Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kor kjem dette hatet mot sauebøndene frå?

Vi veit for lite om sauebondens psykososiale helse. Er det fordi forskarane er konfliktskye og vil unngå mediestyr? spør Reidar Almås.

Rovdyrtap: Vi veit lite om kva psykososiale verknader rovdyrangrep på beitedyr har for sauebøndene, skriv Reidar Almås. Foto: Mariann Tvete

Denne våren har streifulv løfta ulvedebatten opp i medias prioritering. Sjølv desken i VG har vakna, og da er det alvor. Ulven (ane), som har tatt livet av over hundre sauer utanfor ulvesona i Akershus og Oppland, har også pressa fram ei ny problemstilling: Korleis påverkar rovdyrangrep i beiteområda den psykososiale helsa hos bønder som driv dyrehald i randsona til rovdyrområda?

Når beitedyra forsvinn frå ulvesona, følgjer streifulv etter på leiting etter make for å skaffe seg revir. Det er ulvens natur. Der Stortinget har bestemt at det skal vera rovdyr, er det ingen som har beitedyr i utmark lenger, det kunne eg sjå med sjølvsyn på ein ferietur i ulveland for to år sidan. Vi har denne våren høyrt sterke vitnemål frå sauebønder som har fått sauene sine rivne i hel av ulv.

Sauehaldar Eirin Rauø skreiv i kronikken «Ulven sett frå sauegarden» i Klassekampen 13. juni: «Ulveangrep har mange seinskader, både for sauene og bøndene. Det er tragisk å sjå dyr eg har stelt med og snakka med frå dei var fødd, ligge ihelrivne. Det er tungt å ikkje kunne drikke vatn av ein fjellbekk fordi det kan ligge eit kadaver 100 meter lenger oppe. Det er tøft å fiske opp kadaver frå vatna på heia. Det er hardt å sjå søya gå og leite etter lamma sine, og det skjer meg i hjartet å sjå lamma rope på mor».

Marianne Dolpen, ein annan sauebonde, fortel i eit innlegg Adresseavisen 16. juni om korleis tårene pressa på når ho las kommentarfelta til artiklar om rovdyrangrepa i VG. Her kom det skuldingar mot henne og hennar kollegaer i sauenæringa om at dei er ein klamp om foten på storsamfunnet. Dei er «late dyremishandlere som gir blaffen i dyra sine. De ligger på sofaen og høster subsidier og rovdyrerstatning, i stedet for å gjete sauer og verne dem mot rovdyr. Jeg er sauens verste fiende, faunakriminell og lavpannet. Skuddpremie burde det være på meg».

Kor kjem dette hatet mot sauebøndene frå? Hatet, som går så klart fram av eit innlegg frå Berit Helberg i «Foreningen Våre Rovdyr» i Klassekampen 14. juni; «Har ikke dette gått langt nok nå? Ikke bare med tanke på sauebøndenes innbitte trang til å bite seg fast i subsidiene og tradisjonene, men også fra politikernes og medienes side.[…som] gir flat beng i de vanvittige tallene[...]».

Så korleis er det med den psykososiale helsa hos rovdyrutsette bønder oppe i alt dette? Det veit vi lite om, i alle fall ifrå forskarhald. I mange år har det vore bruka store millionbeløp på naturvitskapeleg ulveforsking i Norge. Forskarane og media nesten fotfølgjer desse rundt hundre individa frå dag til dag, og det kostar ikkje lite å vite «alt» om den norske ulven. Til erstatning og førebyggande tiltak har det gått milliardar. Kostbar «kar» den norske ulven.

«Kva veit vi om korleis sauebonden har det når ho får dyra sine drepne og lemlesta av ulv eller andre rovdyr?»

Annonse

Kor er samfunnsforskinga om dei psykososiale verknadene for sauebonden som er utsett for rovdyrangrep på beitedyra sine? Kva skjer med lokalsamfunna som er plaga med ulv? Her har dei som finansierer forsking, forskarane sjølve og media forsømt seg. Kvifor er det så godt som inga samfunnsforsking om sauebondens helse, miljø og sikkerheit i Norge?

Kan det vera at forskarane er konfliktskye og helst vil unngå mediestyr? Kanskje legg dei fleste samfunnsforskarane meir vekt på «urbane» verdiar, og ikkje likar å bli sette i bås med folk med typiske «bygdeverdiar» som ressursutnytting? Eller er det slik at i og med at det er relativt få som blir direkte råka av rovdyrplaga, så rekk ikkje samfunnets omsut til når forskingspengane skal fordelast? Eg kjenner sjølv eit ansvar her.

Dette kan ikkje vare ved. Norsk senter for bygdeforsking vil no løfte fram problemstillinga om korleis det psykososiale arbeidsmiljøet til sauebøndene og bygdemiljøet reint generelt blir påverka av at jaktande rovdyr breier seg til stadig fleire område av landet. Kva veit vi om korleis sauebonden har det når ho får dyra sine drepne og lemlesta av ulv eller andre rovdyr? Korleis er det med HMS hos den rovdyrutsette bondefamilien? Korleis går det med bygdemiljøet i rovdyrsona? Her bør dei som styrer midlane til forsking finne pengar raskt.

«Jeg kjenner fortsatt en stor sorg over at vi måtte slutte med sau», seier fylkesleiar Borgny Kjølstad Grande i Nord-Trøndelag Bondelag til Bondebladet 24. mai. «Jeg har kjent veldig på maktesløsheten. Du føler deg liten når du må kjempe mot storsamfunnet for ditt eget levebrød».

Veit storsamfunnet kva som skjer med desse bondefamiliane som betaler prisen for at Norge skal vera flinkaste guten i miljøklassa?

Neste artikkel

Med rettetast og viskelær i landskapet