Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tørkesommar

Det er i uår me ser verdien av den norske landbruksmodellen.

Tørke: Jæren har fått regn dei siste dagane. Foto: Dag Jørund Lønning

Eg må seie at det har vore vondt å sjå på korleis tørka har råka store delar av Noreg denne sommaren. I juni handla mykje om eit håp om regn. Regn som ikkje kom. Utover i juli måtte mange kornprodusentar innsjå at avlinga var tapt. Bønder som driv med dyr har fått fôravlingar som er ein brøkdel av det vanlege og fryktar for om dei har mat til dyra sine til vinteren. Mange grøntprodusentar ligg og an til å få dårlege avlingar. Det er ikkje lengre tvil; jordbruket i store delar av landet har ein krisesesong.

I midten av juli reiste eg ein del rundt på Austlandet og Sørlandet og fekk og besøkt nokre bønder. Mange bønder har teke kontakt for å fortelja om sin situasjon, men og for å gje innspel på kva som kan gjerast. Det har vore nyttig. Eg har sjølvsagt og hatt god dialog med både Norsk bonde- og småbrukarlag og Bondelaget. Det er ikkje eit godt teikn for jordbruket når eg veit kor generalsekretæren i Bondelaget er på ferie. Då er det noko som er gale.

Eg meiner at det er i vanskelege tider ein ser kor verdifull den norske landbruksmodellen er. Me har ordningar for skadebot/erstatning som få andre land kan visa til. Me har og eit godt organisert jordbruk med både faglaga og dei bondeeigde samvirka som kan ta grep. Det har truleg gjort konsekvensane av tørka mindre.

"Eit godt organisert jordbruk med faglaga og dei bondeeigde samvirka har truleg gjort konsekvensane av tørka mindre."

Eg meiner og det har vore rett å engasjera seg politisk for å finna løysingar. Eg sende tidleg i juli eit brev til landbruksministeren om tørka. Det for å synliggjera at han kunne vente støtte i Stortinget for alle positivt tiltak, men sjølvsagt også for å legga press på regjeringa. Eg trur presset har virka. Kva konkrete tiltak som vil vera mest effektive har eg meint at jordbruket er betre i stand til å avgjera enn stortingspolitikarar.

Det har vore flott å sjå døme på korleis mellom anna kornprodusentar og husdyrprodusentar har funnet saman for å avhjelpa fôrkrisa. Det er mykje solidaritet i jordbruket og det trengs. Mange enkeltbønder er eller vil koma i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Då må folk stilla opp for kvarandre og hjelpa kvarandre – medan storsamfunnet må stilla opp med økonomiske tiltak.

Annonse

Det må raskast mogleg på plass ein økonomisk krisepakke for jordbruket. Den må ha som siktemål å både hjelpa bønder som no slit økonomisk, men det må også gjera at dei langsiktige konsekvensane av tørka vert minst mogleg. Eg registrerar gjennom media at eit fleirtal på Stortinget er positive til ei slik pakke.

Vidare meiner eg at me må sjå på dei samfunnsmessige sidene ved tørka. Alt i statsbudsjettet i haust må det setjast av midlar til ei langt meir omfattande lagring av såkorn. Og det må og løyvast pengar til å koma i gang med beredskapslagring av matkorn. Eg voner og at tørka har vore ein vekkjar for det fleirtalet på Stortinget som er mot Senterpartiet sitt framlegg om ein totalberedskapskommisjon.

Eg trur og at sommaren i år vil påverke debatten om norsk matproduksjon. Det er god beredskap å ha eit jordbruk i heile landet for å nytta mest mogleg av matjorda og beiteressursane til å dyrke mat. Me treng kvar ein kvadratmeter me har med matjord og kan difor ikkje vera nøgde med dagens takt i nedbygginga av dyrka mark. Jordvernet må styrkast.

Så meiner eg og at me må ta ein skikkeleg diskusjon om matsikkerhet og fôrimport. For meg er det ulogisk når Mattilsynet rår frå å importere fôr frå mange land, samstundes som dei understrekar at det er lovleg. Er det fare for å få med smitte med fôret så burde det ha vore forbode å importera det også. Det er for enkelt å peika på at importøren har ansvaret for at fôret er trygt.

Eg opplever at mange utanfor jordbruket har hatt stor sympati for norske bønder. Då må me nytta denne sjansen til å fortelja dei at det ikkje er mogleg å vera oppteken av norsk jordbruk og samstundes stappe i seg kjøt kjøpt på Svinesund eller jogurt produsert av mjølk frå utanlandske kyr.

Norsk matproduksjon er både eit politisk val, men det er også avgjerande kva val me gjer når me står i butikken. Eg har og sendt brev til dei tri store kjedane i sommar og bede dei berre selje norsk kjøt. Eg fekk raskt svar frå alle kjedane som hevda at dei prioriterte norsk kjøt. Det kjem me til å fylgja opp vidare.

Det har no regna fleire dagar på Jæren der eg bur. Aldri før har eg vore så glad for regnver. Måtte det kome meir. Men det er diverre for seint til å hindre at sommaren 2018 er ein krisesommar for norsk jordbruk.

Neste artikkel

Det haster med å få ned utslippene