Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vi skal bu trygt i alle delar av landet

Vi har sett oss høge mål om å kutte store mengder klimagassutslepp dei kommande åra. Då er det òg viktig å hugse at sjølv om vi når desse måla er allereie utsleppa så store at dette påverkar klimaet, skriv Tore Storehaug frå KrF.

«Krigssone»: Bruland i Utvik etterflaumen i sommar. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth/NTB scanpix

Dette påverkar kvardagen til mindre privilegerte medmenneske lenger sør på kloden, med lengre tørkeperiodar og avlingar som slår feil. I vår del av verda merkar vi allereie villare og våtare vær.

Endringar i klimaet har alltid skjedd. Det påverkar naturen og dyrelivet, og er noko vi har klart å tilpasse oss. Eit morosamt døme på korleis endringar i dei klimatiske føresetnadane kan påverke historia er dei arkeologane som har vist korleis vikingtid og tidlege mellomalder var ei overskotstid med betre forhold for korndyrking i nord – noko som kan vere ein av årsakene til at vi og hadde høve til å reise vest og busette øyer utover i Atlanteren.

Seinare har det òg vore variasjonar i naturen som påverka samfunnet – eit nærliggande døme er silda som har skapt svært ulike føresetnadar langs kysten, alt etter kvar ho gjekk og kor mykje det var av ho. Det som burde skremme oss er at forskarane denne gongen seier at endringane vil gå fortare enn dei svingingane vi har sett før.

Det vil råke alle delar av landet, men dei som tydlegast vil kjenne konsekvensane av endringane er dei som bur i Utkant-Noreg. I mitt eige heimfylke, Sogn og Fjordane, gjer allereie no auka nedbør bygdene våre meir utsett for ras og flaum.

I Utvik råka ekstremnedbøren denne sommaren. På mindre enn eit døgn øydela dei store vassmengdene hus, bilar, matjord, bringebæravlingar, båtar og fotballbana i bygda. I møte med så sterke naturkrefter kjenner ein seg liten. Dottera til ein kjenning av meg hadde vore ute av bygda på overnattingstur. Ho sa det «såg ut som ein krigssone» då ho kom heim.

I slike situasjonar får ein sjå det makelause samhaldet i bygder som kan snu sjølv ein slik situasjon. Framfor alt viser dette, og flaumen på Sørlandet seinare på året, at vi må lære oss til at klimatilpassing er ein viktig kamp i åra framover. Den nye klimadebatten handlar ikkje berre om å kutte utslepp, men òg om klimatilpassing.

Klarar vi å ta innover oss at det vil krevje meir av oss? Klimatilpassing kjem ikkje av seg sjølv. Samstundes som vi kjenner konsekvensane av klimaendringane på kroppen, har vi endå ikkje eit eige fagmiljø utanfor systemet til Noregs vassdrags- og energivesen som bistår bygder, næringsdrivande og kommunar i klimatilpassing. Vi har mykje kompetanse samla både i embetsverk, kommunar og hos folk. Men har det offentlege tatt på alvor at problemstillinga vil auke med åra og ikkje minke? Sjølv om vi skulle klare å stagge utsleppa i dag, så vil vi ikkje kome frå at fleire hundreår med utslepp av klimagassar alt har endra klimaet vårt.

KrF meiner at vi skal kunne bu trygt i alle delane av landet vårt.

Annonse

KrF meiner at vi skal kunne bu trygt i alle delane av landet vårt og at vi må ta på alvor den faren flaum, skred og endringar i naturen representerer. Kostnadane med å førebu oss på våtare klima vil bli store, og det er sjeldan billigare å utsetja eit problem som vi veit det er naudsynt å gjere noko med.

Det er gledeleg at regjeringserklæringa inneheld offensive formuleringar om klimatilpassing. Utfordringa er likevel å levere når dette føremålet må prioriterast opp mot andre gode føremål.

For det første blir det ein test å sjå kva nivå og tempo vi legg oss på i ras- og flaumsikringsarbeidet. Etterslepet er i milliardklassen, likevel var dette blant områda KrF måtte forhandle opp i samband med statsbudsjettet.

Vidare håpar eg fleire merkar seg initiativet som har kome om eit å etablera et nasjonalt kunnskapssenter om berekraftig klimatilpassing. Med utspring frå Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet og i eit tett samarbeid med regionale og lokale myndigheiter kan eit slikt kunnskapssenter bli eit ‘levande laboratorium’ der nye løysningar på korleis vi skal vi skal tilpassa oss den nye klimasituasjonen klekkast ut. Eit nasjonalt kunnskapssenter kan gje oss naudsynt kunnskap og erfaring som kan nyttast over heile landet.

Når den nye regjeringa no har kome seg inn på dei nye kontora sine håper eg at dei brukar nokre minutt og les merknaden KrF la inn om klimatilpassing, samt sine eigne gode formuleringar i erklæringa si. Dette arbeidet er for viktig til at det kan blir utsett.

Tore Storehaug er ein av fem faste skribentar til Nationen si spalte Frå Løvebakken. Dei andre fire er Lene Westgaard-Halle, Geir Pollestad, Torgeir Knag Fylkesnes og Else-May Botten.

Neste artikkel

Ta havet tilbake