Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

La oss halde på annleisdagen

Den vanlege 7-åringen har 600 leikar og vi byter kjøleskåp dobbelt så ofte som for 30 år sidan. Treng vi søndagsopne butikkar?

Kan bli lov: Eit utval vil liberalisere regelverket kring søndagsopne butikkar. Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Midt i julestria kjem eit regjeringsoppnemnd utval med framlegg om å gje søndagshandelen meir plass. «Brustadbua» er foreslått utvida med 50 prosent, og fleire butikkar skal komme inn under denne kategorien

Denne saka har vore i bakhovudet mitt sidan nyhenda blei sloppen, heilt til då eg gjekk til optikaren min på laurdag. Utan å generalisere for mykje vil eg påstå at optikarar er blant dei trivelegaste folka ein finn på kjøpesenter. Medan han stod og hjelpte meg å justere brillene mine ville han småprate om søndagsopne butikkar.

«Veit du kor mykje vi selde for førre søndag»? (Alle butikkar på sentra i Førde må halde ope når det er lov før jul). «Oj, det veit eg ikkje ein gang om eg vil vite», svarte eg, og tenkte at talet måtte vere oppsiktsvekkande stort sidan han ville krangle med den lokale KrF-aren om det. «280 kroner», røpte han.

Etter at det regjeringsoppnemnde utvalet overleverte rapporten sin til kulturminister Linda Hofstad Helleland har den blitt kritisert av mange. Blant dei som var i mindretal i utvalet og protesterte internt mot at utvalet gjekk for langt, er forbundsleiaren i Handel og Kontor, Trine Lise Sundnes. Ho har sagt at det er to grunnar til protesten.

For det første er dette ei stor liberalisering som vil ramme hovuddelen av norske butikkar, fordi ganske mange av dei er så små at dei vil hamne under eit generelt fritak for butikkar under 150 kvadratmeter. Vidare vil det derfor sette presedens for kven som vil jobbe. Fleire hundre tusen er tilsette i butikkar i Noreg. Å sleppe alle desse laus for arbeid på søndagar vil gje resultat som vi ikkje ønskjer.

Då kampen om søndagsopne butikkar rasa for fullt for to år sidan var beskjeden like tydeleg. I somme undersøkingar sa tre av fire nei til søndagsope. Kritikarane var mange, òg blant regjeringspartia sine veljarar. Dei tilsette i næringa sa nei, arbeidstakarorganisasjonane sa nei, småbutikkane sa nei og folket sa nei. Så kvifor kjem det her opp då?

Det vanlegaste argumentet som er nytta for liberaliseringar som denne dei siste åra, er eit rettferdsargument. «Viss dei får, kvifor skal ikkje dei andre då få» blir det sagt, anten det handlar om grensene for kva vi skal gjere med gryande menneskeliv, tiltaka i landbrukspolitikken eller reguleringa av handelen vår. Heller ikkje dette forslaget hindrar at politikarane må dra streken mellom ulike butikkar ein stad.

Men det sterkaste motargumentet er at likebehandling åleine kan ikkje vere argumentet som får vekt. Det handlar nemleg om ein heilskap, og kva retning politikken vil påverke denne heilskapen.

Vil endå ein dag med handel gje oss noko vi allereie ikkje har, eller vil vi miste annleisdagen i liberaliseringsiveren?"

Annonse

Kanskje er det i forståinga av verda vi lever i at eg og dei som vil liberalisere annleisdagen skil lag? Måten eg ser mi samtid på er farga av at eg veit at vi brukar langt over 50 milliardar kroner på julegåvehandelen, at den vanlege 7-åringen har 600 leikar og at vi byter kjøleskåp dobbelt så ofte som for 30 år sidan.

Samstundes får fleire og fleire born diagnosar som seier at dei har stress- eller åtferdsvanskar, etevanskar breier seg blant ungdommen og forbruket vårt er medskuldig i store miljøendringar som vil prege kommande generasjonar.

Lengre opningstider, meir handel, fleire opne kjøpesenter og meir blinkande reklamar har vorte svaret på spørsmåla i vår samtid. Men det er heller motsett. Det vi treng er sterkare fellesarenaar. Vi treng arenaar der det ikkje er lommeboka og kjøpeviljen som avgjer, men der engasjement og langvarige relasjonar får gro. Dette handlar så absolutt om korleis vi organiserer handelen vår.

Vi treng ikkje å liberalisere søndagshandelen. Spørsmålet eg vil at vi stiller oss er om endå ein dag med handel vil gje oss noko vi allereie ikkje har, eller om vi vil miste annleisdagen i liberaliseringsiveren.

Marknadsreglane og måten handelen er organisert på gjer at det er vanskeleg for småbutikkar å stå mot når vi som er folkevalde først slepper taumane, og då får det konsekvensar for korleis vi organiserer samfunnet vårt.

Likebehandling i søndagshandelen? Nei, det kommersielle presset i samfunnet vårt er allereie stort nok. Gje oss heller høve til å styrke fellesskapa våre, for det er dei som fyller liva våre med meining.

Tore Storehaug er ein av fem faste skribentar til Nationen si spalte Frå Løvebakken. Dei andre fire er Lene Westgaard-Halle, Geir Pollestad, Torgeir Knag Fylkesnes og Else-May Botten.

Neste artikkel

Ny regjering på plass onsdag