Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nytt EU-direktiv: Alle må testast i tunnel

Frå 2016 må alle som vil ta førarkort testkøyre i tunnel. Det er følgjene av eit nytt EU-direktiv.

Eva Aalberg Undheim
Publisert: 11.12.14 17:07 | Oppdatert: 13.12.14 21:24

Eit EU-direktiv som fredag vert teke inn i EØS-avtalen set krav om tunnelkøyring under oppkøyring for dei som vil ta førarkort. Kravet gjeld for førarkort av alle klassar og kjem til å trø i kraft i Noreg frå 1. januar 2016. Det seier seksjonssjef Dag Terje Langnes i Vegdirektoratet.

Tunnelkøyring er i dag ein formell del av førarprøven berre for dei som tek førarkort for tunge klassar, som buss og lastebil. For førarkort klasse B, som gjeld personbil, er temaet berre del av teoriprøven.

Framover skal tunnelkøyring inkluderast både i den teoretiske og den praktiske opplæringa og testinga. Det medfører truleg at opplæringa ved trafikkskulane må endrast noko, skriv Samferdsledepartementet i si vurdering.

Ingen tunnelar i nærleiken

Langnes seier retningslinene for førarprøven må oppdaterast, men at kravet om tunnelkøyring ikkje inneber store endringar i praksis.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Dei fleste stadene der det finst tunnelar køyrer ein innom dei under opplæringa allereie i dag, seier han.

Han understrekar at køyring i tunnel berre vert krav for oppkøyring i områda der det er mogleg å få til. Køyreskular som ligg langt frå tunnelar får unntak.

Må ikkje endre

Trafikkskolen Kirkenes, som har rundt 25 mil til næraste tunnel, er dermed blant dei som ikkje kjem til å måtte endre mykje på praksis.

– Det er ingen tunnelar her vi held til, så kravet kan ikkje gjelde oss. Det ville i tilfellet vore veldig vanskeleg å få til, seier køyrelærar Per Hågensen ved Trafikkskolen Kirkenes.

Unntatt

"Det er ingen tunnelar her vi held til, så kravet kan ikkje gjelde oss."

Vadsø Trafikkskole har sju mil til næraste tunnel, som går under sjøen til Vardø. Køyrelærar Magnar Korikorski ser føre seg at han kan leggje langkøyringsopplæringa om Vardøtunnelen for framtida, men at det vert umogleg å få til tunnelpassering i løpet av ein times førarprøve.

Strengare for dyreforsøk

Direktivet om førarkort er ein av 67 nye EU-reglar som fredag vert teke inn i EØS-avtalen. Eit anna av direktiva skjerpar inn reglane for bruk av dyr i vitskaplege forsøk. Direktivet set nye krav til forskarar, forsøksdyravdelingar, oppdrettsverksemd, Mattilsynet og departement i Noreg.

Med dei 67 nye EU-reglane er det til saman innført 627 EU-reglar i EØS-avtalen i løpet av 2014. Det er det nest høgste talet nye EU-reglar på eitt år sidan EØS-avtalen tok til å gjelde. Talet har ikkje vore høgare sidan 1999, då EUs veterinærpakke vart innført.

Les også: Noreg innfører EU-regel nummer 10.000.

Samstundes er talet EU-reglar som står på vent for å ta til å gjelde i Noreg redusert med 30 prosent det siste halvåret, til 400 stykk.

EU- og EØS-minister Vidar Helgesen (H) seier mykje av reduksjonen skuldast politisk prioritering og innsats.

– Vi har lagt inn mykje på å få talet ned. Vi har etablert nye prosedyrar, både i form av at vi i regjeringas europautval adresserer etterslepet med råka statsrådar, og at vi har forenkla og forsterka EØS-instruksen, sa han til Nationen tidlegare i haust.



Du må ha en Disqus-, Facebook-, Twitter- eller Google-konto for å debattere. Vis omtanke og hensyn. Debatten redigeres i ettertid. HER er oversikten over debattreglene.
comments powered by Disqus
Annonse
Annonse
Annonse