Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eit forsvar for kompromisset

Nyheitsbiletet dei siste vekene er prega av Trump og Putin, handel og internasjonalt samarbeid og eit sjeldan tørt sommarvær.

Uviklinga vi ser no er sensasjonell. Donald Trum uttalte at han såg på EU som ein fiende. Foto: Carolyn Kaster/AP/NTB scanpix

Fòrkrise, skogbrannar, handelskrig og internasjonale leiarar som flørtar med autoritære krefter viser at internasjonalt samarbeid har ein verdi. Det er på tide å framsnakke Norden, Europa og EØS.

Mormora mi er av den typen som alltid får med seg Dagsrevyen. Og alltid, alltid får ho derfor siste nytt om Trump. «Sidan før den amerikanske valkampen trur eg ikkje det har gått ein einaste dag utan at dei har oppdatert meg om kva den fyren har foretatt seg.», fortalte ho. Og eg trur jammen ho har rett. Både sittande og tidelegare presidentar i USA kan ikkje akkurat klage på mengda pressedekning dei har fått i Noreg.

Men dei siste vekene meiner eg denne dekninga har vore berettiga – for utviklinga vi ser no er sensasjonell. Vi er vande med eit verdsbilete der amerikanarar og europerar står saman. Saman for meir og betre handelsavtalar, saman om ein felles kulturarv, saman om demokratiet og saman om eit felles forsavar i NATO. Dette kan vi ikkje ta for gitt lenger.

Donald Trump uttalte at han såg på EU som ein fiende – på grunn av handelsbalansen mellom Europa og USA. Få dagar etter møtte Trump sin russiske motpart og dei to fann tonen godt. Så godt at Trump skal ha uttalt at han stolar like mykje på Putin som på si eiga etterretning i saka om russisk valinnblanding. Som i tilfellet med Kim Jong-un ser det ut som at Trump trivast best med autoritære statsleiarar.

Den kalde tonen mellom partnerane i Europa og Amerika toppar seg i handelskrigen som blir trappa opp. Dette får og følgjer for oss. Når EU og USA innfører toll stål og aluminium, risikerer vi at dette får følgjer for norske bedrifter og norske jobbar. Norsk næringsliv er nyskapande og følgjeleg eksporterar vi mykje. Kvar skal vi selje varene våra når verda sine to store økonomiar trappar opp kampen for å hindre nettopp slik handel over landegrensene?

EØS-avtalen er avtalen ingen ville ha, unntatt KrF og Trond Giske.

Ta til dømes Helle knivfabrikk frå min heimkommune. Frå 1930-talet har dei halt produksjonen gåande, og få har vel forklart bedrifta betre enn denne omtalen i Bergens tidene: «Her er ingen prangande skilt som vitnar om internasjonal braksuksess i USA, Canada, Tyskland og Sør-Afrika, men ei grå inngangsdør gøymd bakom eit hjørne.» Bedrifta går som aldri før, særleg fordi ein har ein internasjonal marknad å ha suksess på. Det er denne marknaden som no er under press.

Annonse

Nyheitene om at Noreg ikkje blir ramma av EU sine mottiltak er derfor både gledeleg og viktig. Grunnen til dette? EØS-avtalen. Sveits, som av fleire motstandarar av denne avtalen blir trekt fram som eit godt alternativ til EØS-avtalen, blir ikkje unntatt.

EØS-avtalen er jo sjølve definisjonen på eit kompromiss. Det er avtalen ingen ville ha, unntatt KrF og Trond Giske. Grunnen til at avtalen likevel har stått seg er at dei fleste meiner han er betre enn alternativet. Nei-sida ser at han i det minste sikrar sjølvstyre over penge-, landbruk og fiskepolitikk. Ja-sida ser at han i det minste sikrar deltaking i den indre marknaden.

Grunnen til at EØS ikkje berre er eit kompromiss som skal forsvarast men ein verdi i seg sjølv er at det er ein del av eit større bilete. Noreg har aldri vore seg sjølv nok. Eit større bilete av eit lite land som, med Lars Korvald sine ord, er «eit land i verda». Langs kysten av Noreg har ein alltid sett over havet – anten det gjaldt sal av fisk, den norske handelsflåten, sal av teknologi utvikla i Noreg eller konglomeratet av småbedrifter. Eit anna døme på det same er norsk misjons- og humanitærhistorie. Trass i at Noreg er eit lite land på kanten av kartet, har vi alltid kjent eit ansvar for andre delar av verda. Få gangar er det så viktig som i dag.

Fleire hevdar at Trump og andre politikarar som kjem frå velfungerande demokrati og går godt overeins med autoritære krefter er eit symptom på globalisering. Dei er eit symptom på at globaliseringa har blitt til gode for eit fåtal og at andre har blitt etterlatt. Når oppgåvedelinga og handelen går stadig meir på kryss og tvers, har hjørnesteinsbedrifter blitt utkonkurrert og vekst blitt ujamt fordelt. Utfordringa skal vi ta på alvor, utan å tru at svaret er å gå bort frå maktdeling og distribuering.

Svaret på dette bør ikkje vere handelskrig og forringing av det internasjonale samarbeidet. Svaret bør heller ligge i å ta vare på dei grunnleggande verdiane våre inn i denne samtida. Suksessen til småbedrifter som møbelbedriftene på Sunnmøre handla ein kultur der arbeid og fordeling var gode for alle. Det var ikkje ein kamp mot dei få kapitalistane – men heller ein kamp for å få fleire små kapitalistar. Det same gjeld måten Norsk misjons- og humanitærhistorie har sikra at vekst andre stadar i verda ikkje berre handlar om økonomisk vekst, men og vekst I velferd, helse og ånd.

Verda blir og globalisert i form av at vi har lettare for å hjelpe kvarandre når ulukkene rammar. I Noreg har merkar vi dette med forkrisa som etter alle solemerke vil måtte bety auka import av for. I Sverige merkar dei det i skogbrannane i måten det nordiske brannflysamarbeidet og andre europeiske land sine bidrag har hjelpt i ein ekstraordinær situasjon.

Nyheitsbiletet dei siste vekene manar til kamp for at samarbeidet vi er avhengige av må bli betre. Ikkje som eit race mot botnen basert på økonomisk vekst. Men på gjensidig ansvar for klimaarbeid, klimatilpassning og handel til gode for små og store lokalsamfunn. Vi har ein arv med oss som forpliktar oss til å ikkje ha nok med oss sjølv – men og jobbe for det felles beste for verda rundt oss. Det gjeld og den lettvinte kritikken mot europeisk samarbeid. Kompromiss er keisam. Som born lærerer vi at det kjedelege ofte er det fornuftige. Politikken er mest fornuftig når den er keisam.

Neste artikkel

Prioriter leirskulen