Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nordmann på mars

Visste du at Noreg har ein stor romfartsindustri? Og visste du at denne industrien kan bli enda større?

Mars: Kan det verte en nordmann som er fyrst på Mars? Biletet er av to forskarar som testar ut ei romdrakt i ei ørken i Oman, som kan brukast på ei framtidig Mars-ekspedisjon. Foto: Sam McNeil/AP/NTB scanpix

Det har vore mykje merksemd kring romfart i det siste etter at Elon Musk nyleg sendte ein bruktbil ut i verdsrommet. På sett å vis fekk alle dei som ynskjer tungt subsidierte Teslaer dit pepparen gror, viljen sin denne dagen.

Men det å sende ting ut i verdsrommet er som de veit ikkje noko nytt. Sidan 1962 har me frå Andøya i Nordland skote opp kring 1000 rakettar. Alle med langt mindre, men viktigare, ting enn bruktbilar som last.

Det som skjer i verdsrommet er heilt avgjerande for kvardagslivet vårt. I framtida vil det bli enda viktigare. Fram til no har det som har skjedd i verdsrommet vore så dyrt at det i all hovudsak er noko dei store offentlege romfartsorganisasjonane har halde på med. No er verdsrommet i ferd med å opna seg for bedrifter flest.

Noreg har vore aktive i denne utviklinga gjennom våre forskarmiljø og selskap som mellom anna Nammo, Kongsberggruppen og Andøya Space Center. Dette seier noko om at det me skal leve av i framtida ikkje berre er å sitje med blanke ark å «gründa». Me skal i minst like stor grad leve av å vidareutvikla dei selskapa me har i dag.

Noreg lager komponentar til alle delar av romfarten: Oppskytingsrakettar, satellittar og bakkestasjoner for å laste ned og behandla satellittdata. Den norske romindustrien omset for i underkant av 8 milliardar kroner årleg. Det kan fort bli mykje meir.

Når ein diskuterer kva næringar ein skal leve av i framtida så trekk ein ofte fram parallellar til då Noreg vart ein oljenasjon. Det er både rett og galt. Det er galt fordi ingenting vil bli som det å finna olje. Det var sju rette i lotto med trippel jackpot for landet vårt. Me får likevel håpe at me kan utvikle næringar som gjev gevinst som 6 rette pluss tilleggstal.

Samanlikninga er likevel rett når det gjeld at næringar skal ta utgangspunkt i områder ein har naturgitt føresetnader for å lukkast. Vår plassering langt nord på jordkloden er eit føretrinn. KSAT, med antenner - på Svalbard, ligg perfekt til for å laste ned data frå satellittar i polar bane. Noreg har både stasjonar for å lasta ned data både på 78 grader nord og 72 grader sør. Kan romfartsnæringa ta Senterpartiet sitt slagord og vidareutvikla det til «ta heile jordkloden i bruk»?

«Noreg lager komponentar til alle delar av romfarten.»

Annonse

Eg er vanlegvis ganske krass i min omtale av regjeringa. Men når det gjeld romfart har både eg og Stortinget mykje å takka regjeringa og tidlegare næringsminister Monica Mæland for. Regjeringa og næringsministeren har gjennom sine framlegg om meiningslause budsjettkutt til romfart bidrege til at næringa har vore særs aktive på Stortinget i budsjettprosessen. Stortinget har altså både lært mykje om romfart og stogga regjeringa sine budsjettkutt. Sånn! Det var godt å kunne gje regjeringa litt ros. Sjølv om bismaken nok var sterkast.

Eg kan ikkje skrive denne spalta utan å ta ein tur innom biologien og plantevekstar. Og her har det norske romfartsmiljøet bidrege. På den internasjonale romstasjonen veks nemleg planta Vårskrinneblom. For dei spesielt interesserte er det latinske namnet «Arabidopsis thaliana». Det er norsk teknologi som gjer dette mogleg.

No ynskjer Andøya Space Center å bygge opp et anlegg som gjer at langt fleire rakettar kan bli skotne opp frå Andøya i framtida. Det er eit kappløp med ei rekkje andre land som vil etablera eit slikt felt for utskyting. No treng dei pengar for å både planlegga dette og ikkje minst i investeringsfasa. Senterpartiet ville løyva 10 millionar til denne planlegginga i desember i fjor. Det ville ikkje resten av Stortinget, men det er gitt klare lovnader frå eit samla Storting om at det skal koma pengar i revidert budsjett.

Ei slik satsing som den dei planlegger på Andøya er næringspolitikk etter Senterpartiet sitt hjarte. Stat og private jobbar saman. Staten skal bidra med pengar og sikre ei langsiktig satsing. På sikt vil dette kunne gje både inntekter til landet og arbeidsplasser både på Andøya, men og i industrien i resten av landet.

Senterpartiet skal stå på for at me greier å vidareutvikla romfartsnæringa og at satsinga på Andøya vert vellukka. Eg voner at me ikkje får fleire skot mot romfarten frå regjeringa, men at dei bidreg til å bygga opp og ikkje berre riva ned.

Kan det verte ein nordmann som er fyrst på Mars? Sjølv om eg har nokre tankar om kven eg kunne tenkt meg å sendt dit, så vil eg likevel vera særs nøgd om eit stort norsk romfartsmiljø gjev avgjerande bidrag til at me kjem dit. Og at me tener mykje pengar og skapar arbeidsplassar i Noreg på vegen fram dit.

Neste artikkel

– Vi må ha en opptrapping av beredskapen for matproduksjonen i Norge