FÅR KRITIKK: Utenriksminister Jonas Gahr Støre (tv.) og landbruksminister Lars Peder Brekk høster kritikk frå grasrota i Senterpartiet. Foto: Thomas Vermes

Sp-opprør mot WTO-støtte

Grasrota i Senterpartiet er opprørt over at regjeringa er i ferd med å godta store tollkutt som kan rasere landbruket.

Siste mening

BILDESERIER

Budeiekalender'n 2010

Lys i Jostedalen

Bondepiker fra Trøndelag

Småbrukeridyll

Bjarne Bekkeheien Aase

Publisert 28.07.2008 kl 07:32 Oppdatert 28.07.2008 kl 08:29

Tips en venn på e-post:

Avstemning: Bør regjeringa godta WTO-forslaget?

Bør regjeringa godta WTO-forslaget?

Ja
Nei
Veit ikkje

Din stemme er registrert

Avsluttet

Antall stemmer: 1800

WTO-tog i Oslo

Ei rekkje fylkesleiarar i Senterpartiet er djupt frustrerte og fortvila over at deira eiga regjering går god for stormaktenes tollkutt-forslag. Tollkutt som Sp-grasrota er fast overbevist om vil ramme landbruket knallhardt. Mange uttrykker også at dei er overraska over at regjeringa på kort tid tilsynelatande har endra ståstad, og at motstanden mot forslaga har vore alt for svak. Det kom fram under Nationens ringerunde til Sps fylkesleiarar.

Leiar i Nordland Sp, Johan Petter Røssvoll, krev ei forklaring.

Les også: Fortsatt ingen avklaring i Genève

– Eg er svært overraska over det som skjer. Det verkar som om Norge på kort tid har skifta posisjon, og eg kan ikkje sjå at det har skjedd noko nytt som har gjort det lettare å godta ein avtale nå. Dette må Brekk ha ei veldig god forklaring på, seier Røssvoll, som understrekar at Sps landbruksminister må ha veldig gode argument på hand for å få hans støtte.

Sterk bekymring

Røssvoll fryktar som veldig mange andre av Sps fylkesleiarar at store tollkutt på landbruksvarer ikkje berre vil ramme norske bønder, men også vere ei ulukke for fattige bønder og land i sør.

– Eg er verkeleg bekymra for utslaga dette kan få. Tollkutt vil vere negativt både med tanke på miljø, klima og den globale matvaresituasjonen, og eg har inga tru på at det er til hjelp for fattige land i sør, seier Røssvoll og meiner det er andre forhold som skaper problem for ulanda enn tollsatsar.

Han er langt på veg einig med Bondelaget i at konsekvensane for landbruket kan bli enorme, og han er skuffa over at regjeringa har uttrykt liten WTO-motstand.

– Akkurat det er eg svært overraska over. Eg kan ikkje forstå at det skal vere så mykje enklare å tiltre ein WTO-avtale nå enn før, skyt han inn.

Leiar i Vest-Agder Sp, Sigmund Oksefjell, fryktar småskalalandbruket skal bli heilt utradert. Han er einig med partifelle Per Olaf Lundteigen, som laurdag gjekk ut og kritiserte manglande WTO-motstand frå norske styresmakter. Oksefjell peiker på at det sit fleire parti i regjeringa enn Senterpartiet, og han meiner det kviler eit tungt ansvar på politikarane som går god for ein WTO-avtale.

– Politikarane må vere sitt ansvar bevisst, elles går dette steingalt. Stemmer dei ja til ein avtale må dei også sørge for at landbruket får tapet kompensert på andre måtar. Viss ikkje må dei klart stemme nei, seier Oksefjell.

– Må vurdere eit nei

Også frå landbruksfylka Hedmark og Oppland kjem sterk kritikk mot signala frå WTO-toppmøte. Arnfinn Nergård, leiar i Hedmark Sp, meiner den samla matproduksjonen i verda ville vere best tent med eit anna handelsregime enn den WTO-forslaget legg opp til.

– Det er dei rike landa og dei multinasjonale konserna som styrer showet, og store tollkutt er heilt feil veg å gå. Norske styresmakter bør ikkje gje etter, seier Nergård, som meiner eit kvart land har både rett og plikt til å produsere mat til si eiga befolkning.

Han let seg også provosere av uttalen om at ein ikkje kan setje osteklokka over landbruket, som landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) kom med i Nationen fredag.

– Enkelte har sagt det same i 40-50 år, men det går ikkje å omstille seg heilt til heile landbruket er lagt ned. Inntekta i landbruket er jo alt på dumpingnivå, seier Nergård.

