Venstre-leiar lars Sponheim har landa i EU-spørsmålet.

11.02.2009 07:36
Kor Venstre skal plasere seg i EU-spørsmålet blir ein av dei store sakene på partiet sitt landsmøte i Stavanger i slutten av april. No har leiaren bestemt seg, men held hemmeleg kva han vil gå inn for:

–Jeg vet hva jeg skal si på landsmøtet i slutten av april. Mer får du ikke ut av meg, sier partilederen til Bergens Tidende.

Fram til no har Sponheim vore ein moderat nei-mann, men har ikke lagt skjul på at han er på gli.

Fleirtalet i programkomiteen går inn for norsk EU-medlemskap, medan eit mindretal meiner Norge vil vere best tent med EØS-avtala, ifølgje NTB.

EU-spørsmålet vart sist handsama i Venstre på landsmøtet i 2005. Då vann nei-sida med knapp margin.

Emneord
Les også