Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Smørpris kan gi croissantkrise i Frankrike

Franske bakarar fryktar at bransjen er trua fordi smørprisane er blitt så høge.

Foto: Audun Braastad

Det franske bakeriforbundet slår alarm, og seier at auken i smørprisane sluker gevinsten dei har fått ved salet av fleire populære bakevarer, blant anna croissanten.

Smørprisane i Frankrike har i år auka med så mykje som 92 prosent fram til mai, ifølgje Fabien Castanier, generalsekretær i bakarforbundet, og no fryktar han for framtida til bransjen.

– Ut frå noverande pris er den samanlagde ekstrautgifta på årsbasis rundt 68 millionar euro for produsentar av kjeks og kaker, seier Castanier til det franske nyheitsbyrået AFP.

– Dessverre kjem situasjonen også til å forverrast dei neste vekene. Det er ein risiko for at det blir heilt tomt for smør, legg han til.

Ein av konsekvensane kan bli at prisane for dei velkjente franske bakverka croissantar, terter og brioche vil stige drastisk, åtvarar bakeria.

Annonse

Mjølkeprodusentane i Frankrike har gitt to forklaringar, ifølge Eater.com.

Den eine er at prisen på mjølkepulver har stupt sidan mjølkekvotar vart avskaffa, så det produserast mindre. Smørproduksjonen avheng av tilgjengeleg mjølkefett som eit biprodukt etter omdanninga til mjølkepulver.

I tillegg får klimaendringar ein del av skulda, sidan fekk kyrne til å skape mjølk med mindre feittinnhald.

Neste artikkel

EU skyver viktige beslutninger foran seg