Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny generalsekretær i Nei til EU

Thomas Haug er tilsett som ny generalsekretær i organisasjonen Nei til EU. – Folket sitt nei til union må forsvarast kvar einaste dag, seier 31-åringen.

Thomas Haug er valt som ny generalsekretær i Nei til EU. Foto: Kristine Graneng.

Thomas Haug frå Stor-Elvdal i Hedmark har tidlegare efaring frå Senterungdommen og Senterpartiet, og han tar no ein master i statsvitenskap med fokus på internasjonal politikk ved NTNU.

– Folket sitt nei til union må forsvarast kvar einaste dag. Eg gler meg veldig til å ta fatt på jobben som generalsekretær og saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar og tillitsvalte jobbe for folkestyre og mot norsk EU-medlemskap, seier Haug.

Haug meiner organisasjonen framleis har ei viktig røst i Noreg, og at spørsmål knytta til norsk suverenitet stadig er aktuelt.

Annonse

– Nei til EU er ein solid organisasjon som dei siste månadane har vist at dei klarar å setje politisk dagsorden og løfte nødvendige debattar om Noreg sitt forhold til EU. Noreg si suverenitet utfordrast stadig gjennom tilpassing til EU-systemet og viser kvifor Nei til EU ein svært viktig organisasjon.

Leiaren i Nei til EU Kathrine Kleveland ser fram mot å jobbe med sin nye kollega, som tiltrer i stillinga frå august.

– Thomas Haug har solid organisasjonserfaring og organisasjonskunnskap som vi ser fram til å dra nytte av, og vi gler oss til å få han med på Nei til EU-laget, seier Kleveland.

Neste artikkel

Løser EU-medlemskap miljøproblemene?