Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nei til EU vil avgrense arbeidsinnvandring frå EØS

Nei til EU støttar SVs forslag om å avgrense EØS-innvandringa for å gjere plass til flyktningar. Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland, Ungdom mot EU og Venstres Odd Einar Dørum røysta alle imot.

Eva Aalberg Undheim
Publisert: 14.11.15 20:47 | Oppdatert: 17.11.15 09:50

42 personar røysta imot då landsmøtet i Nei til EU laurdag gjekk inn for å støtte SVs krav om å avgrense EØS-innvandringa til Noreg for å gjere plass til flyktningar. Fire personar avsto frå å røyste medan 107 personar røysta forslaget gjennom den tverrpolitiske organisasjonen.

«Nei til EU mener det ikkje kan være slik at det strammes inn på asylsøkeres rett til å søke asyl, som er avhengig av retten til å komme til landet vårt, mens det er fritt fram for flyt av arbeidskraft og tjenester innenfor EU og EØS» heiter det i fråsegna landsmøtet vedtok.

Les også: Dørum og Olaussen i oppheta debatt om arbeidsinnvandring hjå Nei til EU

Fråsegna seier også at Nei til EU er samde i forslaget SVs Kirsti Bergstø la fram på vegner av stortingsgruppa i SV nyleg – om å nytte den såkalla unntaksklausulen i EØS-avtalen, artikkel 12-114, og slik sjå arbeidsinnvandring og flyktningsituasjonen samla.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ungdom mot EU, som totalt hadde 16 landsmøtedelegatar, tok dissens då fråsegna vart lagt fram til avrøysting under landsmøtet.

- Svekkjer truverdet vårt

Ole Kvadsheim, som tok dissens på vegner av Ungdom mot EU, grunngav det med at flyktningpolitikk og arbeidslivspolitikk er to ulike politiske område og såleis bør handsamast som det. I tillegg synte han til at Nei til EU som ein solidaritetsorganisasjon ikkje bør falle arbeidsinnvandrarar frå EØS-området i ryggen.

- Dei som kjem hit for å jobbe, dei kan ikkje jamførast politisk med dei som kjem for å søkje vern. Å setje arbeidsinnvandring opp mot flyktningar vil i aller høgste grad svekkje truverdet vårt som ein organisasjon som prioriterer solidaritet med dei svakaste, sa Kvadsheim frå talarstolen på landsmøtet.

- Det andre poenget er at vi som solidaritetsorganisasjon er nøydde til å sparke oppover, ikkje nedover. Det er bemanningsbransjen og det er kyniske arbeidsgivarar som må takast, ikkje arbeidsinnvandrarane, sa han.

Profilerte folk imot

EØS-tilhengjar og rådsmedlem i Nei til EU, Odd Einar Dørum frå Venstre, uttrykte sterk motstand mot fråsegna då den vart teken opp på landsmøtet fredag kveld. Han var blant dei 44 personane som saman med Nei til EU røysta imot då forslaget vart vedteke. Det same gjorde Nei til EUs leiar Kathrine Kleveland.

Ho seier ho var usikker, men at ho let magekjensla styre kva ho røysta.

- Eg syns det handla om å setje to svake grupper opp mot kvarandre, og kjente at sjølv om eg veit at vi i prinsippet kunne brukt det unntaket i EØS-avtalen til å stogge arbeidsinnvandringa, så synest eg det er vanskeleg å setje det opp mot talet flyktningar. Det handlar ikkje om at eg ikkje ser at arbeidsinnvandring gjev oss sosial dumping og store problem, og eg vil jo seie opp Schengen og ha nasjonal grensekontroll, men akkurat her let eg magekjensla styre. Eg var usikker på om det var rett strategi å gjere det på den måten, seier ho til Nationen.

Innstramminga som bakgrunn

Boye Ullmann, som er fagleg leiar i Nei til EU og har bakgrunn frå Fellesforbundet og partiet Raudt, forsvarte fråsegna frå talarstolen. Han synte til at bakgrunnen for forslaget er misnøye med debatten om innstramming i asylpolitikken.

- Bakgrunnen for forslaget er jo såpass kontrastfullt og så paradoksalt at fordi det har kome om lag 220 000 arbeidsinnvandrarar til Noreg, så er det krise om det kjem 20-30.000 flyktningar. Dersom vi har høve til å regulere, altså at Noreg kan regulere både arbeidsinnvandringa og også flyktningane så kan ein faktisk gjere prioriteringar, sa Ullmann.

Fråsegna som har tittel «Skal det strammes inn for flyktninger men ikkje for arbeidsinnvandring?» syner til at det no vert reist forslag om innstramming for å unngå at så mange asylsøkjarar kjem til Noreg.

- Grunngjevinga er at Noreg ikkje maktar å busetje og integrere så mange. Dei siste åra har talet arbeidsinnvandrarar frå EU-land overskride sjølv dei største anslaga for kor mange asylsøkjarar som kan kome. Dei skal busetjast og integrerast. Det er også slik at det vert svært vanskeleg å få flyktningar inn i arbeidslivet dersom dei må konkurrere med underbetalte arbeidarar frå EU-land, heiter det i fråsegna.

Lagt fram av tidlegare leiar

Det var tidlegare Nei til EU-leiar Heming Olaussen, no representant for Vestfold Nei til EU, som la fram forslaget om at Nei til EU skulle støtte SVs forslag om å avgrense EØS-innvandringa for å gjere plass til flyktningar. Forslaget frå SV vart lagt fram tidlegare denne veka.

Arne Byrkjeflot, som er tidlegare LO-leiar i Trondheim og vara til styret i Nei til EU, var også med å utarbeide fråsegna som Nei til EU no har vedteke.



Du må ha en Disqus-, Facebook-, Twitter- eller Google-konto for å debattere. Vis omtanke og hensyn. Debatten redigeres i ettertid. HER er oversikten over debattreglene.
comments powered by Disqus
Annonse
Annonse
Annonse