Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jon Georg Dale sitt testament

Er det opprykk å gå frå å ha ansvaret for matproduksjonen til å ha ansvaret for bomringane?

Jon Georg Dale er ikkje lengre landbruksminister. Han er blitt samferdselsminister. «Han skulle få større oppgåver» vart det sagt.

Det er oppsiktsvekkjande at det å gå frå å ha ansvaret for matproduksjonen i Noreg til å ha ansvar for å krevja inn bompengar er å rykkja opp.

Jon Georg Dale har vore ein tydeleg matminister. Han er liberalist og det har statsrådsgjerninga hans vore prega av.

Det er ikkje mi oppgåve å skryte av statsråden. Det har dei PR-avdelingar både i departementet og Stortinget som tek seg av. Eg vil likevel gje han ros for å ha vore ein kunnskapsrik statsråd som har teke ansvar for den politikken regjeringa har ført. Sånn, det får vera nok skryt.

Jordbruksmeldinga er truleg Dale sitt største nederlag i Stortinget. Han la fram ei melding der han mellom anna føreslo: Fjerna avløysartilskotet, gjera kostnadseffektiv matproduksjon til hovudmålet i jordbrukspolitikken og fjerna marknadsordninga for korn. Knapt nokre av dei mange framlegga til Dale fekk fleirtal. I staden la Stortinget ei rekke føringar for politikken – stikk i strid med Dale si vilje.

Eg vil gje Dale 3.-plassen i konkurransen «flest nederlag i Stortinget på ei gong.» Han er berre slått av tidlegare miljøvernminister Vidar Helgesen som fekk 0 stemmer for sine framlegg. Og sjølvsagt tidlegare fiskeriminister Per Sandberg som enda opp med å trekka heile stortingsmeldinga om «pliktsystemet».

Dale har òg på vesentlege punkt svikta landbruket: Då han gjekk med på å avvikla pelsdyrnæringa. Då han godtok å forby nydyrking av myr. Han har vore passiv i debatten om daglegvarekjedene si makt. I tillegg har Dale vore svak i rovdyrpolitikken. Eg meiner at jordbruket har latt han sleppa for lett unna med dette.

Annonse

Korleis kampen om jordbrukspolitikken verkar fekk me sjå godt i samband med tørka i år. Dale var veldig ivrig på å imøtekoma jordbruket på dei mindre regelverksendringane. Då kravet om økonomiske tiltak kom, fekk pipa ein anna lyd. Det var uaktuelt med ei krisepakke, var meldinga frå både statsministeren og landbruksministeren. Dei prøvde å selja ut auka utbetalingar med avlingsskade som ei «satsing» og dei kunne godta ei reforhandling. Den finta beit korkje journalistar eller bønder på.

Seks dagar som statsråd med svart regjeringsbil har alt gjort Hoksrud til ein forsvarer av systemet.

Etter dette kravde fyrst Senterpartiet og seinare Ap, SV og KrF eit «krisepakke» med friske pengar. Då hadde ikkje Erna Solberg og Dale noko anna val enn å gå med på det. Alternativet til krisepakke for bøndene hadde vore krise for regjeringa.

Sjølvsagt har òg Dale fått nokre gjennomslag. Han har fått kutta noko i talet på mjølkekvoteregionar. Han har fått gitt fleire tollfrie kvotar til EU. Han har fått liberalisert deler av konsesjonslova. Han har sett inn målretta tiltak for å svekka økonomien til mjølkebønder på Austlandet. Det ligg og makt i det å styra departementet i det daglege.

Dale snakka ofte om forenklingane han hadde fått gjennom. Desse trur eg særs få bønder har sett noko til. Regjeringa har ei liste over kva tiltak dei har gjennomført for å forenkla. Ingen tiltak frå landbruksministeren har ein målbar effekt som gjer at dei er på den lista.

Eg vil takke Dale for samarbeidet og debattane. No vil eg ynskja han lukke til med å ta over trona til fire års noregsmeister i bompengar. Eg trur at dette skiftet i det minste vil gjera at me får ein ærlegare debatt om samferdsel framover.

Bård Hoksrud er ny landbruksminister i Norge. Hoksrud har i heile si politiske karriere vore ein som har engasjert seg i den vanlege innbyggar sin kamp mot urimelege forhold i «systemet». Eg er difor skuffa over at Hoksrud mindre enn ei veke i sin nye jobb verkar å ha gløymd dette engasjementet.

Eg har levert eit skriftleg spørsmål om det urimelege i at ein bonde som søkte om produksjonstilskot nokre timar for seint vart straffa med eit kutt i tilskotet på 200.000 kroner. Eg har no fått svar frå Hoksrud. Seks dagar som statsråd med svart regjeringsbil har alt gjort Hoksrud til ein forsvarer av systemet. Han viste inga vilje til å finne ei løysing på saka. Det kunne han ha gjort om han hadde vilje til det.

Eit nytt stortingsår står framfor oss. Det kjem garantert ikkje til å verta kjedeleg. Og me har ikkje anna val enn å bretta opp ermene og fortsette kampen for norsk matproduksjon og norske bygder.

Neste artikkel

Nå handler det om ost