Ivar Odnes, leiar i Oppland Sp, fryktar for distriktsjordbruket.

– Eg er svært spent på korleis landbruksministeren kan forsvare så store tollkutt. Blir dette så gale som mange trur bør vi vurdere å la vere å støtte ein WTO-avtale, seier Odnes, som føler seg litt tatt på senga og sit att med ei kjensle av at regjeringa støtter for lett opp under linja til stormaktene på WTO-møte.

Støtte frå heimfylke

Mange av fylkesleiarane Nationen kom i kontakt med gav uttrykk for at dei tykte saka var svært vanskeleg og komplisert å ta stilling til. Ann-Kristin Sørvik, fylkesleiar i Møre og Romsdal, føler seg trass dette trygg på at WTO-saka blir handtert på beste måte.

Leiar i Sør-Trøndelag Sp, Jon P. Husby, føler derimot seg svært lite bekvem med stoda. Han fryktar at den norske utgangsposisjonen i forhandlingane har vore for liberal, og han meiner Sp må vurdere å seie nei.

Ole Tronstad i landbruksminister Lars Peder Brekks heimfylke, Nord-Trøndelag, er den einaste av Sps fylkesleiarar på Nationens ringerunde som trur avtalen kan bli brukbar.

– Dersom vi klarer verne 70-80 prosent av matproduksjonen, slik Brekk uttaler, så treng ikkje dette bli så uhaldbart. Alle må sjå at Norge er avhengige av å seie ja til ein WTO-avtale, og dagens regjering garanterer for kompensasjon. Ei utsetjing vil berre forskyve problema, seier han.

Nortura har kuttet 1100 vareslag

Næring 1. august i fjor hadde Nortura 2400 produkter på markedet. Nå er det 1300 igjen. Les mer

Svineinfluensaen kostet mindre enn fryktet

Landbruk Norske bønder tapte langt mindre enn først fryktet på svineinfluensaen, viser forsikringsutbetalinger. Les mer

Ny oksesæd vekker oppsikt

Landbruk En norsk oppfinnelse som gjør at vital og utholdende oksesæd frigjøres i dagevis inne i kua, vil gjøre hverdagen enklere for millioner av bønder verden over. Les mer

Trekker lollosalat som kan gi magesjau

Landbruk Norovirus som kan gi smittsom magesyke er igjen funnet i lollosalat fra Frankrike. Les mer

Sp vil diskutere SVs gaupeutspill

Rovdyr SVs kutt i gaupejakta blir tema i Sp-ledelsen. – Jo flere gauper, jo større brudd på regjeringens politikk, sier Erling Sande. Les mer

MEST LEST AKKURAT NÅ

MEST SETT AKKURAT NÅ

VEIVISEREN

Finn veien

Trenger du hjelp til å finne fram? Bruk vår veiviser!

Beregn kjørerute

Mobilmoro

Været
  i dag i morgen
Oslo   -3.4°   -5.8°
Bergen   0.1°   -0.2°
Trondheim   -1.5°   -2.7°
Stavanger   -0.5°   -2.4°
Lom   -5.9°   -5.4°
Oppdal   -6.4°   -6.1°
Røros   -7.9°   -9.6°
Jølster   -3.7°   -3.1°
Karmøy   0.3°   -1.5°
Bryne   -0.9°   -3.0°
Gvarv   -3.3°   -4.7°
Stokke   -3.0°   -5.3°
Rakkestad   -5.2°   -7.6°
Fagernes   -6.4°   -8.0°
Stange   -4.9°   -9.1°
Snåsa   -7.2°   -6.8°
Beiarn   -9.0°   -5.0°
Bardu   -10.2°   -6.7°
Alta   -11.0°   -11.9°

PDF OG MOBIL

Nationen på mobil

nationen.no som startside på mobilen! Send NATM til 2005.

Nationen

Schweigaards gate 34
Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo
Tlf.: 21 31 00 00
Fax: 21 31 00 90

Tips Nationen

Tlf. 21 31 00 67 / 21 31 00 25
SMS: Kodeord NATTIPS til 2005
Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Webredaksjonen

Sjefredaktør: Mari Velsand
Konstituert nyhetsredaktør / nettansvarlig:
Pernille Huseby
Webjournalister:
Lars Johan Wiker
Janne Grete Aspen
Bjarne Bekkeheien Aase
Sigbjørn Høidalen

Annonseavdelingen:

Markedsansvarlig internett:
Hans Jørgen Zambrano
Tlf.: 21 31 00 73 / 480 27 310
Fax: 21 31 00 91

Redaktøransvar