Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

«Mayday Mayday frå regjeringa»

No er Høgre, Framstegspartiet og Venstre samla på Hotell Jeløy Radio for å lage regjeringserklæring. Artige tunger vil ha det til at namnet på dokumentet vert «Mayday Mayday-erklæringa»

Skeptisk: VI kan få det verste fra både Solberg, Skei Grande og Jensen, skriver Geir Pollestad. Foto: Håkon Mosvold Larsen/Scanpix.

For eigen del har eg særs små forventningar til kva politikk den nye regjeringa vil føre. Eg trur og fryktar at ut frå Senterpartiet og distrikta sin ståstad så vil me oppleva å få det verste frå kvart av dei tre partia.

Lat meg fyrst slå fast tre ting som gler meg: 1. Noreg kjem ikkje til å søka om EU-medlemskap dei neste fire åra. 2. Lofoten og Vesterålen kjem til å vera fritt for petroleumsverksemd. 3. Det vert spanande å vera opposisjonspolitikar på Stortinget.

Venstre har ein del standpunkt som eg er samd i. For meg er likevel Venstre eit parti som trur dei veit betre enn dei fleste andre. Det verkar på meg som folk i Venstre meiner at deira meiningar er meir verdt enn meiningane til oss andre. Venstre er blitt eit parti det er lett å ikkje like.

Då Venstre i fjor vår braut tingingane om jordbruksoppgjeret med dei andre opposisjonspartia for å sikre fleirtal for ei løysing med Høgre og Frp så kjende eg verkeleg på dette. Eg opplevde eit parti som korkje visste kva dei ville eller var til å stole på. No er det Høgre og Framstegspartiet som skal kjenne på dette.

Eg har likevel ei viss forståing for at Venstre har lyst å sitta i regjering. Dei vil få statsrådar og statssekretærar. Dei vil få tilgang til regjeringa si bilteneste utan å uroa seg for korkje bompengar eller drivstoffavgifter. Dei kan vera med på den daglege politikkutforminga i regjeringa.

Mi frykt er at Venstre vil bidra med meir distriktsfiendtlege løysingar. Kva vil til dømes skje med rovdyrpolitikken? Det har vore vanskeleg nok med Høgre og Frp, og no skal altså ulven sin fremste forsvarer i regjering. Då Venstre i 2013 sikra Frp plass i regjeringa, så vart det sagt at dei slapp «reven inn i hønsegarden». No slepp dei ulven inn.

Regjeringa har den siste stortingsperioden hatt ei rekkje sentraliserande reformer. Venstre har vore ein pådrivar for fleire av desse som til dømes regionreforma. På jordbruksfeltet kan eg nemne totalforbodet mot nydyrking av myr og motstanden mot at staten skal bidra til finansiering av klimatiltak.

Sjølv om eg forstår kvifor Venstre vil i regjering, så greier eg ikkje forstå kvifor Frp vil ha med Venstre. Med Venstre som støtteparti så har me opplevd ein kreativitet i nye avgifter som me her i landet ikkje har sett på tiår. Me har vidare sett at vegprosjekt i distrikta er ein kjærkomen plass for dei å kutte for å få budsjett til å henga i hop. Ingen i Frp kan vel tru at det vert mindre av slikt om Venstre kjem i regjering.

«Med Venstre som støtteparti så har me opplevd ein kreativitet i nye avgifter som me her i landet ikkje har sett på tiår.»

Annonse

Så skal ikkje eg uroe meg for mykje om korleis dette vil slå ut for Frp. Dei kjem truleg til å halde fram med å hevde at den upopulære delen av politikken ikkje er deira ansvar. Det skal bli spanande å sjå kor lenge ein slik strategi lukkast.

Eg har den siste perioden stilt ein del spørsmål til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen om utfordringar med vegbygging i Noreg. Då er hovudregelen at han skuldar på førre regjering og han plar og minne meg på at eg var statssekretær ein periode i samferdselsdepartementet.

Han og Frp vil ikkje ha noko av at me stiller han som samferdselsminister til ansvar for dei problema som er.. Han er ikkje like oppteken av å nemne førre regjering når han opnar vegar og jernbanestrekningar sett i gang av Senterpartiet. Ein slik strategi kan ikkje bera når me no er i år fem av regjeringstida.

Senterpartiet skal halde fram med å vera ei tydeleg røyst på Stortinget for å ta heile landet i bruk. Me skal snakke eit språk som folk flest forstår og me skal vise fram jordnære og praktiske politiske løysingar.

Senterpartiet skal vera det fremste partiet til å sikre fleirtal i saker der det er mogleg å ta politikken i vår retning. Me skal inngå kompromiss i nokre saker. Me skal sikre fleirtal for regjeringa i andre. Det avgjerande skal ikkje vera vårt tilhøve til regjeringa, slik det er for Hareide og KrF. For Senterpartiet skal det vera innhaldet i politikken som avgjer.

Det er nemleg ein ting eg diggar med ei ny regjering av Høgre, Framstegspartiet og Venstre: Dei har ikkje fleirtal i Stortinget.

Geir Pollestad er en av fem faste skribenter i Nationens spalte Fra Løvebakken. De andre fire er Lene Westgaard-Halle, Torgeir Knag Fylkesnes, Else-May Botten og Tore Storehaug.

Neste artikkel

Gryande opprør mot pelsdyravvikling i Høgre