Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

No må Stortinget gjera jobben

Regjeringa hadde korkje evne eller vilje til å omsetja den nyleg vedtekne jordbruksmeldinga om til praktisk politikk. Difor er det berre Høgre og Framstegspartiet som er ansvarlege for at det ikkje vart inngått ei jordbruksavtale i år, skriv Geir Pollestad frå Senterpartiet.

Brot: Etter at bondeorganisasjonane, representert ved Merete Furuberg og Lars Bartnes, braut forhandlingane om jordbruksoppgjeret, går tilbodet frå landbruksminister Jon Georg Dale til Stortinget. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Dei to høgrepartia sitt store problem er at dei trur alt kan løysast ved taktisk spel og falsk retorikk. I fleire månader jobba partia på Stortinget med å forme ei offensiv innstilling om jordbruksmeldinga. Regjeringa og jordbruksministeren gjekk på ei tapsrekke i jordbruksmeldinga fullt på høgde med det norske herrelandslaget i fotball.

Då staten sitt tilbod til jordbruket vart lagt fram så kunne ein sjå at Regjeringa i liten grad brydde seg om kva Stortinget hadde vedteke under handsaming av jordbruksmeldinga. Og då eg høyrde statsråden halde si moraliserande tale etter at brotet var eit faktum var eg ikkje i tvil om at han trur Stortinget er eit rådgjevande organ for regjeringa. Statsråden tala om at bøndene må syne moderasjon før han gjekk seg vill i prosentrekninga. Når Stortinget har sagt at inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper skal reduserast så kan det berre bety at Stortinget ynskjer at bøndene skal få ein inntektsauke som i kroner er høgare enn det andre grupper får.

Dette er enkel matematikk: Når bøndene tener langt mindre enn andre grupper vil inntektsgapet bli større sjølv om bøndene får ein prosentvis auke som er høgare enn andre grupper. Regjeringa sin bruk av matematikk minner meg litt om mannen som blanda to halvflasker 40 % sprit fordi han hadde lyst på ei heilflaske med 80 %.

Stortinget har vedteke auka norsk matproduksjon med grunnlag i norske ressursar som hovudmål for jordbrukspolitikken. Dette grunngjev Stortinget med eit ynske om å auka sjølvforsyninga av mat, styrka beredskapen og for å dekka etterspørselen. Stortinget seier og at inntekt både er eit mål og det viktigaste verkemiddelet for å nå måla for jordbruket. Det er lite i regjeringa sitt tilbod som tek dette på alvor.

No er det opp til Stortinget kva som vert sluttresultatet. Ein viktig del av denne diskusjonen vert om Stortinget kan gjera endringar i det regjeringa føreslår. For meg er denne diskusjonen absurd. Sjølvsagt kan Stortinget gjera endringar, og det vil til og med bety at forhandlingsinstituttet vert styrka.

Jordbruksforhandlingane sikrar bøndene sin rett til å forhandla om inntekt og andre vilkår for næringa. Det er ikkje ein reiskap for ei regjering til å tvinga gjennom ein politikk på tvers av Stortinget sin vedtekne politikk. Ein viktig føresetnad for jordbruksforhandlingane er at regjeringa held seg innanfor dei føringane som Stortinget har lagt. Om ikkje kunne ein heller ha kalla det «jordbruksdiktatet».

«Regjeringa sin bruk av matematikk minner meg litt om mannen som blanda to halvflasker 40 % sprit fordi han hadde lyst på ei heilflaske med 80 %.»

Annonse

Ein skal heller ikkje lengre attende enn til 2014 for å finne sist gong Stortinget endra framlegget frå Regjeringa. Alle parti på Stortinget gjekk inn for andre løysingar enn det dåverande landbruksminister Sylvi Listhaug føreslo. Eg vil likevel understreke at dette ikkje kan eller skal vera normalen. Like lite som ei Høgre/Framstegsparti-regjering vil vera normalt.

Det vert nokre spanande veker med handsaming av oppgjeret i Stortinget. Det vert høyring om saka 24. mai. Debatten i Stortinget er sett opp til 16. juni. Eg voner at det er omsynet til matproduksjonen som vinn fram, og at ikkje jordbruket vert offer i eit spel mellom dei fire fleirtalspartia.

Senterpartiet vil ha ei open haldning for å finna løysingar som bidreg til å styrke jordbruket i heile landet, og at jordbruket framleis skal vera grunnlaget for den største fastlandsindustrien i Noreg. Det bør vera enkelt for KrF og Venstre å snakka med resten av opposisjonen om å finna ei løysing. Samarbeidsavtala dei har med Høgre og Framstegspartiet opnar for dette. No gjenstår det å sjå kor hjarta til KrF og Venstre ligg. Ligg hjarta til KrF og Venstre hjå den norske bonden eller bankar det mest for landbruksministeren frå FrP?

Eg har fleire gonger sagt at våren 2017 kan vera ein ny vår, ein omstart, for norsk matproduksjon. Det føreset at partia på Stortinget har same vilje til å satsa på jordbruket som dei hadde då jordbruksmeldinga vart handsama. Sidan det er mindre enn ein månad sidan må ein nesten tru det. Senterpartiet kjem alltid til å stå opp for norske bønder. Det har me òg tenkt å gjera denne våren. Den siste våren med ein landbruksminister frå FrP.

Neste artikkel

Kari Gåsvatn: Nedkjølt klode uten mat