Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Snubletrådar i kommunereforma

Utfordringane til kommunane og regjeringa stoppar ikkje med kommunereforma. Den robuste og forenkla kommunestrukturen regjeringa såg naudsynt let vente på seg, skriv Svein Frisvoll i Fagleg snakka.

Rotete reform: Den robuste og forenkla kommunestrukturen regjeringa og kommunalminister Jan Tore Sanner såg naudsynt, let vente på seg. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Måten kommunereforma har vorte gjennomført på, gir ei rekke utfordringar for regjeringa og kommunane. Det er erfaringane frå fleire forskingsprosjekt om kommunesektoren, som Ruralis – Institutt for rural- og regionalforsking, har gjennomført.

Den første erfaringa er av det openberre slaget: Forsøka på endre kommunestrukturen er ofte kontroversielle. Kommunane er det viktigaste forvaltningsnivået i kvardagsliva våre. Det er kommunane som er inngangsporten til dei generelle velferdstenestene alle nyttar: barnehage, grunnskule, generell eldreomsorg, legevakt og fastlege. Endringar her kan gjere kvardagen vanskelegare.

Men òg når det gjeld korleis lokalsamfunna me bur i skal utvikle seg, er kommunen sentral. Føringar for arealdisponering og ønska samfunnsutvikling kjem i kommuneplanen. Strukturreformer vert òg kontroversielle fordi dei kan rokke ved den geografiske maktbalansen: Det er i lokalpolitikken fellesskapsressursar blir fordelte mellom dei ulike lokalsamfunna i kommunen.

I tillegg er kommunane det viktigaste forvaltningsnivået for tenester som få av oss nyttar, men som er kritiske for dei som treng dei: barnevern, psykisk helsevern, sosialhjelp og som bindeledd mellom spesialisthelsetenesta og allmennomsorga. Det er ofte hjå desse tenestene ein finn dei sterkaste argumenta for samanslåing.

Ei anna erfaring er at kommunereforma vart for stor for lokalpolitikken. Det er særleg to tilhøve bakom denne erfaringa. For det første vart hastverket reforma skulle gjennomførast i, øydeleggjande i kommunar kor det var lokalt fleirtal for samanslåing, men politisk usemje om samanslåingsretning.

Tidsplanen vart til hinder for at ein fekk nytte dei demokratiske verkemidla som kunne løyse fastlåste posisjonar i kommunestyret (kommuneval). I desse kommunane gir mange uttrykk for at dei ynskte seg hjelp frå Stortinget til å fatte vedtaket.

For det andre ser ein i mange storbyregionar at kommunal eigeinteresse har trumfa storsamfunnet si interesse, i alle fall slik ho kjem til uttrykk hjå ekspertutvalet til kommunalminister Jan Tore Sanner.

Reforma var eit høve til å få til kommunale einingar som gav eit heilskapleg blikk på samfunnsutviklinga i byregionar kor kommunestrukturen stikk kjeppar i hjula for ei heilskapleg planlegging – noko som er ein føresetnad for å handtere utfordringar som jordvern, berekraftig transportavvikling, klimatilpassa busetjingsstruktur og gode lokalsamfunn med varierte bukvalitetar.

Men lokalt opplevde ikkje kommunane rundt storbyane at innbyggjarane kom betre ut av det om ein gjekk inn i ei samanslåing. No må storsamfunnet sette lit til fylkeskommunane si planmynde (som er svak) og byutviklingsavtalar for å sikre framtidig berekraft i desse storbyregionane.

Annonse

Ei tredje erfaring er at reformprosessen vart rotete i ein del kommunar. Dette handlar om at kommunane hadde fleire ulike og kryssande samanslåingsalternativ på ein gong. Kva kommunar som var med i samanslåingsalternativa endra seg etter kvart som reforma drog seg til. Kva kommunar som stod att som samanslåingspartnar kunne vere uklart når folk gjekk til stemmeurna.

At prosessen var rotete i mange kommunar handlar nok òg om at regjeringa endra inntektssystemet undervegs. Der det på eit tidspunkt såg ut som kommunen hadde økonomi til å halde fram som før, markerte regjeringa at å satse på framleis småkommunetilskot, var eit usikkert kort.

I nokre kommunar blir det peikt på at den nasjonale sverdkampen om reforma forkludra den lokale prosessen. Dei lokale utgreiingane og dei konkrete utfordringane som utgreiingane dokumenterte, kom i andre rekkje.

Ei fjerde erfaring er at kommunereforma set spor der det ikkje vart samanslåingar. Interkommunale samarbeid vert ikkje nødvendigvis det same etter reforma. Nokre av kommunane i våre prosjekt gjorde vedtak om å stå aleine med å vise til fortsatt samarbeid med nabokommunane.

Men fleire av kommunane rundt desse samarbeidsavhengige kommunane peika på at etter reforma måtte dei byggje ny kommune i staden for å samarbeide. Andre ville skru opp prisen eller byggje ned politiske samarbeidsstrukturar og gjere samarbeida om til reine kjøp og sal av tenester.

Utfordringane til kommunane og regjeringa stoppar ikkje med kommunereforma. Mange kommunar finn seg i ei ny kommunal verkelegheit, sjølv om dei ikkje gjorde endringar i eigen kommune. I nokre må mistru og sår lækjast. Den robuste og forenkla kommunestrukturen regjeringa såg naudsynt let vente på seg.

Så spørst det kva neste fase blir, no når kommunane har mørna.

Kvar veke skriv Ragna Kronstad, Øystein Heggdal og forskarar ved Veterinærinstituttet og Ruralis i Nationen si spalte Faglig snakka. Svein Frisvoll er ein av fleire skribenter frå Ruralis.

Neste artikkel

Tapt sak for Høyre