Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sein vår for jordbruket

Venstre har etter tre år sett at politikken deira ikkje fenger. No skal dei prøva å koma over sperregrensa ved å vera lojale mot Høgre og Frp, skriv Senterpartiets Geir Pollestad.

Hovudansvaret: Jordbruket må betale prisen for at Venstre og partileiar Trine Skei Grande prøver å koma seg over sperregrensa ved å vera lojale mot Frp og Høgre. Foto: Vidar Ruud

Eg har fleire gonger sagt at våren 2017 kan bli «ein ny vår» for norsk matproduksjon. Eg held fast på det, men på grunn av at Venstre svikta, vert det truleg sein vår i år.

La oss gå attende til 9. desember 2016. Regjeringa la fram jordbruksmeldinga den dagen. Eg skumma raskt gjennom meldinga og tenkte at dette var ikkje så ille som eg hadde frykta. Men etter å ha finlese såg eg at det godt skjult låg eit stort liberalistiske prosjektet i meldinga. Eg meinte at meldinga var så skummel at den burde ha hatt 18 års grense.

Senterpartiet sette seg to mål:

1. Det liberalistiske prosjektet skulle stoppast. 2. Me skulle samle fleirtal for ein ny offensiv jordbrukspolitikk. For å få til dette måtte eg greie å bli valt til saksordførar for jordbruksmeldinga. Utan at eg heilt har skjøna kvifor fleirtalspartia gjekk med på det, så vart det slik.

Det var mykje arbeid med å utarbeide innstillinga. Det skulle jo nærast skrivast ei ny og komplett melding. Organisasjonane og selskap i jordbruket gjorde ein solid jobb med å levera sine innspel. Sakte, men sikkert, fall ting på plass i innstillinga til jordbruksmeldinga.

Kvelden før komiteen skulle levere si innstilling til Stortinget fekk eg ein telefon om at fleirtalet ikkje var klar til å godta innstillinga. Både innstillinga og debatten i Stortinget måtte utsetjast. Det var tydeleg at regjeringa følte at nederlaga var for mange. Eg vart overraska. Men eg vart like overraska då eg fekk resultatet av drøftingane mellom regjeringspartia og støttepartia. Det var marginale endringar. Dei hadde tydelegvis berre eit ynske om å late som om innstillinga var eit resultat av forhandlingar mellom dei fire fleirtalspartia.

Statsråd Dale gjorde sitt beste for å vera nøgd med innstillinga. Han trekte konklusjonar det ikkje var grunnlag for, og som han også var aleine om.

Jordbruksoppgjeret i år enda med brot. Høgre og Frp tok ikkje jordbruksmeldinga på alvor. Då var det ikkje nokon anna utveg for jordbruket enn brot.

Eg var likevel optimist. Jordbruksfamilien gjorde ein solid innsats under høyringa om oppgjeret. Sp, Ap, SV, KrF og V signaliserte at staten sitt tilbod ikkje var godt nok. Her kunne Stortinget få høve til å konkretisera korleis jordbruksmeldinga skulle tolkast.

«I etterkant av brotet har mange frå Høgre og Frp utanfor komiteen sagt til meg: No har du fått oppleva kva me slit med heile tida.»

Annonse

Så braut Venstre ut. Dei kunne ikkje vera med på å redusera inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper. Sjølv om dei kort tid i førevegen hadde vore med på å slå fast at det var dette som er inntektsmålet.

Eg har vore med på forhandlingar før. Eg har forhandla med partar som ikkje veit kva dei vil. Eg har forhandla med partar som ikkje er til å stola på. Begge delar går greitt, men å forhandla med eit parti som ikkje veit kva dei vil, og som heller ikkje er til å stola på, var ei ny erfaring. I etterkant av brotet har mange frå Høgre og Frp utanfor komiteen sagt til meg: No har du fått oppleva kva me slit med heile tida.

Den nye våren for jordbruket vart det altså ikkje noko av då jordbruksoppgjeret vart handsama i stortinget 16. juni. Regjeringa kasta seg sjølvsagt på Venstre sitt opplegg for å auka inntektsgapet. Justeringsforhandlingane skjer no med ei ramme på 625 millionar kroner. Det vil auka inntektsgapet med 3700 kroner per årsverk.

Det er no fire år sidan KrF og Venstre brukte si politiske makt til å gje landet ein landbruksminister frå FrP. Dette er eit val dei to partia må ta ansvar for. Og så lenge dei ikkje går til val på å bytta ut ei mørkeblå regjering så vert alt snakk om jordbruksgarantiar utan innhald.

Eg er likevel glad for at me denne våren har samla eit fleirtal for å redusera inntektsgap. Eg er glad for at Ap, KrF, SV og Sp slår fast at bonden lever av kroner og ikkje prosent.

For det var forunderleg å høyra Høgre sin landbrukspolitiske talsperson hevde at det aldri hadde vore eit mål å redusera inntektsgapet. Ho meinte i tillegg at ein auke på 3700 kroner ville redusera inntektsgapet.

Det er likevel Venstre som må bera hovudansvaret for det som skjedde. Partiet har etter tre år sett at politikken deira ikkje fenger. No skal dei prøva å koma over sperregrensa ved å vera lojale mot Høgre og Frp. Jordbruket må betale prisen. Venstre som distriktsparti er historie.

Det er framleis mogleg at 2017 vert ein ny vår for norske bønder. Det er det no valet i haust som avgjer. 11. september er definitivt ein sein vår.

Neste artikkel

En mann for distriktene?