Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Debatt: Klar for jordbrukskamp

Jordbruksoppgjeret skal fremja fleirtalet sin politikk, skriv stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) i denne kronikken.

Skeptisk: Kronikøren trur Jon Georg Dale (t.h) kan freiste å auka inntektsgapet. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Det nærmar seg påske. Påsken gjer oss ulike assosiasjonar: Appelsin. Død og oppstandelse. Raudt klister.

Påsken er og eit teikn på at me snart er klar for jordbruksoppgjeret. Det er jordbrukspolitikken sin Eurovision, 5-mil og julekveld på ei gong. Eg er trygg på at det vert spanande i år og.

Sidan sist jordbruksoppgjer er det politiske fleirtalet endra. H, FrP og V har mista fleirtalet i Stortinget. Dei tre partia sin tilbakegang i valet syte for det. Det er difor eit meir landbruksvennleg fleirtal på Stortinget no enn før valet. Det gjev grunn til optimisme.

Så me kan jo håpe at Regjeringa les innstillinga til jordbruksmeldinga som Stortinget handsama våren 2017 og legg fram eit tilbod i tråd med dette. Så kan me sjå for oss nokre dagar med forhandlingar før ein avtale er klar. Då vil det vera lett for Stortinget å seia ja til det ferdige resultatet. Sånn kan det gå. Men eg har ei kjensle om at det ikkje vert slik.

Landbruksminister Dale har ei evne til å lese stortingstekstar på sin eigen kreative måte. Stortingsfleirtalet har sagt at ein skal redusera inntektsgapet mellom bønder og andre grupper. Dale ser ikkje at det har noko med at skilnaden på kva bonden tener i snitt og det andre tener i snitt skal reduserast.

Det er difor så bra at AP, SP, SV og KrF no har fleirtal i Stortinget. For desse partia var i fjor, både i ord og handling, heilt tydelege på at den kronemessige skilnaden mellom jordbruket og andre grupper skulle reduserast. Partia la fram eit felles opplegg for jordbruksoppgjeret som i kroner ville gje inntektsutvikling for bønder som for andre grupper. Viss ikkje AP, SV eller KrF er vorte mindre opptekne av bønder, så er det dette som gjeld og i år. Inntektsgapet skal reduserast.

Eg meiner at norsk matproduksjon har store moglegheiter. Løysinga er ikkje ytterlegare liberalisering og sentralisering. Løysinga er ein aktiv politikk som bygger opp under den norske jordbruksmodellen på lang sikt.

Kvar gong eg møter ei forsamling bønder så passer eg på å seie at me må halde flokken samla. Det vil seie at ein ikkje set grupper av bønder opp mot kvarandre. Då vil det nemleg gå gale for alle.

Eg opplever at dei aller fleste bønder ser dette. Me treng alle bøndene me har. Ei ytterlegare sentralisering og reduksjon i talet på bønder vil bety at stadig meir av ressursane vert liggande unytta. Og sjølv den største mjølkebonden på Jæren ser at melkepris på europeisk nivå betyr kroken på døra.

«Forhandlingsordninga er ikkje til for å få gjennom ein politikk det ikkje er fleirtal for.»

Annonse

Jordbruksoppgjeret handlar ikkje berre om bønder. Matproduksjon er samfunnssak og ikkje bondesak. Bonden greier nok alltid å bli mett. Jo høgare oppe i høghuset ein bur jo meir treng ein at matproduksjonen i landet fungerer.

Eg trur at norsk jordbruk må satse meir på å spreie informasjon til folk om korleis maten vert produsert i Noreg. Ein må gje eit ærleg og usminka bilete av korleis det er på gardane. Eg trur det godt tåler å koma ut.

I dag vert for mykje av røynda i jordbruket skildra av veganske dyrevernaktivistar. Bonden må ta attende definisjonsmakta over røynda.

Talet på bønder har gått ned over lang tid. Trass i dette er bonden framleis ein maktfaktor i samfunnet. Men verkeleg sterk vert bonden fyrst når heile jordbruksfamilien står samla og resten av distrikta stiller opp saman med bonden.

Eg gler meg til jordbruksoppgjeret i vår. Eg veit at jordbruket er godt førebudd til å leggja fram krav, forhandla og aksjonera om det vert naudsynt.

Om det vert brot, så vil me heilt sikkert også dette året få høyra frå parti som er mot forhandlingsordninga: «Endrar Stortinget på staten sitt tilbod så undergrev ein forhandlingsretten» Det er like lite sant i år som det var i 2014 og i 2017.

Det som er eit trugsmål mot forhandlingsordninga er at regjeringa ikkje tek omsyn til Stortinget sin vedtekne jordbrukspolitikk. Når dei ikkje gjer det så er det Stortinget si plikt til å gripa inn. Forhandlingsordninga er ikkje til for å få gjennom ein politikk det ikkje er fleirtal for.

Fram til forhandlingane startar får ein vera så naiv at ein trur at Dale og regjeringa har lært av tidlegare år. Eg kjenner eg ikkje er heilt overtydd.

Neste artikkel

Tre kan erstatte plast fra olje