EU-ambassadør meiner Noreg må forsøke å eksportere landbruksvarer før dette blir bruka som argument mot liberalisert handel.

21.02.2009 03:00
Nationen skreiv torsdag at importen av landbruksvarer frå EU har eksplodert dei siste åra, medan handelen den andre vegen har stagnert.

Percy Westerlund, EUs ambassadør i Noreg, reagerer på at dette er noko som skal tale imot å senke tollmurane.

–Europa utgjer ein stor marknad for til dømes nisjemat og økologisk mat, som folk er villige til å betale mykje pengar for. Noreg har mange gode landbruksvarer å tilby, men gjer veldig lite for å auke eksporten. Det er ei uvanleg passiv haldning når norske styremakter hevdar at berre EU vil ha fordel av meir opne grenser, seier Westerlund.

Nye forhandlingar

Første veka i mars skal EU og Noreg i nye forhandlingar om å liberalisere handelen med landbruksvarer.

–I EØS-avtalen står det at Noreg og EU skal gjennomgå handelsvilkåra for landbruksvarer annankvart år, med sikte på ei gradvis liberalisering. På 15 år har forhandlingane ført til eit resultat ein gong, i 2004, og det var i tillegg eit dårleg resultat, fortel Westerlund.

–Likevel har EU dobla eksporten av landbruksvarer til Noreg på åtte år?

–Men dette har ingen ting med EØS-avtalen å gjere. Dette skuldast at Noreg har blitt mindre sjølvforsynt med til dømes storfekjøtt. Samstundes har folk fått betre råd og har blitt meir internasjonalt orienterte i matvegen, svarar EU-ambassadøren.

–Sjå til Finland

EØS-avtalen har som intensjon at handelen med landbruksvarer skal liberaliserast, men berre om dette er til fordel for både Noreg og EU.

–Den store forskjellen i råvareprisar som er no, tilseier vel at EU har alt å vinne på ei liberalisering, medan Noreg og norsk landbruk har alt å tape?

–Prisnivået er klart eit hinder for Noreg, og det er vanskeleg å tenke seg ein eksakt balanse mellom norsk import og norsk eksport av landbruksvarer. Mitt poeng er at det trass alt finst muligheiter. Sjå berre på Finland, som har fått til ein betydeleg eksport av meierivarer og egg til Sverige, seier Westerlund.

Les også: Meir tollvern i EU enn i Noreg

–Eg må leggje til at EU ikkje er ute etter å innføre total frihandel. Det er tale om å ta nokre steg i rett retning;ikkje å fjerne, men reduser handelshindringane.

Høg toll og lite toll

Landbrukets utredningskontor kom sist veke med ein rapport som oppsiktsvekkande konkluderer med at EU har eit strengare grensevern enn Noreg. I rapporten har forskar Torbjørn Tufte teke utgangspunkt i talet på vareliner med og utan toll. For landbruksvarer har EU toll på 70 prosent av varelinene, mot toll på berre 54 prosent i Noreg, kjem det fram.

–Dette blir totalt misvisande, fortel Westerlund.

Les også: Mindre norsk - meir utenlandsk

–Det som betyr noko er kor høg tollen er. For alle landbruksvarer har EU i gjennomsnitt 15 prosent toll. Noreg har tilsvarande 57,8 prosent toll, for alt sett under eitt. Forskaren Tufte legg i staden vekt på at Noreg ikkje har toll på vareliner som bananar, appelsinar og sukker. Det blir for meg litt spesielt.

Emneord
Les også