeidstakar. Langsiktig vil dette slå ut, sjølv om vi no ligg litt etter, seier ho.

Forsiktige kvinner

Ho innrømmer at kvinner kanskje er meir forsiktige enn menn. Men interessa for Huldra-prosjektet er stor.

- Vi har så langt 26 interesserte, og vi har mykje større bredde enn eg trudde vi ville få. Det mest spanande er at det også har ringt kvinner som allereie er etablert, men som ønskjer vekst. Det er stas. Vi har lyst at kvinnene vil tenke litt større. Ho som starta Nikita-kjeden viser at små kan bli store flotte bedrifter. Det er gründeren sjølv som er det avgjerande, påpeikar Aabrekk. 

- Vi ønskjer at terskelen til å ta kontakt skal vere lav. Alle skal få hjelp. Spesielt for Huldraprosjektet er at ein blir ein del av eit nettverk der også veletablerte bedriftsleiarar er med som mentorar. No skal vi også få ein database med mentorar i fylket. Desse kan hjelpe etablerarar med bransjekunnskap. Vi skal også ha fokus på det økonomiske, bank og finans. Mange kvinner tør ikkje ta risiko, og fleire bør sjå på etablering som noko meir forretningsmessig, seier Aabrekk.

Prosjektet Huldra går over tre år der du som kvinneleg etablerar kan få hjelp og støtte gjennom etableringsprosessen. Her vert ein kjent med ulike tema som forretningskonsept, marknadsføring, økonomi og finansiering, motivasjon og nettverksbygging, og aktiv deltaking i næringslivet.

Emneord
Les også